Vi er flaska opp i romersk rett og kristen moral..og ..og det er kanskje ennå viktigare, det vi har med oss heimante. For det som mutteren eller fatteren , eller begge to saman , tanter og onklar, gode naboar og lærerar , lærte oss
,er kanskje det viktigaste ballasten me har med oss ut i livet. For dei har gjerna lært oss å bli glade i naturen,masse småe triks som å knyta skoa, pusse tenner, tørka seg skikkelig bak og vaska seg etterpå. Ta ein dusj
, sitta pent, være snille mot dyr, ikkje være storkjefta , væra høflige, vera eit medmenneske, bli glad i å lesa, tre på makk, knyte på ein sluk, starte ein semisabb... Kort og godt goe folkeskikk og litt til.
For vi som har eller i alle fall trur vi har goe folkeskikk , vi roter oss ikkje borti alvorlig kriminalitet, meetoo situasjonar, slosskampar verbale, eller på død og liv. Vi har eller bør ha sperrer for utsetta våre medmenneske
for hatmeldingar og krasse , sårande bemerkningar i det offentlege rom og på nettet. Okay , personleg synes eg vi kan yppa oss litt i mot politikerar og dei «styrande», maktmenneske, når dei går alt for langt
i å trakasere og ta seg til rette ovanfor andre menneske og naturen. Å halda slike folk i øyrene er berre sundt og er eit «must». Vi kan be dei dra til hælv… på ein fine , innpakka måte , om slike
finnes. Og det gjere de..vi har jo folkeskikk.