Innrømmer det gjerna, syltetøy må det vera på kvar eit frukostbord. Og vera som faste innslag i kosthaldet elles også. Altså intet brødmåltid utan syltetøy. Har alltid vore fan av syltetøy.
Fekk den inn (nesten) med morsmjølka, i alle fall vart det ein av favorittane etter eg vart avvent . Huskar at mutteren safta, og laga syltetøy . Varma opp voks og tetta att glas og korkar. Dette pågjekk i heimen heile haustane. Og glas
og flasker sto snorrette etter kvarandre i lenger og lenger rekker i matbua i kjellaren. Men det var lenge sia og no kjeme syltetøyglasa til husa stort sett i plastposar.
Kanskje kan vi snu litt på dette att i denna våte men
flotte sommaren som gode makter og varmt forsommarvær har ordna det slik at det er bær alle vegar. På vegkantane veks villbringebær med smak som av reine himmelen og litt utfor vegen eller stien og uti all utmark bugnar det med
blåbær. På heimaplanet spesielt hjå naboane, knelar ripsbuskane fulle i bær. Så det berre å setja igong med å plukka. Jada lett å sei i alle fall . Vi kan jo skulda på været at vi ikkje gidder
å utøva denne våte sporten.
Ein kompis, bassist og utøvande bærplukkar, har lenge masa på meg for å få meg med ut for å plukka. Eg har unnskulda meg med andre gjeremål, som oppjustering av
båtar og slikt. Han ringte her ein kveld og fortalde at han hadde vore i sitt nærområde og plukka 11 liter blåbær…ELLEVE LITER…på ei kveldsstund jøss.
Så no er planen at eg SKAL gå
opp på loftet å hente ned eit par av dei mange bærplukkerane som ligg der oppe. Dei ligg der i allslags flotte fargar ,..utsletne er dei i alle fall ikkje.