På torsdag trur eg at vi tar med oss to barnebarn , 13 og 9 , som er på besøk no i vinterferien og drar inn til Odda . Der er det stormarkering imot ACER , eller regjeringsforslaget om norsk tilknytning til Agency of coorperation
of energy, energiunionen i EU. Og fagforeningane over heile Sunnhordland og Hardanger vil markera motstand i mot dette.
Det er også viktig å fortella ungdommen om at sjølv om det norske folk har stemt i mot unionen 2 gonger..så
prøver den noverande regjeringa å selje ut alt vi har til unionen. Viktig at ungdommen får med seg dette sviket.. Først prøvde høgrekreftene med arbeiderpartiet i spissen , å innlemma oss 2 gonger, men folke klarte,
på trass av eit enormt press og politikerprat om at det kom til å gå heilt til helsikes med å stå utafor å bevare roen og sin sunne fornuft.
Og at det har vore 2 bestemte Nei frå folket har i ettertid vist,
at pga av olja vår og fornuftig styring , at vi har klart oss bra. . Heile tida har det vore vore press frå høgrekreftene om å innordna oss meir og meir EU oppover. Tilhengerane for denne avtalen har nesten gått tomme for
argument. I denne saka drar dei opp i det siste halmstrået med å stempla motstanderane som ein gjeng opprørerar med hammar og sigd i bannerane sine. Har me ikkje høyrd det før?
Viktig å lære ungdommen
at det er eit liv der ute som dei etterkvart skal ta stilling til viktige politiske saker , som dei også etter kvart skal overta styringa til.