Eg samanliknar ein politikar med ein som går på line. Lina er karrierevegen. Han eller ho må ha rimeleg bra grunnlag for å ta første steget ut på lina. Ein kan verta hanka inn i eit parti av ulike grunnar.
Det kan ligga i slekta, foreldre eller søsken driv som linedansere, du er arveleg belasta og enten forplikta eller fått den politiske interessen inn med morsmjølka. Eller du er entusiastisk og vil «forbedra» verda.
Du ser på urett og vil gjera noko med det. Eller som noken, sjå på det som ein karrieremogeligheit og bruka lina som eit springbrett vidare. Kanskje noken, (håper dei er få) som vil etablera seg i ein maktposisjon som ein eller
ei som kan dra slutningar ned over hovudet på folk , har. Du bør vera rimeleg godt utstyrt mellom øyrene , kjenna dine grenser og utøva dette maktapparatet med aktsomhet. Du bør gå inn i striden som ein skikkelig
soldat og ta dine tap som ein mann/kvinne skal. Og ta dine sigrar med fatning. Du bør ikkje vera for stor i kjeften med å lova og lyga for mykje. Spar oss andre med å komma i ettertid og gje oss håp i tapte saker. Saker som ein kunne
gjort noke med i forkant, med å brukt all sin politiske kløkt og forstand med å løysa.
Ein politikar bør aldri ta eit steg ut på den stramme lina før sikkerhetsnettet er på plass. Eit sikkerhetsnett
som er vevd av gode kontakter , ærfaring, gode kolleger, edrulige partiprogram .
Så er det berre å stege ut på lina, kankje treng ein ei balansestang i starten for å halda tunga beint imunnen. Ein kan jo la den ligga att
etterkvert som ein vert dreven i faget.