Blogg

Medan folk ferierar for harde livet rundt meg , driv eg på for harde mitt liv å klargjere seglaren, «Furie» , til vi skal segla vår siste tur til Øystese. Der er det eit ungt trivelig par som skal overta den 33 fots lange praktjenta.

Vi har hatt den i10år og den har utan å mukka frakta oss trygt rundt i det norske farvatn. Det unge trivelege paret dukka opp for ein 14dagars tid sia , såg, drog,og melde attende at denna båten passa dei.

Men..dei ville ha varmt vatn i båten, ikkje noko tull. Ikkje slik som noverande eigar som varma vatnet på danskebyssa, slo oppi eit fat og vaska seg på 1800 tals måten. Så det var berre å kjøpa inn bereder , delar og setja igong. Enkelt seier du? Tja ..hadde no delane vore enkle å få tak i så, eller kanskje det var ei planlegging som var under middels ?  No var det ikkje i går at denna karen siste gongen monterte noko tilsvarande…så det har kanskje vore litt treghet i systemet?   Og etter kvart som monteringa sakte men sikkert gjekk framøve så dukka det opp nye ting som skreik etter utbetring. Og det var berre å utbetra..inga bønn. Det unge trivelege paret skal få sleppa å gå oljete og med skitne fingrar..iallefall første året. For det veit alle båtfolk at skitne render under neglene og noken oljeflekkar på kleda er eit «must» i dei kretsane.

Så no skal det unge trivelege paret overta ein båt der nye olje flyt i ein god motor og friskt Etnevatn kjeme i kald og varme utgåve ut av armaturar i bysse og toalett.  Armaturar eller ,eller kaldt og varmt kranar, som kostar like mykje som dei vi har i våre oppussa bad heime. For billig er det ikkje , det å justera opp ein båt. Og det veit i alle fall alle båteigerar. Men alt for den gode sak ,som denna gongen er å ha nokolunde reine nevar når eit utøve det gode liv på sjøen.

5 på 9 ringte det på døra , i går kveld.  5 på 9.   5 min før 11 mann frå Sagaøya skulle knusa dei franske i kvarten.  Utafor sto ein hjelkledde scooterkøyrar som spurte om eg kunne snakka engelsk. Snakka engelsk ….5 min før undret skulle henda.   Det var så borti hampen at piggane kom fortare ut enn vanleg.  Joda eg kunne vel snakka engelsk men kva skulle han med det? Det gjorde jo ikkje saken betre at han hadde same hudfarge som 10 av dei 11 på det franske landslaget. Nei her var det ikkje rom for sarte opplegg.   Jaudå han starta med : «I’m a student» og eg skjelte på han og scooteren. Den åpningsreplikken hadde eg jo høyrt før..og eg glefste noko som «I’m not intrested».  Eg var jo sikker på at at han var poor med eit halvkunstnerisk innsikt og at han ville selja meg halvdårlege bilder med motiv frå Paris eller Seinen. For i Frankrike er det visstnok dei farga som spelar fotball på høgt plan og dei «kvite» malar halvdårlege bilder frå Paris eller Seinen..kanskje med ei blomstereng og to i bakgrunnen. Dette veit eg for eg har fleire slike bilder, kjøpt av fattige studentar hengande rundt om i huset.

Han kom jo ikkje lenger med meg , stakkar, og fekk eit teak ytredør slengd i fjeset. Eg såg at han trilla scooteren vidare til neste hus og ringde på med svinnande håp.  Eg angra meg litt men tenkte jo at menneske måtte jo læra seg litt om timeing, ikkje komma her når snøkvite islenningar skulle knusa mørke franskmenn.  Jo jo vi veit alle korleis det gjekk.

Det gjorde ikkje saka betre enn at den same dørselgaren saman med ein kompis smilte  imot meg i dag tidleg, frå side 11 i lokalavisa. Dei sto der attmed scooterane sine og fortalde at dei var frå Tanzania og selde bøker for det norske bokforlaget for å finansiera studiane.

Fader og , eg er jo glad i bøker og klart eg kunne kjøpt ei kokebok frå Afrika av han, som eg kunne dytta inn mellom dei 50 andre kokebøkene eg har.  Men eg får skulda på at tidspunktet og åpningsreplikken var elendig.  Aldri starta med «I,m a student» og i alle fall ikkje med «Can you speak english?»  Nei hadde han åpna med :» Hey I,m from the norske bokklubb» då hadde salet vore i boks og eg hadde hatt litt betre samvet no.  

På tide med eit nytt eldreopprør? 

Elin T.H. Berglund skriv om verdighet i våre siste år. Ho skriv at alle må ha adgang til einerom når vi ikkje klarar å ta vare på oss sjølv lenger. Og den tida kjem til oss alle. Berglund er ikkje noken kven som helst . Ho har bakgrunn frå eldreomsorga i Oslo som styrar og ifrå omlegging av eldreomsorga i Danmark . Ho veit kva ho snakkar og skriv om. Ho fortel om far hennar som 96åring vart lagt inn på dobbeltrom på alders og sjukeheim. Han var ein mann som sjølsagt hadde betalt skatt til felleskapet i alle år. No vart han flytta frå rom til rom. Vi kan jo berre tenka kva som hender med ein då.  Trivesel var i alle fall heilt fråverande.

I sitt lesarinnlegg på nettsida til HA skriv Berglund vidare at politikerane må tenka nytt. Mange av desse politikerane bur sannsyneleg i fine hus, og har kanskje ei hytte på fjellet eller ved sjøen. Desse menneskene er altså dei som skal bestemma at eldre ikkje skal få ha eit eige rom lenger. Men at dei må flytta inn til vildt framande menneske. Desse kan jo pga sjukdom, ha ein adferd som forstyrrar dag og natt. Og du treng ikkje ha høge IQ for å forstå at dette er heilt uholdbart nå du kanskje sjølv er svake og sårbare.

Ho skriv at Danskane har gått andre vegar . Dei har splitta opp bustad og tenestar.  Dei eldre betalar husleiga anten om dei bur i bustad eller er på sjukeheim og dei så betaler for tenestene. Rommet er den enkelte sin bustad og dei vert ikkje flytta rundt frå rom til rom. Og..dei kan bestemma sjølv om dei vil ha ein romkamerat eller ikkje. Ein sjølvsagt ting for ein som gjerna har vore i arbeid og betala skatt i alle år.

Magne B. Odland er ma. ein av dei som er einige med Berglund. Han håper at fleire engasjerer seg for dei eldre. Han fortel at dei er eit ektepar som er 91 og 88 år gamle og dei jo innser at dei treng hjelp og pleie. Han fortel at ekteparet er livredde for kva som kan henda. For vi veit jo kva som kan henda. Ekteparet kan jo verta splitta og sendt på kver sitt  tomannsrom med vilt framande menneske.

Dette er den «fantastiske» eldreomsorga i verdast rikaste land. Vi er kanskje rike på pengar ja..men ikkje på medmenneskelighet. Vi skal ikkje behøva å vera livredde i våre siste år.

Det klør såklart litt i ein "kastearm" no når laksefiske åpnar i Etne elva. Får trøsta meg med "forna dagar" då det verkeleg var laks i elvane.hærleg villaks.

No er det igong att. Hæren av tiggerar frå sydligare strøk har inntatt landet. Dei kjem i alleslags køyretøy, dumper av ein av her og ein av der. Mange er unge, arbeidsføre. Er det verkeleg ingen i verdsdelen som har bruk for dei, for arbeidskrafta deira? Vil dei arbeida for å få mat og klede til seg sjølv og brennstoff til bilane sine? Dei har køyrt forbi jordbæråkrar og andre stader som hadde trengt nevane deira. Dei har sikkert passert sherpaer frå Nepal som høgt der oppe lagar stiar  og trapper til oss turgåarar, og som sender pengane sine heim til hardt trengde landsbyar. Dei har passert byggplassar som sikkert hadde trengt hjelp. Men dei får jo ikkje arbeida seier dei, ingen vil ha dei. Spør dei då,  og står dei på om dei får ein sjangse ? Er dei komne til eit land som er så hardt knuga av HMS at folk ikkje kan leiga dei inn og finna eit malingspann og ein stige til ,dei om dei vil då.

Arbeid , om enn å mala ein husvegg her eller plukka nokre jordbær der må jo ver betre enn å siga ned framfor døra til Kiwi, eller Obs eller Mega . For så å ta på seg eit bedane blikk som er fyllt av svoltne ungar, med utsletne foreldre og besteforeldre..og så fram med plastkruset sitt..»Money Sir?

Noken drar fram ei bladbunke med Folk er Folk, andre drar fram trekkspelet og gjere ar vi(nokre av oss då) får eit ennå større hat til det instrumentet.

Før i tida hadde nok øvrigheita kome og dratt dei mildt i aksla og sagt at i dette landet er det ikkje lov med tigging. Men det var før det. Då var det stort sett folk med litt nasale og breie dialekter og raudlette nasar som spurte om dei kunne få nokre kroner til ein kopp kaffe eller til bussen heim. Desse siste er fortrengde av dei meir proffe som no råder grunnen . Og folk som selde vispar og slipte sakser ser vi aldri lenger.

Nå når denne hæren er på plass og no når dei møter større motvilje når pengene ikkje set så laust lenger, er det vel lett å ty til andre middel for å få tak i pengar. 

Banke på til einslege eldre, lura dei dei trill rundt og så forsvinna med lett omsettelege ting. Organiserer dei seg kan dei spana på hus og nabolag , gjera brekk som kostar dei det gjeld og samfunnet elles ufatteleg mykje. Påhengsmotorar, diesel, verkty , smykke er lett og omsetta. Politiet har jo ikkje tid til å etterforska, dei har meir enn nok med å finna dei som køyrer i 65 i 60sona og om å sjekka mopedar. Nei den norske verd og velstand ligge vidt open for slike, og har gjort det i årevis.

Vil så eit forbud mot tigging få slutt på slike ting? Heilt sikkert ikkje, men det vert betre om ikkje honningkrukka ligg vidt open.

Vi kan gå ut av EØS avtalane våre , gjenninnføra  grensekontroll for alle. Dette er ikkje noko tilbakeslag . Og det er fornuft i åvita (sånn nokolunde) kven som rullar innover grensene våre.

Vi yter ein ikkje ubetydelig del over skattesedelen  til desse landa der «Hæren» kjeme ifrå ,  og det må gjerne ytast meir fonuftig hjelp dit .  Ein må få lov til å vera så ærleg å sei at eg ikkje er glad i å gå «spissrot» mellom «Money Sir?» kver gong eg skal ned kjøpa 2liter mjølk på Extra.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.