|
|
|
|
|
Blogg
Kommunane går med overskot så det susar..Blårussen som sit i toppane og drar i trådane får sine våte ynske oppfylde. Om det er ein skyhøge eigedomskatt som er innført, i alle fall her i kommunen, eller
om det er blodpengar frå oppdrettsnæringa som gjere utslaget , det veit vi ikkje. Men det er jo kjekkt for administrasjonane for ein gong skuld får slå seg på brøstet…og for ein sjeldan gong legga vekk brunosten
og feira med kvite dame. Det er dei vel unt viss dei har alt sitt på det tørre…sjefane altså. For dei har vel neppe vorne færre eller gått nerøve i sjefregulativet ..snarare tvert om. Så får ein
inderleg håpa at dei har passa på at dei eldre, sjuke og dei unge har fått det dei har krav på. Og at dei passar på at dei ansette kanskje kan få fulle stillingar, enn slik som det har vore å slita seg til 17,5%,
35% eller kanskje 66% stillingar. Er det at dei fleste er kvinner ,at hjelpepleierar, sjukepleierar at dei må godta å verta ansett på slike vilkår? Mange har jo også den tvilsame tittelen å berre vera ringevikarar.
Eg trur rett og slett ikkje at vi mannfolk hadde tolerert dette. Det er jo snart kvinnedagen , og det måtte vera eit ok banner å gå under ,det å få verta ansett i ein stilling slik at ein kunne oppretthalda eit nokelunde
anstendig liv. Eg veit også at ansette på sjukeheimar vert squiza ut når kontraktida er over pga av at NAV driv og sponsar dei neste som kan gå inn i stillingane. Dette er ikkje eit arbeidsliv verdig. Ikkje er det
kjekkt å sjå bildene pårørande til sjukeheimspasientar har tatt av maten som vert presentert for våre eldre heller. Men la oss håpa på at kommunane gjere rett og sjel for seg og held sin sti rein når
det gjeld service for innbyggerane. Sjølsagt behøver vi ikkje minna administrasjonane at dei er til for innbyggerane..ikkje motsett. Og til blårussen på toppen: Det er vel ikkje det øveorda målet å
ha eit svært overskot i ein kommune..eller?
Du liker denne siden
Vi er flaska opp i romersk rett og kristen moral..og ..og det er kanskje ennå viktigare, det vi har med oss heimante. For det som mutteren eller fatteren , eller begge to saman , tanter og onklar, gode naboar og lærerar , lærte oss
,er kanskje det viktigaste ballasten me har med oss ut i livet. For dei har gjerna lært oss å bli glade i naturen,masse småe triks som å knyta skoa, pusse tenner, tørka seg skikkelig bak og vaska seg etterpå. Ta ein dusj
, sitta pent, være snille mot dyr, ikkje være storkjefta , væra høflige, vera eit medmenneske, bli glad i å lesa, tre på makk, knyte på ein sluk, starte ein semisabb... Kort og godt goe folkeskikk og litt til.
For vi som har eller i alle fall trur vi har goe folkeskikk , vi roter oss ikkje borti alvorlig kriminalitet, meetoo situasjonar, slosskampar verbale, eller på død og liv. Vi har eller bør ha sperrer for utsetta våre medmenneske
for hatmeldingar og krasse , sårande bemerkningar i det offentlege rom og på nettet. Okay , personleg synes eg vi kan yppa oss litt i mot politikerar og dei «styrande», maktmenneske, når dei går alt for langt
i å trakasere og ta seg til rette ovanfor andre menneske og naturen. Å halda slike folk i øyrene er berre sundt og er eit «must». Vi kan be dei dra til hælv… på ein fine , innpakka måte , om slike
finnes. Og det gjere de..vi har jo folkeskikk.
Du liker denne siden
Kor faen gjere me feil? Vi ser trivelege ungdommer i PyeongChang…»Oh my Good «roper yankeen når dei har klart ein 360 grader x 2 i sloopstyle.. «Kom an..kom an»..roper sponsorar og tilreisande frå
det landet som snart har 15gull. Tyskerane ropar etter kombinertløperane sine og Østerikerane roper «Hopp hopp» eller noke slikt. Det er glade Italienerar og russerar..Til og med svenskekongen smiler..Erna er kledd i Mariusgenser..
og TVNorge sender alt for mykje reklame.. Men det er jo slik det skal vera i 2018. For i neste TV bilde ser ein blanke jagerbombefly imot ein vakker blå himmel over Syria. I kjølestripa ligg sønderbomba hus, blødande
barn, drepte foreldre og gråtande bestemødre. Eit verdssamfunn som fikser det meste, brukbart samkvem mellom dei forskjellige land , meir og mindre . Men dei kan hvis dei vil. Under Vietnamkrigen marsjerte ungdom i gatene og forlanga
at det skulle bli fred. No gøymer ungdom seg i klokketårn og skyter andre som aldri har gjort dei noke vondt. Religionar med forkvakla tolkere vil drepe alle «vantro». For Verdas mektigaste mann er murar mellom menneske det viktigaste.
Eg veit..oppover menneska sin historie har vi alltid kluddra det til… Men no er vi 2018..vi er opplyste , velutdanna, vi kan vår historie. Så kor faen gjere me feil.
Du liker denne siden
På torsdag trur eg at vi tar med oss to barnebarn , 13 og 9 , som er på besøk no i vinterferien og drar inn til Odda . Der er det stormarkering imot ACER , eller regjeringsforslaget om norsk tilknytning til Agency of coorperation
of energy, energiunionen i EU. Og fagforeningane over heile Sunnhordland og Hardanger vil markera motstand i mot dette. Det er også viktig å fortella ungdommen om at sjølv om det norske folk har stemt i mot unionen 2 gonger..så
prøver den noverande regjeringa å selje ut alt vi har til unionen. Viktig at ungdommen får med seg dette sviket.. Først prøvde høgrekreftene med arbeiderpartiet i spissen , å innlemma oss 2 gonger, men folke klarte,
på trass av eit enormt press og politikerprat om at det kom til å gå heilt til helsikes med å stå utafor å bevare roen og sin sunne fornuft. Og at det har vore 2 bestemte Nei frå folket har i ettertid vist,
at pga av olja vår og fornuftig styring , at vi har klart oss bra. . Heile tida har det vore vore press frå høgrekreftene om å innordna oss meir og meir EU oppover. Tilhengerane for denne avtalen har nesten gått tomme for
argument. I denne saka drar dei opp i det siste halmstrået med å stempla motstanderane som ein gjeng opprørerar med hammar og sigd i bannerane sine. Har me ikkje høyrd det før? Viktig å lære ungdommen
at det er eit liv der ute som dei etterkvart skal ta stilling til viktige politiske saker , som dei også etter kvart skal overta styringa til.
Du liker denne siden
Trivelig at samane vart skikkelig feira i går.. Alle medier var høgt oppe , og slo om seg med joik , drakter og kvite snø på vidda. Det har ikkje alltid vore slik. Vi i vår generasjon visste nesten ikkje noke om våre
landsmenn frå nord før Tor Edvin Dahl skreiv boka om Ante , som seinare hamna på norske TVskjermar. Generasjonen før hadde jo fått med seg Voi Voi av Nora Brockstedt så dei sto jo litt sterkare. Men altså
huske at eg som soldat traff på ein same på ein pub nede på Harstad hamn tidleg på 70talet. Var vel langt nede i 3dje halvliteren då den koftekledde glei inn attmed meg ved bardisken. Vi fann tonen og prata greitt om Isak Strømseng
sine knivar, gjort av , først stål frå Tirpitz og seinare fjørblad frå amerikanske bilar. Vi prata om fiske i Tana og reindrift og litt til. Etter eit par halvliterar med prat fann vi ut at vi måtte vidare i lysløypa.
Lysløypa var ikkje så lang i Harstad på den tida , berre ein to tre plassar, men ho var der. Så neste stopp var på puben til eit hotell lenger oppe i byen. Men samen som var flott koftekledde og mykje finare kledd enn meg, kom
ikkje forbi vakta i døra. Vi krangla og bad men ikkje tal om..samen kom ikkje inn. Då drog eg opp trumfkortet og slengde ut til vakten at viss ikkje han slapp samen inn så skulle eg sørga for at ikkje ein einaste av dei fleire hundre
soldatane på Åsegarden leir skulle setta sin fot i etablissementet den vinteren. I ettertida kunne ein jo forstå at dette var eit skot i blinde og eg hadde neppe store nok makt og pondus til å halde fleire hundre øltyste
soldatar vekke frå Mackølet på den etablissementet sin pub, pga av ein koftekledde same. Men..akkurat der og då så virka det og vi slapp forbi vakta..samen og eg.
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|