Av og til er det mykje som er artig som ein drar på smilebandet av i kommentarfelta. Som ..ein som kommenterte i forbindelse med reindrifta i nrk 2. Han meinte det var heilt forkastelig og eit sannt dyrplageri å reka rundt med desse
reina i mil etter mil , når det endelege målet som vinka der framme var ein sikker død for reina og at de skulle bli havna på matbordet til dei som «plaga» nesten livet av de. Ikkje veit eg kor innskrivaren fekk sin mat
ifrå …sikkert frå kjøttdisken på Coop. Vi behøver vel ikkje gå inn på korleis kjøttdiskane på Coop og rundt om vert fyllte opp..
Men kanskje han han hadde sett ljoset og konvertert til
å ha kun grønnt , frø, innsekter ol på sitt matbord. Kanskje han var av dei som held vegetarfanen høgt og nærmast såg eller ser med avsky på oss stakkarar som ikkje heilt har sett det rette ljoset ennå.
Men kan han no vera så heil sikkert på at det ikkje finnes liv i grøne stenglar, bønner og planter som han tyller i seg?
For eg veit nesten med sikkerhet at det finnes ein «nesten» intelligent liv i planter.
For i dagar som eg har budd aleine og hatt ansvaret for mine eigne plantar så har eg sett at plantene har snudd seg etter meg når eg kom inn i eit rom. Grunnen til det forsto eg ikkje før altandøra ein dag bles opp og det bles
støv opp av pottene…