Blogg

5 på 9 ringte det på døra , i går kveld.  5 på 9.   5 min før 11 mann frå Sagaøya skulle knusa dei franske i kvarten.  Utafor sto ein hjelkledde scooterkøyrar som spurte om eg kunne snakka engelsk. Snakka engelsk ….5 min før undret skulle henda.   Det var så borti hampen at piggane kom fortare ut enn vanleg.  Joda eg kunne vel snakka engelsk men kva skulle han med det? Det gjorde jo ikkje saken betre at han hadde same hudfarge som 10 av dei 11 på det franske landslaget. Nei her var det ikkje rom for sarte opplegg.   Jaudå han starta med : «I’m a student» og eg skjelte på han og scooteren. Den åpningsreplikken hadde eg jo høyrt før..og eg glefste noko som «I’m not intrested».  Eg var jo sikker på at at han var poor med eit halvkunstnerisk innsikt og at han ville selja meg halvdårlege bilder med motiv frå Paris eller Seinen. For i Frankrike er det visstnok dei farga som spelar fotball på høgt plan og dei «kvite» malar halvdårlege bilder frå Paris eller Seinen..kanskje med ei blomstereng og to i bakgrunnen. Dette veit eg for eg har fleire slike bilder, kjøpt av fattige studentar hengande rundt om i huset.

Han kom jo ikkje lenger med meg , stakkar, og fekk eit teak ytredør slengd i fjeset. Eg såg at han trilla scooteren vidare til neste hus og ringde på med svinnande håp.  Eg angra meg litt men tenkte jo at menneske måtte jo læra seg litt om timeing, ikkje komma her når snøkvite islenningar skulle knusa mørke franskmenn.  Jo jo vi veit alle korleis det gjekk.

Det gjorde ikkje saka betre enn at den same dørselgaren saman med ein kompis smilte  imot meg i dag tidleg, frå side 11 i lokalavisa. Dei sto der attmed scooterane sine og fortalde at dei var frå Tanzania og selde bøker for det norske bokforlaget for å finansiera studiane.

Fader og , eg er jo glad i bøker og klart eg kunne kjøpt ei kokebok frå Afrika av han, som eg kunne dytta inn mellom dei 50 andre kokebøkene eg har.  Men eg får skulda på at tidspunktet og åpningsreplikken var elendig.  Aldri starta med «I,m a student» og i alle fall ikkje med «Can you speak english?»  Nei hadde han åpna med :» Hey I,m from the norske bokklubb» då hadde salet vore i boks og eg hadde hatt litt betre samvet no.  

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.