Blogg

I  dag er det valgdag og med det valgets kvaler. Vi skal stemma om Etne skal væra som det er, eller om Etne skal inngå ekteskap med dei øve Fikse. Vi burde jo hatt avklåring på samanslåinga av eit stort Vestlandsfylke før dette med kommunesamanslåingar .  Men..men.

Om valget hadde vore for ein mnd sia så hadde stemt for at Etne skal væra slik det er. Men det var før Fylkespolitikarpampane hadde sett foten ned for meir vidaregåande skulegong i bygda. Og  Fylkespolitikerane for Hordaland held til i Bergen og både dei og Bergen gjer faen i oss.

 For Bergen har nok med seg sjølv til å bry seg med oss her nede i utmarka. For Bergen har Brann på sølvplass i serien og snart kjem kuldegradane og smogen sigande ned i byen i mellom dei sju fjell. Og dei har jo så evig nok med Fanastril og folk frå Øygarden om dei ikkje også skal bry seg om oss Sunnhordlenningar. Klart det. 

Joda dei kan jo i sin eigen godhets namn halda hurtigbåtruta open eit par år til , slik at vi her sør kan få audiens til den hellige stad. Då kan vi stilla oss i kø bak charterturistane og te oss som folk. Nei Bergen gjer faen i oss. Dei har til og med lagt  stampuben «Børsen»  ned, slik at vi ikkje skal føla oss freista til å komma på besøk. Og koffor skulle nå Bergen bry seg om oss, vi som har hatt handelslekkasje til byane her sør i mange år. Ikkje har vi vore flinke å reist til byen der nord å brukt pengane våre på Sundt, Wallendal og Auto 23 (sikkert andre aktørar i dag, men det er jo det same).  Nei no kan vi ha det så godt.

 Og det har vi jo og no kan vi jo stemma om vi vil tre ringen inn på fingeren og laga sambuarskapet inn i skikkelige former. For eigentlig gjer vi litt faen i Bergen vi og. 

Men eg er litt i tvil om kva eg skal stemma. Kanskje eg gjer faen i heile stemminga?  Men det er litt feigt det og. Tenk om vi hadde kunne stemmt for å legga ned heile fylkeskommunen og latt kommunane drifta det som dei sjonglerer med .  Naturligvis måtte kommunane fått større statlege overføringar, men eg  trur vi hadde spart store pengar med å lagt ned det fylkespolitiske byråkratiet. 

Men no….valg.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.