Blogg

Kan det verkeleg vera ein slags misforstått snillisme og/eller  ein utslag av politisk stanhaftighet av at dei eingong har stemt for tigging, at politikerane vil at dette galskapet skal gå føre seg  i byane og tettstadane våre. NRK dokumentaren viste så til dei grader at tigging er organisert kriminalitet og ofte berre ein fordekt syssel for stoffsalg, prostutisjon , tjuveri og menneskehandel. 100 millioner over ein 5 årsperiode er sugd ut av Bergen by ( gang dette beløpet opp med antall norske byar som er ramma) og er havna i det kriminelle miljø i visse deler i Romania. Her veks luksushus opp som paddehattar ,betalt med norske pengar.. Og Mafiaen der nede gnir seg i nevane å sender ennå fleire fotsoldater , horer og vaktsoldater opp i det kalde men rike nord. For her oppe står dei fleste politiske parti  i kø for å opne opp grenseportar for strøm av kriminelle som i aukande grad voldtar våre byar og tettstader. Snart deler vel politikere ut sitteunderlag til fargerike skautkledde eldre godmodige mødre som fikser ut pappkrus frå dei mange lommene i klesplagget for å be deg om ein 10ar eller to. Og pappkruset blir jo i løpet av ein lang arbeidsdag i sittande stilling fyllt opp av småpenger. Men dette er jo berre pianuts, for når kvelden kommer reiser den skautkledde seg opp og er forvandla til vaktsoldater. For no et horene kommet på plass..og dei må passast på. No er det dei store pengane skal tenast .Det er eit fordekt spel som går føre seg, for på den andre sida av gata sitt «småkongane» dei med gull rundt halsen og på fingrane. Dei som verkeleg tener store penger på dette og som har heve mange uskuldige unge jenter ut i prostutisjon og vinningskriminalitet . Jenter som blir slått og ødelagt på alle måtar ,for i jakta på pengar skyr ikkje mafiaen noken midlar.

Politiet gjere nok så godt de kan..men det er eit tett og uoversikteleg nettverk som dei jobbar imot, neste umulig å trenga inn i , som det ofte er i organisert kriminalitet.Og på spørsmål til politiet om kva som skal til for å få slutt på dette uvesnet er det defensive svaret: Folk må slutte å gje penger og slutte å kjøpe sex.   Ein representant for dei politiske partia denne gangen i frå KRF seier at vi kan jo ikkje forby tigging for det er jo så stor nød der ute.

Dermed støtter denne representanten og hans meiningsfeller det at dette kan foregå og få så mykje negative konsekvensar for freks dei unge kvinnene som er innvolverte..for ofra som blir frastjåle penger, verdisaker og kanskje identitet sin. Om eit omfattande stoffsalg. Dette må vi ha i tankane når vi går til neste val. Sjekk opp kva dei forskjellige partia har på programmene sine om tigging.

Og som ei politikvinne seier. Dei som sitt på gatene rundt om og dei som  kanskje kan  5 melodiar på trekkspelet , er ikkje reelle nødlidane , dei er fotsoldatar ,med på dette bizzarre kriminelle spelet. 

Har vi hatt det bra..eller?  Vi ..i min generasjon. Her oppe i steinrøysa har vi , i mi levetid , ikkje innvolvert oss i krigar, berre sendt ut krigerar når onkel Sam meinte vi måtte bidra ..i langtvekkistand. Vi har vakse opp midt i den  sosialdemokratiske Gerhardsen tida. Vi var langt i frå rike, foreldra våre bygde fornuftige hus, vi fekk eigne rom, nøkkelen låg under matto så vi fekk etter kvart vera ute litt lenger om kvelden. Musikken fann vi på BBC på ettermiddagen og Radio Lux på kvelden og natta. Vi huske då Cliff og Elvis  måtte vika plassen på hitlistene for gruppene frå Liverpool , Newcastle og Richmond. Vi husker kor vi var då Kennedyane og King vart skotne. På heimaplanen bytta vi ut trekkspelet med ein tolvstrengar og hammond. Då vi var skuleleie tok vi ein telefon til eit hyrekontor og kunne sjå verda eit år eller to. Vi drog på festivalar, jazzfestivalar og høyrde beebop. Men etter kvart fekk vi fekk endelig høyra «vår» musikk på festivalane.  Vi vaks opp med Vestly, Prøysen og Davik ..gjekk vidare til Børretzen og Erik By. Vi las klassikerane og fortsette med Mykle , Bjørneboe, Steinbeck, Letnz, Singer…Vi fekk jobbe det vi ville, vi kjøpte og køyrde Volvo ,Toyota og Mazda.   Vi spilte og spiller  i band…måtte berre ta ein pause mens vi oppdro ungar. Dei styrande var vel ikkje av dei verste..Røyseland , Leirfall og Gustavsen gjekk an. Vi fekk være med å streike, satt i streikekomitee..tapte med glans, men det er gløymd. Var kjekkt så lenge det sto på. Og det kom duffelkledde, i palestinaskjerf, vakre (når ein fekk vekk alt dei var innhylla i) som skulle «lære» oss å streike. Vi stemte nei to ganger til det Europeiske felleskapet. Men stanhaftige, og sjølrådige politikerar med sin EØS avtale..lurte oss inn bakvegen likevel.     Det økonomiske gjekk sakte oppover , i opplevde jo ekkofisk og utbygginga av andre store oljefelt, vi byggde oss hus, litt meir «ufornuftige» enn det foreldra våre gjorde, men måtte vera nøkterne mykje pga av at Husbanken passa på. Vi skilde oss og fann oss nye partnerar. Vi selde etter kvart slalomskia og fotballskoa for ikkje å knekka  bein.  Vi vart etter kvart eldre og vi har ..iallefall eg,   hatt det godt.

Synes at framtidige generasjonar må må slita meir. No er det uforutsigbare  politikerar som Trump, Erdogan Jong-un ol som råder grunnen. Onkel Sam bruker no , meir enn noken gong, andre land til å testa ut militæutstyret sitt.  Sikkerheten i  systemet for ikkje å utløysa «The big one» synes svekka. På heimebanen er det ma eit iskalde system som barnevernet og vårt rettsvesnet representere. Vanlege folk vert overkøyrde og inne i systemene sitt det mange maktmenneske som trekker i trådane og beriker seg. Ett merkeleg frama- og politikerhat breier om seg. Som hetsen imot islam når nesten lika stor høgder som antisemminismen gjorde i Tyskland på 30talet. Det er farlige krefter som er i samfunnet og det skal mykje til for å få tilbake den gode gamle..dra i saman ånda igjen. Men ein veit aldri.. 

Du skulle vel ikkje lagt her Lars Ove, i alle fall ikkje ennå. Sjølv om du vel ligg der du skal ligga, ved sida av Siren.  Over deg har du ein massevis av halvisna blomar og kransar. Her er det inskripsjonar med som minne lever og takk for alt. Det hadde vore fullt av folk i kirka høyrte eg. Vi , Inge som skulle ta ein operasjon og eg ,som var på veg nordover då den overasskande og triste beskjeden kom. Ein slik beskjed stort sett alltid det. Den kunne i ditt tilfelle godt venta noken år til. Men eg så den den siste helsinga frå Inge og meg låg nokså stakkarsleg inne i blomsterhaugen.

Men det er ikkje noke stakkarsleg med minne etter deg. Vi vaks opp i lag og delte mange fine opplevingar saman. Vi las  dei same bøkene, ofte reiseskildringar. I bygdebibiloteket kunne du vera sikker på at ditt og/eller mitt namn sto bak som lånerar av klassikerane og spenningsbøkene. Vi blanda blod og skulle segla verda rundt på eigen kjøl. Vi grov makk og drog til fjells med stang og dupp. Vi lånte færingen, den største , den med segl, av Oskar og for utover på fiske. Eingong vart vi overraska av notalaget medan vi låg attmed notveggen og huka brisling som vi heiv utafor veggen. Båten var halvfull av sei og lyr og  seglet låg der heilt blodig. Notalaget slepte oss lagt utover fjorden som straff. Men vi kom oss heim til slutt og selde fangsten til hotellet. Eller når vi skulle på dans i Sandeid og hadde inngått eit veddemål kem som kom seg først utpå golvet. Måtte hiva innpå for å klara det. Eller når vi annendag jul kravla oss oppover fjellet aust for Miljaseter for å skyta ein kongeørn som de hadde fortalt oss om kvelden før, på fest, hadde tatt lam. Vi, etter å ha svetta av oss gårsdagens fest, kom over lammedreparen nesten heilt opp på toppen. Eg sende av garde ei dobbeltskudd med mi belgiske triangle kaliber 16. Alt for fort og utan kontroll. «Hiv deg ned» ropte du og holdt på å lage midtskill på meg med gamle Kongsbergen.  Lammedreparen skreik stygt  då den segla ned imot Valdra sida. Vi hadde nok røska i fjøra på den med eit par hagl.

Elles så hadde du godt lag med damer, må innrømma at du var  ein flotte kar. Mang eingong då vi gjekk  ut ofte trekkte eg det lengsta stået, men like ofte var det du som gjorde det, eller kanskje båe to.

Heime i Tungesviko var det enkelt, men med ein god varme i husa. Rannveig var heilt suveren ,det var alltid middag på gang . Husker ennå kjøttkakene med løk, brune saus og kålstuing.  Makalause middager , fullt på høgde med mi eigen mor sine og skyhøgt over noke ein finn i dag, sjølv om resturantane har aldri så fancye namn. Oskar kom gjerna ut av sauahuset med eit smil og ein gode røffe kommentar.

Etterkvert vart du jo far også ..og fekk ein kjekke gut. Er jo blitt sportsfiskar han og. For jæklig å bli enkemann når du var 25 ..men du hadde gode ballast og mor di som fekk deg igjøno harde tider.

Diskuterte litt  med Jacken i går kveld og vi var enige om at du var litt av ein kverulant..men på den «gode» måten. Du skulle jo vore her mellom oss ennå og kverulert litt meir. Du og meg skulle jo tenkt ut litt meir korleis vi skal sparka lakeseoppdretterane i ballane.. Litt feigt å overlata all ballesparkinga til meg no.

Ikkje alle forunt å forlata denne verda med beste venen sin attmed seg. Eg høyrde han vakta og sørga over deg då dei fann deg.

Så vi skal samalst av og til , vi kompisane som er att. Vi skal ta oss ei øl og minnast deg… Og det er masse artige episodar å minnast. 

Slik som eg ser det så går det ein gjeng med sjølplagerar i korridorane på Stortinget. For om vi er eit av dei største oljeproduserande land i verdsdelen så SKAL vi slett ikkje gje oss lov til å bruke denne ressursjen  fritt. Det vert for lettvindt. For når det vert iblanda allslags oljer og fankenskap i drivstoffet nedover i verdsdelen..så  SKAL  sjølsagt vi her på berget blanda inn ennå meir oljer og fankenskap. Då får det bæra eller brista om vi legge resten av regnskogen flate.

Og gass…gass er ein uting og  sjølplagerane bestemmer seg for å legga ned gasskraftverk som vi har ferdige og som det eigentlig berre var å skru på brytaren så var dei på nett. Men som sagt nei..det blir alt for lettvint også om alt er betalt for og er klart. Kineserane satsar på gasskraftverk dei no og legg ned kullkraftverka sine pga av høge forureining. Men det skal ikkje henda her..for det er for lettvint.

Og kraft, rein og fin vannkraft..nei sjå det, det blir for lettvint.  Då heller å legga tjukke svære kablar ned til kontinentet for å bli kvitt denne ressursjen til ein billig penge. Nei ..vi må jo snu dette også og ikkje ha det for godt prismessig. Då mykje heller å kjøpa dyre kol eller atomkraft attende. For vondt skal vi ha det.

Av og til lure eg på om dei rikspolitiske sjølvplagerane skulle hatt avgrensa makt til berre å kunne bestemma over ts kloakksystemet under Stortingsbygningen. Så kunne dei hatt avlufting i frå denne midt oppe i salen..slik at vond lukt hadde strøyma opp og hatt det vondt når det var avstemmningar og slikt.

 

Eg trur at når ein blitt for gammal , trege og ein gir blaffen i utvida reiseradiusen sin, så er det ikkje stader med lava , sandstrender  og palmer som ein trege på å ikkje ha fått med seg. Trur det er at ein har gått glipp av Gallhøpiggen, ikkje ha rafta i Sjoa, svømt i oktoberkaldt vatn på Romsa eller den gongen ein glømte  «verre enn minken»  flua då ein endelig sto der , klar til å kaste i det flotte utosen i eit blankt fjellvatnet. Altså ting og saker å oppleva ikkje så langt ifra oss.

Føriverda var det jo litt status å ha eit titall stempel i passet..Og det var jo ok å treffa folk frå andre nasjonar og utvida sin horisont den vegen.

Men no altså..bestille plass til Harstad på Hurtigruta. Tar med Volvoen som skal frakte deg via Hinnøya , Lofoten og Bodø på veg sørover igjen. Og alt ein har til å bekymra seg over er at det er nok kroner på kontoen, varmeapparatet må virke, nok diesel på tanken, at solbriller , briller, reine klede, nettbrett, og tannbørste er med. Behøve ikkje stort når ein køyrer igjøno storslagen natur sørover. Kanskje må ein ta med slukstanga for å prøve torsken ved eit eller anna fergeleie. Får heller gje vekk fisken for kokeapparat er ikkje med på denne turen. Får sjekke inn på hotell som har god frokost på menyen og prøve kjøttkakene på vegkroene. Keine sorgen… Berre håpe på eit fint aprilvær.

Reknar med å råde grunnen eller vegen  aleine..vi og Polske og Latviske vogntog. Slepper vel tyske bobilar på denne tida av året..

Keine sorgen….

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.