Kor faen gjere me feil? Vi ser trivelege ungdommer i PyeongChang…»Oh my Good «roper yankeen når dei har klart ein 360 grader x 2 i sloopstyle.. «Kom an..kom an»..roper sponsorar og tilreisande frå
det landet som snart har 15gull. Tyskerane ropar etter kombinertløperane sine og Østerikerane roper «Hopp hopp» eller noke slikt. Det er glade Italienerar og russerar..Til og med svenskekongen smiler..Erna er kledd i Mariusgenser..
og TVNorge sender alt for mykje reklame.. Men det er jo slik det skal vera i 2018.
For i neste TV bilde ser ein blanke jagerbombefly imot ein vakker blå himmel over Syria. I kjølestripa ligg sønderbomba hus, blødande
barn, drepte foreldre og gråtande bestemødre.
Eit verdssamfunn som fikser det meste, brukbart samkvem mellom dei forskjellige land , meir og mindre . Men dei kan hvis dei vil. Under Vietnamkrigen marsjerte ungdom i gatene og forlanga
at det skulle bli fred. No gøymer ungdom seg i klokketårn og skyter andre som aldri har gjort dei noke vondt. Religionar med forkvakla tolkere vil drepe alle «vantro». For Verdas mektigaste mann er murar mellom menneske det viktigaste.
Eg veit..oppover menneska sin historie har vi alltid kluddra det til… Men no er vi 2018..vi er opplyste , velutdanna, vi kan vår historie. Så kor faen gjere me feil.