Blogg

Forfedrene våre var fiskere, jegere og bønder ; eller ein kombinasjon av desse yrkene. Så ein kan vel sei med rimelig sikkerhet at vi alle stammer frå ein eller annan gard. Og på ein gard er det vel dyr. Så innerst inne har vi vel alle levd tett innpå dyr og lært oss å holde av de.

Oppover tidene har vel gardane variert i størrelse, pr i dag er det populært  å slå seg saman for å driva så effektivt og økonomisk som mulig. Svære driftsbygninger skyt opp. Ikkje er de billige heller , så det er eit skikkelig økonomisk løft for bøndene å halda på. Ikkje minst pga av krav at dyr skal ha det godt og leve i eit tryggt miljø. Over det heile «svever» mattilsynet og ser etter at deira regler og forordninger vert fulgt til punkt og prikke. Slik det skal vere.

Som tidlegare elverk ansatt har eg køyrt rund på bygdene, og noke av det tristeste som er å sjå er tomme driftsbygningar  rundt om. Bygningar som burde ha vore fulle i dyr, for eigenproduksjon av mat må vi og bør vi ha. Men men ei trøst er det i alle fall at dei husdyra som er igjen i landet ser ut til å ha det godt.

Men og det er eit stort MEN. Av og til også på midtvinteren kan ein køyra , gå, spasera (valgfritt) forbi større flokker med store slaktedyr, okser og kyr, som står ute på iskalde snøkledde mark, eller i kaldt hardt vestlandsregn. Her er det ikkje snakk om å slenge seg ned, som vanlige kyr kan, på varmt liggeunderlag i ein temperert fjøs. Nei her må de stå under greiner som tar av for den verste snøstormen. På mange av desse gardane som satser på desse dyra er det total mangel på driftsbygniner eller at eksisterande driftsbygning ser ut til å ha vore i Kosovo i begynnelsen av 90talet. Små kalver har knapt nok tak over hovudet. Spørsmålet mitt er då: «Kor er mattilsynet då» ? Ok eg er klar over at slikt fe kalles utegangere og at de skal stå for ein støyt, før tida er der og de blir henta i kvite lastebilar, og de tilslutt havner i kjøttdisken på Rema.  Men er her ikkje reglar for at det  i allefall må  bygges skydd som de kan gå under ,i verste stormbygene.

Arrester meg gjerne ..men eg har vondt av desse dyra.

Vi har vel alle flirt litt av gjengangeren på FB der det står ein mann i grøfta å graver for harde livet , mens det står mange rundt og ser på og gjere slett ingen ting. Og budskapet er klart ..Hvis det blir innskrengninger så er grøftemannen den første som får sparken. 

Så med bildet av den seansen så netthinna så tenker at det er slett ikkje lett å skulle grave eit hol. Enten du får beskjed om det eller du starter arbeidet heilt på eigen hand. Med spade eller kanskje ein liten minigraver. For da kan det være mange som vil og må kikke deg over skuldrene.

 Det kan vera konsulenter som har prosjektert arbeidet. Og då er det sjølsagt også HMS folk der, 1 eller 2 for det er alltid noken på opplæring der i gården. Formannen og andre i systemet er der sjølsagt. Teknisk etat stiller mannsterke opp. Rådmannen i kommunen som treng ein liten luftetur vekk for dei tunge, viktige sakene, kan jo å være der. Ein frå den lokale pressa med speilrefleks på magen kan være der, for det er jo på tide det hender noko. Folk frå det lokale Elverket er der for å passe på at du har fått rett kabelpåvising og ikkje grev deg borti  høgspent og slikt.

No er det jo ein visse forskjell kor du nå skal grave holet. Er det i urbane strøk, på Kårstø med masse lett anntenneleg gass eller  i IS land med landminer , så må ein jo utvisa forsiktighet. Ellers så kikker jo Vårherre eller han der nede deg over skuldrene , klare til å overta restane av deg.

Du kan jo vera ein graver som høyrer til andre trusamfunn enn dei som feirar jula, men eg skal ikkje spekulera i kem som då kikker deg over skuldrene.

Det var berre det ..at det kan vera tøfft nok å grave eit hol.

Ein les om at folk vert trygdemisbrukerar. Dei kan ha svindla til seg 60-70- eller enda fleire tusen. Og no vert dei dømde til ubetinga fengsel og må sjølsagt betala attende alt..med morarenter.

Og så tenker ein, kva typar er desse menneskene. Er det menneske som har rota seg inn i økonomiske uføre, som har mista arbeidet, har rota seg til ein masse kredittkortgjeld eller..? Dei måtte jo forstå at dei vert hanka inn? For nettet til å fanga opp trygdemisbrukerar er sikker velprøvd og rimeleg vanntett.

Og så tenker ein vidare..koffor ikkje når ein skal snyta staten ,ikkje sikta litt høgare. Start ditt eige konsulentfirma, stat og kommunar elskar å leiga inn slike. Her er det rommelige kår, her er det budsjett i millionklassen. Ein fordel er det jo viss du har jobba i etatane . Då kjenner du jo rutinane og kan smørja dei rette. Og sjangsane for at du vert hanka inn om du overfakturerar for ein tidtalls millionar for tenester som er dårlege eller som ikkje har funne stad i det heile den er forsvinnande lite.  Som no konsulentfirmaet «Internasjonal Law and Policy Inctitute».  (Flott tittel ..hæ?).  Dei, som har Siden ILPIs etablering i 2009 mottatt 152 millioner fra Utenriksdepartementet (UD) og Norad. 63 millioner kroner er gitt gjennom tilskotsavtaler fra UD, noe som betyr at de ikke har vært lyst ut på anbud. Siden oppstarten har 81 prosent av omsetningen i ILPI kommet fra bistandsbudsjettet. De siste årene har de tre eierne – en forhenværende UD-direktør og to andre med tidligere tilknytning til UD – tatt ut 7,6 millioner i utbytte i tillegg til millionlønninger.

Det å avdekka slik tvilsam forretninghandsaming , det klarar ikkje statens nett å fanga opp..det gjer ei herverande hovudstatsavis. Og slik skal det vel ikkje vera. Men dessverre er det slik , der dei store pengane er er også misbruket størst, og ingen vert stillte til ansvar

Og dette firmaet er ikkje eineståand med å leve godt av staten. Det er ein masse private firma som gjere nesten kva dei vil og lever godt. Det er sikkert mange fleire aktørar rundt den svære pengesekken som Bistand har å rutta med. Som det er i det norske barnevern..Her er det mange hundre som driv konsulentbedrifter retta inn imot dette vernet. Berre ei enkel sakshandsamar kan sopa inn fleire millionar i året. Utrulig…jo men det er  sant. Og det er ifrå din og min kasse den forsvinn, statskassen.

Nei viss du i det heile tenker på å verta trygdemisbrukar for å loppa felleskassen for nokre kroner…tenk smart etabler ditt eige konsulenfirma og sett i gong. Du vert ikkje kikka i korta eingong , før kanskje ei vaken presse tar fatt i det.

Synes eg kan høyra lyden av hammarslag. Fylkeskommunen sine hammarslag frå å slå spikare i kista når dei no skal legga ned den vidaregåande skulen i Etne. Lyden er så høge at vi kan høyra den øve Bjørnafjorden  og  som eit ekko imjødlo fjella i Langenuen og Etnefjorden.

Ikkje skjønnar eg at vi , via skatteseddelen skal vera med å sponsa eit byråkrati som er programerte til å ta frå dei fattige og gje til dei rike. Eller som motarbeide alt det små og/eller det utkantkommunane står for. Eit byråkrati som kostar oss milliardar og som er heilt i utakt kva me som ikkje bur i Bergen står for. No vil altså dette byråkratiet radera ut  ein velfungerande skule, feia vekk ein 20- 30 arbeidsplassar. Og som ikkje det var nok så vil byråkratiet kreva innatt 20-30 millionar som Kommunen fekk for å innvestera i skulen. Forstå dette dei som kan.

Vi må få slutt på dette kostbare og usoledariske byråkratiet... Korleis?. Kanskje sjå på kva Oddingane gjorde på 60/70 talet. Dei sleit med elendige sjåartilhøve. Mastene oppe på Lønahorgi svikta berre dei melde sterk bris frå værvarslinga. Etter å ha prøvd all slags press så trur eg Oddingae sette lisensen inn på sperra konto. Då..var vara det ikkje lenge før prøvebileta frå NRK vart knivskarpe og ein kunne sitta inne lunt og fint i vestlandsstormane og sjå på finsk fjernsynsteater. Som ein lite kuriositet kan nevnast at Tryvannstårnet fall ut ein kveld i nemnde tidsrom. Dagen etter kunne vi på framsida av Dagbladet sjå bilde av morske menn i snøkvite kjeledressar som stillte opp i fleire titall for å hjelpa, slik at Oslofolket ikkje skulle mista så mange minuttar av dagsrevyen.

Men altså..vi kunne setta vår skatt, i alle fall den delen som tilfalle ein ev. fylkeskommune inn på sperra konto. Slik at vi hadde sett press på, å få vekk dette byråkratiet.

Ein ting er sikkert, er at vi alle vert gamle, før eller seinare. Om vi er 20 eller 40 og vi klare å overleva sjukdommar , ulukker, eller den aukande trafikken ..så vinkar alderdommen der framme. Vi kjenner det etterkvart på kroppen.. vi klare ikkje alt som før lenger.. vi slite, ser dårligare, høyrer dårligare ,treng meir kvile . Og om vi har betalt inn vår del til fellesskapet skal vi ikkje væra redd for å verta gammal og at vi treng hjelp og kanskje pleie. 

Men (og her siterer eg ein Mr.Jensen), vi har vore vitne til politikerane sine oppvisingar med å trykka hendene til gamle og sjuke og snakka seg varme i fjeset i sin iver til å lyga til seg stemmer.  Vi veit alle at etter valdagen er desse løftene eller løgnene gløymt.

Vi vert fleire og fleire pensjonistar i dette landet og vi har då ennå stemmerett. Skulle vi ikkje samla oss om eit parti som hadde som hovudsak å jobbe for oss pensjonistar. Vi må tenka taktisk og på oss sjølv , for det er ingen av dei etablerte større partiene som ofre oss ein tanke etter valdagen. Eg synes ikkje det er feil at vi tenker nytt om vi har vært rød eller blå i tankegongen tidlegare.

Eg ser for meg eit slagkraftig parti som er over sperregrensa og som dei andre partia må ta med i deira eigne planer.  Då hadde vi kunne stoppa latterlege diskusjonar om enkelt eller dobbeltrom på «sjuke/alders heimane». Vi ville kunne setta krav og ikkje berre vore umelande stemmekveg.

Fordelane hadde ma også vore at det raskare naturleg utskifting i eit slik parti. Vi hadde sluppe leierar som skulle mele si eige kake og tenka på eit yrkesliv etter politikken. Vi hadde ikkje toppa det politiske laget i utanrikkomiteear , men toppa det i finanskom..  Ser for meg eit slagkraftig parti som hadde som sin første prioritet og snakka dei eldres sak.

For når eg er vert pleietrengande vil , eg ha eit rommeleg einmannsrom, med god hotellstandard. Alle kanalar, eigen stor bokhylla med plass til spillaren og Rolling Stones samlinga . Cocnacflaska skal stå åpent framme og lett tiljengelig. Nok oppegåande, norsktalande pleierar. Og hvis ektepar kan bu saman , så skal dei det , med store gode rom.

Og viss vi vert ytra tvil om noko slikt så skal partiet være så slagkraftig at dei kan velta ein regjering. Det hadde vore noke det, det er opp til oss.

No eksistere det vel eit etablert Pensjonistparti. Det er på tide å google det og setta seg inn i kva dei står for..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.