Trivelig at samane vart skikkelig feira i går.. Alle medier var høgt oppe , og slo om seg med joik , drakter og kvite snø på vidda. Det har ikkje alltid vore slik. Vi i vår generasjon visste nesten ikkje noke om våre
landsmenn frå nord før Tor Edvin Dahl skreiv boka om Ante , som seinare hamna på norske TVskjermar. Generasjonen før hadde jo fått med seg Voi Voi av Nora Brockstedt så dei sto jo litt sterkare.
Men altså
huske at eg som soldat traff på ein same på ein pub nede på Harstad hamn tidleg på 70talet. Var vel langt nede i 3dje halvliteren då den koftekledde glei inn attmed meg ved bardisken. Vi fann tonen og prata greitt om Isak Strømseng
sine knivar, gjort av , først stål frå Tirpitz og seinare fjørblad frå amerikanske bilar. Vi prata om fiske i Tana og reindrift og litt til.
Etter eit par halvliterar med prat fann vi ut at vi måtte vidare i lysløypa.
Lysløypa var ikkje så lang i Harstad på den tida , berre ein to tre plassar, men ho var der. Så neste stopp var på puben til eit hotell lenger oppe i byen. Men samen som var flott koftekledde og mykje finare kledd enn meg, kom
ikkje forbi vakta i døra. Vi krangla og bad men ikkje tal om..samen kom ikkje inn. Då drog eg opp trumfkortet og slengde ut til vakten at viss ikkje han slapp samen inn så skulle eg sørga for at ikkje ein einaste av dei fleire hundre
soldatane på Åsegarden leir skulle setta sin fot i etablissementet den vinteren.
I ettertida kunne ein jo forstå at dette var eit skot i blinde og eg hadde neppe store nok makt og pondus til å halde fleire hundre øltyste
soldatar vekke frå Mackølet på den etablissementet sin pub, pga av ein koftekledde same. Men..akkurat der og då så virka det og vi slapp forbi vakta..samen og eg.