Kommunane går med overskot så det susar..Blårussen som sit i toppane og drar i trådane får sine våte ynske oppfylde. Om det er ein skyhøge eigedomskatt som er innført, i alle fall her i kommunen, eller
om det er blodpengar frå oppdrettsnæringa som gjere utslaget , det veit vi ikkje. Men det er jo kjekkt for administrasjonane for ein gong skuld får slå seg på brøstet…og for ein sjeldan gong legga vekk brunosten
og feira med kvite dame. Det er dei vel unt viss dei har alt sitt på det tørre…sjefane altså. For dei har vel neppe vorne færre eller gått nerøve i sjefregulativet ..snarare tvert om.
Så får ein
inderleg håpa at dei har passa på at dei eldre, sjuke og dei unge har fått det dei har krav på. Og at dei passar på at dei ansette kanskje kan få fulle stillingar, enn slik som det har vore å slita seg til 17,5%,
35% eller kanskje 66% stillingar. Er det at dei fleste er kvinner ,at hjelpepleierar, sjukepleierar at dei må godta å verta ansett på slike vilkår? Mange har jo også den tvilsame tittelen å berre vera ringevikarar.
Eg trur rett og slett ikkje at vi mannfolk hadde tolerert dette. Det er jo snart kvinnedagen , og det måtte vera eit ok banner å gå under ,det å få verta ansett i ein stilling slik at ein kunne oppretthalda eit nokelunde
anstendig liv.
Eg veit også at ansette på sjukeheimar vert squiza ut når kontraktida er over pga av at NAV driv og sponsar dei neste som kan gå inn i stillingane. Dette er ikkje eit arbeidsliv verdig.
Ikkje er det
kjekkt å sjå bildene pårørande til sjukeheimspasientar har tatt av maten som vert presentert for våre eldre heller.
Men la oss håpa på at kommunane gjere rett og sjel for seg og held sin sti rein når
det gjeld service for innbyggerane. Sjølsagt behøver vi ikkje minna administrasjonane at dei er til for innbyggerane..ikkje motsett.
Og til blårussen på toppen: Det er vel ikkje det øveorda målet å
ha eit svært overskot i ein kommune..eller?