Ein les om at folk vert trygdemisbrukerar. Dei kan ha svindla til seg 60-70- eller enda fleire tusen. Og no vert dei dømde til ubetinga fengsel og må sjølsagt betala attende alt..med morarenter.
Og så tenker ein, kva
typar er desse menneskene. Er det menneske som har rota seg inn i økonomiske uføre, som har mista arbeidet, har rota seg til ein masse kredittkortgjeld eller..? Dei måtte jo forstå at dei vert hanka inn? For nettet til å fanga
opp trygdemisbrukerar er sikker velprøvd og rimeleg vanntett.
Og så tenker ein vidare..koffor ikkje når ein skal snyta staten ,ikkje sikta litt høgare. Start ditt eige konsulentfirma, stat og kommunar elskar å leiga inn
slike. Her er det rommelige kår, her er det budsjett i millionklassen. Ein fordel er det jo viss du har jobba i etatane . Då kjenner du jo rutinane og kan smørja dei rette. Og sjangsane for at du vert hanka inn om du overfakturerar for ein
tidtalls millionar for tenester som er dårlege eller som ikkje har funne stad i det heile den er forsvinnande lite. Som no konsulentfirmaet «Internasjonal Law and Policy Inctitute». (Flott tittel ..hæ?). Dei, som har
Siden ILPIs etablering i 2009 mottatt 152 millioner fra Utenriksdepartementet (UD) og Norad. 63 millioner kroner er gitt gjennom tilskotsavtaler fra UD, noe som betyr at de ikke har vært lyst ut på anbud. Siden oppstarten har 81 prosent av omsetningen
i ILPI kommet fra bistandsbudsjettet. De siste årene har de tre eierne – en forhenværende UD-direktør og to andre med tidligere tilknytning til UD – tatt ut 7,6 millioner i utbytte i tillegg til millionlønninger.
Det
å avdekka slik tvilsam forretninghandsaming , det klarar ikkje statens nett å fanga opp..det gjer ei herverande hovudstatsavis. Og slik skal det vel ikkje vera. Men dessverre er det slik , der dei store pengane er er også misbruket størst,
og ingen vert stillte til ansvar
Og dette firmaet er ikkje eineståand med å leve godt av staten. Det er ein masse private firma som gjere nesten kva dei vil og lever godt. Det er sikkert mange fleire aktørar rundt den svære
pengesekken som Bistand har å rutta med. Som det er i det norske barnevern..Her er det mange hundre som driv konsulentbedrifter retta inn imot dette vernet. Berre ei enkel sakshandsamar kan sopa inn fleire millionar i året. Utrulig…jo men
det er sant. Og det er ifrå din og min kasse den forsvinn, statskassen.
Nei viss du i det heile tenker på å verta trygdemisbrukar for å loppa felleskassen for nokre kroner…tenk smart etabler ditt eige konsulenfirma
og sett i gong. Du vert ikkje kikka i korta eingong , før kanskje ei vaken presse tar fatt i det.