Blogg

På tide med eit nytt eldreopprør? 

Elin T.H. Berglund skriv om verdighet i våre siste år. Ho skriv at alle må ha adgang til einerom når vi ikkje klarar å ta vare på oss sjølv lenger. Og den tida kjem til oss alle. Berglund er ikkje noken kven som helst . Ho har bakgrunn frå eldreomsorga i Oslo som styrar og ifrå omlegging av eldreomsorga i Danmark . Ho veit kva ho snakkar og skriv om. Ho fortel om far hennar som 96åring vart lagt inn på dobbeltrom på alders og sjukeheim. Han var ein mann som sjølsagt hadde betalt skatt til felleskapet i alle år. No vart han flytta frå rom til rom. Vi kan jo berre tenka kva som hender med ein då.  Trivesel var i alle fall heilt fråverande.

I sitt lesarinnlegg på nettsida til HA skriv Berglund vidare at politikerane må tenka nytt. Mange av desse politikerane bur sannsyneleg i fine hus, og har kanskje ei hytte på fjellet eller ved sjøen. Desse menneskene er altså dei som skal bestemma at eldre ikkje skal få ha eit eige rom lenger. Men at dei må flytta inn til vildt framande menneske. Desse kan jo pga sjukdom, ha ein adferd som forstyrrar dag og natt. Og du treng ikkje ha høge IQ for å forstå at dette er heilt uholdbart nå du kanskje sjølv er svake og sårbare.

Ho skriv at Danskane har gått andre vegar . Dei har splitta opp bustad og tenestar.  Dei eldre betalar husleiga anten om dei bur i bustad eller er på sjukeheim og dei så betaler for tenestene. Rommet er den enkelte sin bustad og dei vert ikkje flytta rundt frå rom til rom. Og..dei kan bestemma sjølv om dei vil ha ein romkamerat eller ikkje. Ein sjølvsagt ting for ein som gjerna har vore i arbeid og betala skatt i alle år.

Magne B. Odland er ma. ein av dei som er einige med Berglund. Han håper at fleire engasjerer seg for dei eldre. Han fortel at dei er eit ektepar som er 91 og 88 år gamle og dei jo innser at dei treng hjelp og pleie. Han fortel at ekteparet er livredde for kva som kan henda. For vi veit jo kva som kan henda. Ekteparet kan jo verta splitta og sendt på kver sitt  tomannsrom med vilt framande menneske.

Dette er den «fantastiske» eldreomsorga i verdast rikaste land. Vi er kanskje rike på pengar ja..men ikkje på medmenneskelighet. Vi skal ikkje behøva å vera livredde i våre siste år.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.