Medan folk ferierar for harde livet rundt meg , driv eg på for harde mitt liv å klargjere seglaren, «Furie» , til vi skal segla vår siste tur til Øystese. Der er det eit ungt trivelig par som skal overta den 33 fots
lange praktjenta.
Vi har hatt den i10år og den har utan å mukka frakta oss trygt rundt i det norske farvatn. Det unge trivelege paret dukka opp for ein 14dagars tid sia , såg, drog,og melde attende at denna båten passa dei.
Men..dei ville ha varmt vatn i båten, ikkje noko tull. Ikkje slik som noverande eigar som varma vatnet på danskebyssa, slo oppi eit fat og vaska seg på 1800 tals måten. Så det var berre å kjøpa inn bereder , delar
og setja igong. Enkelt seier du? Tja ..hadde no delane vore enkle å få tak i så, eller kanskje det var ei planlegging som var under middels ? No var det ikkje i går at denna karen siste gongen monterte noko tilsvarande…så
det har kanskje vore litt treghet i systemet? Og etter kvart som monteringa sakte men sikkert gjekk framøve så dukka det opp nye ting som skreik etter utbetring. Og det var berre å utbetra..inga bønn. Det unge trivelege
paret skal få sleppa å gå oljete og med skitne fingrar..iallefall første året. For det veit alle båtfolk at skitne render under neglene og noken oljeflekkar på kleda er eit «must» i dei kretsane.
Så
no skal det unge trivelege paret overta ein båt der nye olje flyt i ein god motor og friskt Etnevatn kjeme i kald og varme utgåve ut av armaturar i bysse og toalett. Armaturar eller ,eller kaldt og varmt kranar, som kostar like mykje som
dei vi har i våre oppussa bad heime. For billig er det ikkje , det å justera opp ein båt. Og det veit i alle fall alle båteigerar. Men alt for den gode sak ,som denna gongen er å ha nokolunde reine nevar når eit utøve
det gode liv på sjøen.