Interessant å lesa ein kronikk av Petter Gottschalk, økokrimforskar, som bekjenner sine synder i eit forsøk på avlat. Han fortel om smøreturar for næringslivet til reisemål i aust og vest . Flotte hoteller..middagar..festar.
Han fortel at deretter rettferdigjorde slike turar med gjerne å kalle det for seminar og der han opptrådde som forelesar.. Om dette er ei ukjend verd for dei fleste av oss så har vi vel noken kver vore borti feite julebord og weekendfestar
i våre arbeidsplassar sitt tegn, utan at vi har fått den heilt store angeren, utan ein vaksen hangover då. Men eg veit også at i det halvstore firmaet (interkommunalt) som eg var ansett i, var det fancye turar for styret m/følgje
, til både Island og New York. Og når det var sildajazz var champangne og sigarfaktoren høge..
Og Gottschalk fortel om ein pengebruk og ein (for meg) ukultur utav ein annan verd.. I verdas rikaste land flaut pengene i strie
straumar på desse turane..Han fortel at den første båten som dei hadde på hytta vart døypt «Smøretur»… No har den godeste Gottsschalk sett ljoset og har både selt båten gjort gratisarbeid
for Manifest tankesmie med eit håp om å få avlat for gamle synder. Han har også skrevet «Toppen av isfjellet» som handlar om omfanget av kvitsnippkriminalitet.
Eg berre nemner dette i desse Jensen tider der
aktor indignert forlangar lovas strengaste straff for å korrupere seg , som å få gratis baderom og nye klokka.
Den aktoren burde vore på firmabesøk hjå noken kver.