No er det igong att. Hæren av tiggerar frå sydligare strøk har inntatt landet. Dei kjem i alleslags køyretøy, dumper av ein av her og ein av der. Mange er unge, arbeidsføre. Er det verkeleg ingen i verdsdelen
som har bruk for dei, for arbeidskrafta deira? Vil dei arbeida for å få mat og klede til seg sjølv og brennstoff til bilane sine? Dei har køyrt forbi jordbæråkrar og andre stader som hadde trengt nevane deira. Dei har
sikkert passert sherpaer frå Nepal som høgt der oppe lagar stiar og trapper til oss turgåarar, og som sender pengane sine heim til hardt trengde landsbyar. Dei har passert byggplassar som sikkert hadde trengt hjelp. Men dei får
jo ikkje arbeida seier dei, ingen vil ha dei. Spør dei då, og står dei på om dei får ein sjangse ? Er dei komne til eit land som er så hardt knuga av HMS at folk ikkje kan leiga dei inn og finna eit malingspann og
ein stige til ,dei om dei vil då.
Arbeid , om enn å mala ein husvegg her eller plukka nokre jordbær der må jo ver betre enn å siga ned framfor døra til Kiwi, eller Obs eller Mega . For så å ta på
seg eit bedane blikk som er fyllt av svoltne ungar, med utsletne foreldre og besteforeldre..og så fram med plastkruset sitt..»Money Sir?
Noken drar fram ei bladbunke med Folk er Folk, andre drar fram trekkspelet og gjere ar vi(nokre av oss
då) får eit ennå større hat til det instrumentet.
Før i tida hadde nok øvrigheita kome og dratt dei mildt i aksla og sagt at i dette landet er det ikkje lov med tigging. Men det var før det. Då var
det stort sett folk med litt nasale og breie dialekter og raudlette nasar som spurte om dei kunne få nokre kroner til ein kopp kaffe eller til bussen heim. Desse siste er fortrengde av dei meir proffe som no råder grunnen . Og folk som selde vispar
og slipte sakser ser vi aldri lenger.
Nå når denne hæren er på plass og no når dei møter større motvilje når pengene ikkje set så laust lenger, er det vel lett å ty til andre middel for å
få tak i pengar.
Banke på til einslege eldre, lura dei dei trill rundt og så forsvinna med lett omsettelege ting. Organiserer dei seg kan dei spana på hus og nabolag , gjera brekk som kostar dei det gjeld og samfunnet elles
ufatteleg mykje. Påhengsmotorar, diesel, verkty , smykke er lett og omsetta. Politiet har jo ikkje tid til å etterforska, dei har meir enn nok med å finna dei som køyrer i 65 i 60sona og om å sjekka mopedar. Nei den norske verd
og velstand ligge vidt open for slike, og har gjort det i årevis.
Vil så eit forbud mot tigging få slutt på slike ting? Heilt sikkert ikkje, men det vert betre om ikkje honningkrukka ligg vidt open.
Vi kan gå ut
av EØS avtalane våre , gjenninnføra grensekontroll for alle. Dette er ikkje noko tilbakeslag . Og det er fornuft i åvita (sånn nokolunde) kven som rullar innover grensene våre.
Vi yter ein ikkje ubetydelig
del over skattesedelen til desse landa der «Hæren» kjeme ifrå , og det må gjerne ytast meir fonuftig hjelp dit . Ein må få lov til å vera så ærleg å sei at eg ikkje er glad
i å gå «spissrot» mellom «Money Sir?» kver gong eg skal ned kjøpa 2liter mjølk på Extra.