Av og til vert ein skikkeleg glad berre av å lesa ein artikkel i HA. I dag las eg om motorsagkunstnaren Kenneth Ravn Ottesen som har byggd opp ein ”skulpturcamp” og fylt den opp med skulpturar som han har skapt med motorsaga.
Men
ved påsketider hadde nokon friskusar vore på raid i campen, gjort hærverk og tatt med seg skulpturar. Ottesen gjekk ut i avisa og ville ha skulpturane attende. Han var ikkje interessert i å annmelda nokon, berre få skulpturane
på plass att. Berre nokre dagar låg det tre utskårne stolar og eit sverd ved bommen inn til parken, men det mangla ei kule og ein tulipan. Ottesen var nøgd og meinte saken var øve.
Men så kom det ein telefon
frå ein av friskusane som ville møta han og verkeleg unnskylda . Ottesen seier han vart rørt og fekk gåsehud. På avtala tid møttes kunstnaren og 4 angrande friskusar . Dei drakk iskaffi og fekk ein hyggeleg prat.
Slik kan det og bør det gjerast. Ottesen er ein fine, tenkande fyr, og det er jaggu ungdommane også.
Det er så ein vert rørt og ein får gåsehud sjølv.