Blogg

Synes eg kan høyra lyden av hammarslag. Fylkeskommunen sine hammarslag frå å slå spikare i kista når dei no skal legga ned den vidaregåande skulen i Etne. Lyden er så høge at vi kan høyra den øve Bjørnafjorden  og  som eit ekko imjødlo fjella i Langenuen og Etnefjorden.

Ikkje skjønnar eg at vi , via skatteseddelen skal vera med å sponsa eit byråkrati som er programerte til å ta frå dei fattige og gje til dei rike. Eller som motarbeide alt det små og/eller det utkantkommunane står for. Eit byråkrati som kostar oss milliardar og som er heilt i utakt kva me som ikkje bur i Bergen står for. No vil altså dette byråkratiet radera ut  ein velfungerande skule, feia vekk ein 20- 30 arbeidsplassar. Og som ikkje det var nok så vil byråkratiet kreva innatt 20-30 millionar som Kommunen fekk for å innvestera i skulen. Forstå dette dei som kan.

Vi må få slutt på dette kostbare og usoledariske byråkratiet... Korleis?. Kanskje sjå på kva Oddingane gjorde på 60/70 talet. Dei sleit med elendige sjåartilhøve. Mastene oppe på Lønahorgi svikta berre dei melde sterk bris frå værvarslinga. Etter å ha prøvd all slags press så trur eg Oddingae sette lisensen inn på sperra konto. Då..var vara det ikkje lenge før prøvebileta frå NRK vart knivskarpe og ein kunne sitta inne lunt og fint i vestlandsstormane og sjå på finsk fjernsynsteater. Som ein lite kuriositet kan nevnast at Tryvannstårnet fall ut ein kveld i nemnde tidsrom. Dagen etter kunne vi på framsida av Dagbladet sjå bilde av morske menn i snøkvite kjeledressar som stillte opp i fleire titall for å hjelpa, slik at Oslofolket ikkje skulle mista så mange minuttar av dagsrevyen.

Men altså..vi kunne setta vår skatt, i alle fall den delen som tilfalle ein ev. fylkeskommune inn på sperra konto. Slik at vi hadde sett press på, å få vekk dette byråkratiet.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.