Forfedrene våre var fiskere, jegere og bønder ; eller ein kombinasjon av desse yrkene. Så ein kan vel sei med rimelig sikkerhet at vi alle stammer frå ein eller annan gard. Og på ein gard er det vel dyr. Så innerst
inne har vi vel alle levd tett innpå dyr og lært oss å holde av de.
Oppover tidene har vel gardane variert i størrelse, pr i dag er det populært å slå seg saman for å driva så effektivt og
økonomisk som mulig. Svære driftsbygninger skyt opp. Ikkje er de billige heller , så det er eit skikkelig økonomisk løft for bøndene å halda på. Ikkje minst pga av krav at dyr skal ha det godt og leve i eit
tryggt miljø. Over det heile «svever» mattilsynet og ser etter at deira regler og forordninger vert fulgt til punkt og prikke. Slik det skal vere.
Som tidlegare elverk ansatt har eg køyrt rund på bygdene, og noke av det
tristeste som er å sjå er tomme driftsbygningar rundt om. Bygningar som burde ha vore fulle i dyr, for eigenproduksjon av mat må vi og bør vi ha. Men men ei trøst er det i alle fall at dei husdyra som er igjen i landet
ser ut til å ha det godt.
Men og det er eit stort MEN. Av og til også på midtvinteren kan ein køyra , gå, spasera (valgfritt) forbi større flokker med store slaktedyr, okser og kyr, som står ute på iskalde
snøkledde mark, eller i kaldt hardt vestlandsregn. Her er det ikkje snakk om å slenge seg ned, som vanlige kyr kan, på varmt liggeunderlag i ein temperert fjøs. Nei her må de stå under greiner som tar av for den verste
snøstormen. På mange av desse gardane som satser på desse dyra er det total mangel på driftsbygniner eller at eksisterande driftsbygning ser ut til å ha vore i Kosovo i begynnelsen av 90talet. Små kalver har knapt nok tak
over hovudet. Spørsmålet mitt er då: «Kor er mattilsynet då» ? Ok eg er klar over at slikt fe kalles utegangere og at de skal stå for ein støyt, før tida er der og de blir henta i kvite lastebilar, og
de tilslutt havner i kjøttdisken på Rema. Men er her ikkje reglar for at det i allefall må bygges skydd som de kan gå under ,i verste stormbygene.
Arrester meg gjerne ..men eg har vondt av desse dyra.