Blogg

9 april for snart 78 år sia rasa herrefolket inn over grensene på fredelige Norge.  Dei visste nok kva dei gjorde, Fritz og Heinz.  I Sverige var det lite å henta..der laga dei framleis bilar med delte bakruter. Jovisst hadde dei gode kulelager og malm .. Men malmen vart jo sendt til Narvik så det var berre å skaffa seg kontroll over den havna..så ordna det seg nok med svenskane. Og svenskane var jo «gode» naboar..dei skaffa Fritz grei skyss over grensa til Trondheim. I Her heime hadde jo Vidkun og kupanane hans ordna godt opp i førekant så det var ikkje den voldsame motstanden. Noken hundre soldater i tap måtte ein rekna med når ein skulle kue eit land med masse kraft og industri inn under StorTyskland. 

Vi veit alle korleis det gjekk . Etter 5 år måtte Vidkun og ein del andre bøta med livet framfor ein kalde mur inne på Akershus festning. Det han klarte på desse åra var å få etternamnet sitt synonymt som ein landsvikar ute i den store verda  .

Det var den gang då..men no, etter to folkeavstemmingar med rugande nei, så vil igjen politikerar selga oss ut og ta frå oss sjølråderetten over våre resursjer. Politikerane har så viselig funne ut at dei ka selge ut Norge bit for bit..då slepp ein ulempen med å få folkets nei igjen i folke avstemmingar. 

Vel var vi i 1940 åra i ein stor  krig og det er sjølsagt  ikkje er  sammenlignbart med det som nå hender  i våre dagar , men svik er eit svik  Så  eg trur at dei som om noken år vil skrive og anylysere historia vår ..kanskje ..ja kanskje vil ta i bruk etternamnet til den same Vidkun for å gje dei ansvarlege politikerane som er  ferd med å gjera dette mot i landet sitt, eit namn som er dekkande ..

I dei første åra då eg jobba i Litledalen/Hardeland  som Elektromaskinist/Maskinmester , så låste vi knappt dørane til stasjonane når vi var på jobb. Vi var på kontrollrommet , og ofte kom det folk ned trappene . Folk vi knapt nok kjente. Dei kom slentrande inn mellom Generator og Linjebryterar..ville kjøpa fiskekort eller høyra om vær og føretilhøve på fjellet. Aldri om det hente noke dramatisk om folk var tett inn på hjarta til strømforsyninga på Haugalandet. Fransisane i Litledalen og Peltonane på Hardeland summa og gjekk og produserte strøm på ein ok måte ut til det norske folk. Vi hadde full kontroll med vannstand i magasina. Køyrte ned på sommaren for å ta i mot haustregnet. Alt var lagt opp oversiktelig og greitt for å levare strøm ut til folket. Vi kjøyrte ut konsesjonkraft om sommaren slik at Litledalselva ikkje skulle gå tomme..laksen, for då var det både laks og sjøaure ,fikk sitt. Om enn i minste laget etter min smak..men..men. Så kom vi inn i Northpool. Ein nordisk kraftbørs. Då vart det med eingong meir penger i spelet. Leiarskapet i kraftselskapet vart også skifta ut på toppen. Ut med sivilingeniørane og ingeniørane  og inn med blårussen. No skulle det tenast penger. Alt skulle snuast på. Arbeidsmiljøet ved kraftstasjonane vart nærmast lagt øyde..sentraliseringa var igong. Alt skulle ut og fjernstyrast frå Haugesund. Konsesjonskrafta vart køyrt ut i ein smell…dårlig butikk for blårussen å tenka på vannstandvs laks og sjøørret.

For å komma inn i ein av stasjonane no,krevest det  plastkort med ein masse underskrifter og godkjenning av HMS…viktig  viktig.

No etter regjeringas antagelige svik er det vel berre å lage dublikatnøklar til EU og kremmerane i Acer..

Vannkrafteventyret har vel ein 120 år på baken her på berget. Eit fantastisk eventyr som vi alle har nytt godt av.  Men dei siste 20åra har blårussen og kremmerane jobba for at vi skal føre dette evetyret ut av landet..og nå ser det ut til at dei er i sluttfasen av dette arbeidet. Det er rett og slett ei skam.

Ein kan sei ka ein vil om Erna..og det seier vi jo. Men ho har guts som har satsa på i alle fall to lause kanonar i regjering. For det første.. Sandberg, komiske Ali, som har utan å ha skam har sett seg godt til rette på oppdrettsmilliardærane  sine fang .Utan å ha ein einaste tanke for å berge den fantastiske villaksen.  Berre skaffa Norges rikaste enda fleire milliardar. Og..som den første komiske Ali påsto seier ..ingen fare ..ingen fare.

Og no har ho også ein minister som berre blir overgått av Trump på Twitter. Men der Trump får tilgivelse ,blir denne ministeren sjølsagt fanga opp av motparten og brukt for alt det det er verd. Og som lause kanonar flest så kan ho ikkje skylda på andre enn seg sjølv.

Og Erna er nødt til å spissa øyrene og stålsetta seg for dei rumlande lause kanonar som herjer vilt nede på våpendekket. Er du stayer Erna, klarer du dette løpet?

Erna og Støre gjer bort landet

som dei turer fram.

Tyske, Franske dei skal styre med

med vårt vatn.

slukker ljos i dei tusen hjem.

Vi har berre gode minner

frå dengong vi var sjef.

Men med brukket rygg

under Brussel.

Utan framtid, håp og tru.

(3 siste linjer skal med gråt i halsen syngas ein gong til)

 

Tyskere i båt og hytter

har jo prøvd det før.

Men vår fader og vår moder

jaga dem  i femogførr.

Men alt som vår forfedre har bygget

Vil dei riva ned.

Vi som stemte nei

to gonger

 dei vil ha oss ned på kne.

 

Politikerane aust for Drammen

bør ta til vett til slutt.

Vi liker jo den gamle sangen

Den som Ibsen skreiv forut.

Politikere er folkets tjenere

Det er visst noen som har glemt det.

Det var Erik By , den vise

Som slo

fast det

 

I dagens KK (Klassekampen)vert det skreve om den store , stille, småskuleraseringa som har vore her til lands dei siste 30åra, og vel så det. 1500 småskular er raderte vekk, pga av sentraliseringa som er så viktig, viktigare enn noke anna visstnok. I det siste har vi lest at folketalet i dei fleste kommunane er på veg nedøve. Ikkje rart det når styresmaktene sagar av den greina , som små kommunar, sitt på. Småskulane var jo sjølve navet i dei små krinsane. I tillegg til å vera ein trygge øvesikteleg skule, og kanskje barnehage på dagtid, treningslokale, øvingslokale, samlingstad på kvelstid . 

Men leggast ned  skulle dei. Innsparingane var store i slunkne kommunekassar. Mon det.  Berre i vår kommune er det i alle fall 6 småskular som er lagt ned . og nesten raserte.

Vår (Solf. og meg),  sin turkompis , Torodd Fagerheim ,som vi traff og  jamma med, (han spelte trekkspel), på norgåande hurtigrute ,skriv ma i KK :  Ein ung familie som skal stifte bu, vil ha butikk og skule i nærleiken. Manglar lokalsamfunnet det , etablerer dei unge andre stadar. Først fører sentraliseringa til skulenedlegging, så deretter til ytterliggande sentralisering.   Mange viktige ting vert tapte for alltid.

Kan legga til for min eigen del..at noke av det tristaste som ein ser når ein køyrer rundt i kongeriket er mørke fjøs og malingslitte nedlagte skular.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.