Blogg

Eg kjende deg ikkje godt Kai Henrik , men etterkvart var vi på hels og vi prata litt når vi trefftes. Eg har sett bilder av deg som blide guttunge, eit av dei var med ein gitar i fanget. Du hadde nok ein tøffe sjukdom som sende deg oppi ein motorgåande rullestol. Men du hadde nok ein varme familie og ei bygd som slo ring rundt deg. Og du hadde ein glødane interesse for musikk. Og det var i musikkens tegn vi møttes. Eg bak og du framfor micar og forsterkerar. Du kom gjerne trillande inn på Fjordkroa kl 23:30 ein lørdagskveld for og få med deg oss i Fifty. Når du kom visste vi at vi måtte skjerpe oss og spelte gjerne noko nytt innøvd . Du hadde god peiling på musikk og vi var stolte av at du viste interesse.

Når du nå har måtte bukka under for sjukdomen og er gått ut av tida, har vi alle lidd eit tap. Men kanskje kanskje sit du no ringside i ei anna verd og får med deg Gary Moore . Viss ei slik verd finnes vil eg og dit seinare og du kan godt halda av  ein plass til meg.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.