Ho sa ho elska staden. Ho hadde leigd seg inn no i påsken. Hadde budd der før , for ein 6-8 år sia. Damo det er snakk om, var ei runde ,trivelige og på vår alder , sånn ca. . Opprinnelig kom ho nok i frå
ein stad ennå lengre aust enn Østfold, der ho budde no, Litauen kanskje eller Polen. Huset ho hadde leigd ligg på Ola Vik området, turområdet våres og mange andres. Eit lite , kvitt, enkelt hus som mang ein forfattarspire
har vore innom for å fjerna skrivesperra si. Dette var altså drøymestaden til dama. Her hadde ho tatt med seg barnebarna slik at dei også kunne verta glade i huset og området. Eit flott turområde som ma, ein friluftsbarnehage
har som base, og som skular, småbarnsfamiliar og andre dødlege, som oss, brukar. Det er ein stiftelse underlagt kommunen som drive området. Ein stiftelse med alt for lite pengar til å leige inn hjelp til ma å rydda
opp etter Nina og andre friske stormar som har lagt delar av skogen flat. Friluftsrådet er nedom av og til, for å slå grøntområdet og for å henta eingongsgrillar og anna søppel som håpefullt ligg oppi søppelspanna
som er utplasserte. Og ett par flinke pensjonistar som er og har vore aktive i litt vedlikehald.
Men så var det denna damo då, som sto midt i turstien , med ei rive, ein spade og eit stort smil. Raka og rydda, og planta blomar til og med.
Ho sto der dagen etter også, like blid. Då hadde mose , greiner og ruskehaugane vakse ennå meir. Ho visste ikkje heilt kva ho skulle gjera med haugane. Eg foreslo at dei kunne flyttast litt utafor stien.
Men det var nok ikkje godt
nok forslag fordi dagen etter hadde ho fått tak i egna sekker for å fylla dei med dette rusket og rasket. Sekkene hadde ho stabla i en store haug. Alt i alt var det gjort eit godt stykkje arbeid her dei dagane damo hadde påskeferie.
Så no er det vel opp til stiftelsen å få denne haugen med sekkar ned til miljøstasjonen. Men for så vidt så har eg jo ein tilhengar eg også, kunne jo tatt den jobben. For om ein har raudt pass så skulle jo
det gå…eller?