Å dra på ferietur er slett inga spøk. Som regel vert det å fylla opp Toyotaen med fossilt brensel, vaske og pakke og dra. Med eller utan kano oppe på taket eller med ei Hobby på slep. For å dra med fly
sydøve , til land der du kan steika egg på steinar ,i normaltemperatur, kjeme ikkje på tale, er ikkje byggd slik.
Men etter den vestlandske regntida som sommaren her vest her..må Solf og eg ein kjapp tur ut rundt i gamlelandet.
Utan Toyotaen denne gongen. Solf og eg vert backpakkerar , har bestilt billettar hjå sjølvaste NSB, Bergen - Bodø. Nesten like langt som den Transsibirske jernbane er, den frå Moskva til Vladivostok.
Okay..berre nesten som lang då. Men sikkert vel så flott.
Og heim frå Sivertsen sin heimby vert det sjølvsagt å dra med hurtigruta.
For ein ting er det heilt sikkert vi må å gjera når
vi ferierer i steinrøysa, vi må bruka panne/gass/open/eld/220v når vi skal speila egg.