Blogg

«Lenge sia me har høyrt frå og om han no.» sa Solfid. «Å»? svara eg. Det var sjølvsagt Per Sandberg ho meinte, populært kalla komiske Per.

Men det skulle ikkje gå lange tida før komiske Per kom på banen att. No utbasunerte han at det var rom til å utvida lakseoppdrett og anna snuskeoppdrett , heile 6 gonger. Tenk det 6gonger. Ein oppdrettsverd som står på så usikre miljøbein. Den skal dei altså lage 6 gonger til meir usikker. 

Solfrid og eg seilte sommaren 97 oppover kysten på Vestlandet. Vi måtte vera forsiktig for rundt kvar eit nes og inne i kvar eit sund var det oppdrettsmerar. Så vi snegla oss i spissrot oppover.

14 år seinare segla eg aleina både på vestland/trøndelag og nordlandskysten og antall oppdrett hadde stege enno noken hakk. No var dei vorten større med svære husbåtar liggande inntil merane..

Vi veit alle at dette er verd som opererar utafor alle reglar og ordningar. Rømmingane/medisinbruken /forsøplinga er skyhøge. Og dette vil komiske Per gange opp med 6.

Ok, då spinne jo tankane slik dei brukar..

Då vert det så fullt i oppdrett i fjordane at dei faktisk kan løysa samferdsleproblema som vi har. Det er berre å legga plankar eller anna fast dekke på alle oppdrettsblåsene,og vips så har vi stamvegar i aust, nord og sør.

Nei komiske Per er mann for sin hatt, hadde aldri trudd at han kunne tenka så langt..

I  dag er det valgdag og med det valgets kvaler. Vi skal stemma om Etne skal væra som det er, eller om Etne skal inngå ekteskap med dei øve Fikse. Vi burde jo hatt avklåring på samanslåinga av eit stort Vestlandsfylke før dette med kommunesamanslåingar .  Men..men.

Om valget hadde vore for ein mnd sia så hadde stemt for at Etne skal væra slik det er. Men det var før Fylkespolitikarpampane hadde sett foten ned for meir vidaregåande skulegong i bygda. Og  Fylkespolitikerane for Hordaland held til i Bergen og både dei og Bergen gjer faen i oss.

 For Bergen har nok med seg sjølv til å bry seg med oss her nede i utmarka. For Bergen har Brann på sølvplass i serien og snart kjem kuldegradane og smogen sigande ned i byen i mellom dei sju fjell. Og dei har jo så evig nok med Fanastril og folk frå Øygarden om dei ikkje også skal bry seg om oss Sunnhordlenningar. Klart det. 

Joda dei kan jo i sin eigen godhets namn halda hurtigbåtruta open eit par år til , slik at vi her sør kan få audiens til den hellige stad. Då kan vi stilla oss i kø bak charterturistane og te oss som folk. Nei Bergen gjer faen i oss. Dei har til og med lagt  stampuben «Børsen»  ned, slik at vi ikkje skal føla oss freista til å komma på besøk. Og koffor skulle nå Bergen bry seg om oss, vi som har hatt handelslekkasje til byane her sør i mange år. Ikkje har vi vore flinke å reist til byen der nord å brukt pengane våre på Sundt, Wallendal og Auto 23 (sikkert andre aktørar i dag, men det er jo det same).  Nei no kan vi ha det så godt.

 Og det har vi jo og no kan vi jo stemma om vi vil tre ringen inn på fingeren og laga sambuarskapet inn i skikkelige former. For eigentlig gjer vi litt faen i Bergen vi og. 

Men eg er litt i tvil om kva eg skal stemma. Kanskje eg gjer faen i heile stemminga?  Men det er litt feigt det og. Tenk om vi hadde kunne stemmt for å legga ned heile fylkeskommunen og latt kommunane drifta det som dei sjonglerer med .  Naturligvis måtte kommunane fått større statlege overføringar, men eg  trur vi hadde spart store pengar med å lagt ned det fylkespolitiske byråkratiet. 

Men no….valg.

Eg samanliknar ein politikar med ein som går på line. Lina er karrierevegen.  Han eller ho må ha rimeleg bra grunnlag for å ta første steget ut på lina. Ein kan verta hanka inn i eit parti av ulike grunnar. Det kan ligga i slekta, foreldre eller søsken driv som linedansere, du er arveleg belasta og enten forplikta eller fått den politiske interessen inn med morsmjølka. Eller du er entusiastisk og vil «forbedra»   verda. Du ser på urett og vil gjera noko med det. Eller som noken, sjå på det som ein karrieremogeligheit og bruka lina som eit springbrett vidare. Kanskje noken, (håper dei er få) som vil etablera seg i ein maktposisjon som ein eller ei som kan dra slutningar ned over hovudet på folk , har.  Du bør vera rimeleg godt utstyrt mellom øyrene , kjenna dine grenser og utøva dette maktapparatet med aktsomhet. Du bør gå inn i striden som ein skikkelig soldat og ta dine tap som ein mann/kvinne skal. Og ta dine sigrar med fatning. Du bør ikkje vera for stor i kjeften med å lova og lyga for mykje. Spar oss andre med å komma i ettertid og gje oss håp i tapte saker. Saker som ein kunne gjort noke med i forkant, med å brukt all sin politiske kløkt og forstand med å løysa.

Ein politikar bør aldri ta eit steg ut på den stramme lina før sikkerhetsnettet er på plass. Eit sikkerhetsnett som er vevd av gode kontakter , ærfaring, gode kolleger, edrulige partiprogram .

Så er det berre å stege ut på lina, kankje treng ein ei balansestang i starten for å halda tunga beint imunnen. Ein kan jo la den ligga att etterkvert som ein vert dreven i faget.

Å dra på ferietur er slett inga spøk. Som regel vert det å fylla opp Toyotaen med fossilt brensel, vaske og pakke og dra. Med eller utan kano oppe på taket eller med ei Hobby på slep.  For å dra med fly sydøve , til land der du kan steika egg på steinar ,i normaltemperatur, kjeme ikkje på tale, er ikkje byggd slik.

Men etter den vestlandske regntida som sommaren her vest her..må Solf og eg ein kjapp tur ut rundt i gamlelandet. Utan Toyotaen denne gongen.   Solf og eg vert backpakkerar , har bestilt billettar hjå sjølvaste NSB,  Bergen  - Bodø.  Nesten like langt som den Transsibirske jernbane er, den frå Moskva til Vladivostok. Okay..berre nesten som lang då.  Men sikkert vel så flott. 

Og heim frå Sivertsen sin heimby vert det sjølvsagt å dra med hurtigruta.

For ein ting er det heilt sikkert vi må å gjera når vi ferierer i steinrøysa, vi  må bruka panne/gass/open/eld/220v når vi skal speila egg.

Innrømmer det gjerna, syltetøy må det vera på kvar eit frukostbord. Og vera som faste innslag i kosthaldet elles også. Altså intet brødmåltid utan syltetøy. Har alltid vore fan av syltetøy. Fekk den inn (nesten) med morsmjølka, i alle fall vart det ein av favorittane etter eg vart avvent . Huskar at mutteren safta, og laga syltetøy . Varma opp voks og tetta att glas og korkar. Dette pågjekk i heimen heile haustane. Og glas og flasker sto snorrette etter kvarandre i lenger og lenger rekker i matbua i kjellaren. Men det var lenge sia og no kjeme syltetøyglasa til husa stort sett i plastposar.

 Kanskje kan vi snu litt på dette att i denna våte men flotte sommaren som gode makter og varmt forsommarvær har ordna det slik at det er bær alle vegar. På vegkantane veks villbringebær med smak som av reine himmelen og  litt utfor vegen eller stien og uti all utmark bugnar det med blåbær. På heimaplanet spesielt hjå naboane, knelar ripsbuskane fulle i bær. Så det berre å setja igong med å plukka. Jada lett å sei i alle fall . Vi kan jo skulda på været at vi ikkje gidder å utøva denne våte sporten.

Ein kompis, bassist og utøvande bærplukkar, har lenge masa på meg for å få meg med ut for å plukka. Eg har unnskulda meg med andre gjeremål, som oppjustering av båtar og slikt.  Han ringte her ein kveld og fortalde at han hadde vore i sitt nærområde og plukka 11 liter blåbær…ELLEVE LITER…på ei kveldsstund jøss.

Så no er planen at eg SKAL gå opp på loftet å hente ned eit par av dei mange bærplukkerane som ligg der oppe. Dei ligg der i allslags flotte fargar ,..utsletne er dei i alle fall ikkje.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.