Ein ting er sikkert, er at vi alle vert gamle, før eller seinare. Om vi er 20 eller 40 og vi klare å overleva sjukdommar , ulukker, eller den aukande trafikken ..så vinkar alderdommen der framme. Vi kjenner det etterkvart på
kroppen.. vi klare ikkje alt som før lenger.. vi slite, ser dårligare, høyrer dårligare ,treng meir kvile . Og om vi har betalt inn vår del til fellesskapet skal vi ikkje væra redd for å verta gammal og at vi treng
hjelp og kanskje pleie.
Men (og her siterer eg ein Mr.Jensen), vi har vore vitne til politikerane sine oppvisingar med å trykka hendene til gamle og sjuke og snakka seg varme i fjeset i sin iver til å lyga til seg stemmer. Vi
veit alle at etter valdagen er desse løftene eller løgnene gløymt.
Vi vert fleire og fleire pensjonistar i dette landet og vi har då ennå stemmerett. Skulle vi ikkje samla oss om eit parti som hadde som hovudsak å
jobbe for oss pensjonistar. Vi må tenka taktisk og på oss sjølv , for det er ingen av dei etablerte større partiene som ofre oss ein tanke etter valdagen. Eg synes ikkje det er feil at vi tenker nytt om vi har vært rød
eller blå i tankegongen tidlegare.
Eg ser for meg eit slagkraftig parti som er over sperregrensa og som dei andre partia må ta med i deira eigne planer. Då hadde vi kunne stoppa latterlege diskusjonar om enkelt eller dobbeltrom
på «sjuke/alders heimane». Vi ville kunne setta krav og ikkje berre vore umelande stemmekveg.
Fordelane hadde ma også vore at det raskare naturleg utskifting i eit slik parti. Vi hadde sluppe leierar som skulle mele si eige kake
og tenka på eit yrkesliv etter politikken. Vi hadde ikkje toppa det politiske laget i utanrikkomiteear , men toppa det i finanskom.. Ser for meg eit slagkraftig parti som hadde som sin første prioritet og snakka dei eldres sak.
For
når eg er vert pleietrengande vil , eg ha eit rommeleg einmannsrom, med god hotellstandard. Alle kanalar, eigen stor bokhylla med plass til spillaren og Rolling Stones samlinga . Cocnacflaska skal stå åpent framme og lett tiljengelig. Nok
oppegåande, norsktalande pleierar. Og hvis ektepar kan bu saman , så skal dei det , med store gode rom.
Og viss vi vert ytra tvil om noko slikt så skal partiet være så slagkraftig at dei kan velta ein regjering. Det hadde
vore noke det, det er opp til oss.
No eksistere det vel eit etablert Pensjonistparti. Det er på tide å google det og setta seg inn i kva dei står for..