Blogg

Alle har vi noke vi skulle gjort i desse tider..noken spar i jorda, noken maler hytta, noken skulle jobba ennå litt til med båten. Men vi må ikkje gløyma at det er 1erste mai i dag. Viktig at vi sakker ned , kanskje til og med får med oss ein eller anna tale, i ypperste fall gå i tog. Ser ut til at denne dagen aldri går av moten og blir viktigare og viktigare i desse ulvetider.

Ikkje greit for ungdommen å finna jobb. Du er slett ikkje tørr bak øyra , etter dei som skal «beskytta» ungdommen si meining, til å kunne gjera noke konstruktivt og få litt betaling for dette. Vanskelig å få sommarjobb, og dermed arbeidstrening.  Våre nye arbeidsinnvandrerar frå aust har derfor fleire år på baken i fullt arbeid, når dei i konkurranse med vår eigen ungdom skal ut i arbeidslivet. Og ein arbeidsgjevar vil ofte ha ein med meir arbeidstrening..slik er det berre. «Vår» ungdom vert skadelidane og må stå på sidelina medan arbeiderinnvandrerane tar jobbane. Og er du så «heldig» at du har fått lærlingeplass og /eller skuleplass så må du kanskje jobbe gratis i månadsvis for å oppnå x antal timar som du treng til å få det og det sertifikatet for arbeidslivet. Ungdommen gjere ofte gjengs arbeid og burde få betalt deretter. Men det blir å gå til sine føresatte og be om penger til det mest nødvendige. Slik burde det ikkje være når du er 17-20år...

Du må ofte oppsøka eit inneffektivt NAV for å kunne få pengar til leva. Skal du inn i det store løftet med å få eigen bustad må du knegå familien om hjelp. Er det ingen hjelp å få ligg ungdommen dårlig an , krava til eigenkaptal er skyhøgt.

Så er det å gå inn i eit arbeidsmarked som har ein mykje lågare sosial standard enn då eg var ung. Her er det prosjekt arbeid som ofte gjeld. Du kan råka ut , viss du i det heiletatt får deg arbeid ut for ulvar som Karmøy KHV er. Eit firma som behandla sine ansette under all kritikk..som braut alle alle lovar i eit arbeidsmarknad som vel kunne brytas..og slapp unna med det i år etter år, heilt til Haugesundsavis begynnte å skriva kritiske artiklar om firmaet. Gadd vite kor mange hundre slike firma som er der ute.

Det må ordna opp i dette uvesnet og det er å håpa på at blårussen blir frateke makt i eit arbeidsliv der  profitt er vitigaste..ikkje trivsel, trygghet og foutsigbarhet.

I dag er det 100 år sia 8 timers dagen vart innført og ..Og vi treng verkeleg 1 mai og dei kreftene den genererer meir og meir .

Korleis sexsymbolene for oss mannfolk er eller kjeme ifrå..er heile tida i endring. Når mor og tanter må vika plassen som hovudinteressa for ein jypling ,som hadde ein songstemme som før gjekk nesten i høge C , men som no kunne nærma seg Louis Armstrong på ungdommelege festar, så var vel kanskje nabojenta tvers øve gjerdet som hadde høgaste appeal. Etter kvart når ein måtte vidare ut her i livet , vart det kanskje ferierande byjenter eller smekre ryper frå nabobygdene som vart det altoppslukande. Hollywood og kanskje fransk film spelte også ein ikkje ubetydelig rolle..Her var Loren, Monroe og Birgitte Bardot dei mest knallsexige. Etter kvart stakk vi fingeren i jorda og innrømma at der kjeme vi aldri til.. Åra gjekk og våre sønner var vel ikkje så langt unna oss..men no vart det Samanta Fox som hang rimelig utbretta på gutteromma.  Men både sønnane og oss lærer og veit no at det er ein hær av flotte norske jenter der ute.

Men i dag , i dei større politiske kretsane så er ofte sexsymbola innad i dei forskjellige partia.. For dei litt eldre herrene så er det jo dei «nykristna rosene « i dei forskjellige partia som er den våte draum..jo yngre jo betre. Men i alle fall i eit parti er det unnatak. Det er mellom anna dei som kan gå ubemerka rundt på Felleskjøpet. Som er på hels med mange av dei ansatte der. Desse har dei litt meir tilårskommne og modne, og sikkert også lika flotte , som samtaleevne og draumeobjekter på friske gutteturar . Gutteturar der det flaumar over av norsk kjøtt og norsk akkevitt.  Mange «objekt» synes kanskje det er smigrande når ho får oppvartning og vert sett som her i dei politiske partia. Men her har gutta frå Felleskjøpets gangar feilrekna. Interesse og ordbruk har ført til sjukemelding for den utkåra. Trist for no var jo Vedumen på veg opp , som ei lysande stjerne, på den politiske himmelen. No får jo ikkje mannen tid til å drive med jordbruksoppgjerd og anna viktig politikk. Heile arbeidsdagen hans går med til å skal/skal ikkje poletianmelda ein av sine kåte partifeller.

Viss me skulle lage ei liste øve unødig pengebruk, må det å bruke mange millionar i amerikanske rettsalar for å i det heile tatt kunne utøva bistand ,komma høgt opp på ei slik liste. Slik som at Norsk Folkehjelp etter å ha brukt mange millionar i minerydding i Iran og demokratibygging på Gaza som straff for «avtalebråt» må betala 16 millionar til USA og på toppen 2,8 mill til ein sleipsekk av ein advokat som forlange dusør over å ha «avdekka» desse «graverande» sakene. Avtalebråtet er at NF har bistått Norsk Hydro med minerydding ved eit oljefelt i Iran og å ha samarbeida med enkeltpersonar på Gaza som står på USA sin liste øve saksjonerte enkeltpersonar. Det har med visstnok med terrorlovgivinga å gjera.

Og jaggu skal visstnok NF betala….for raslar EU eller Onkel Sam med sablane hiver norske politikerar og større firma seg ned på kne og gjere som kapteinane seier..utan knussel.

Norsk Folkehjelp gjere vel så godt dei kan og prøver å yta mest mogeleg effektive bistand med millionane sine. At dette er bitre greier er klart. Som ein av verdas største våpenprodusentar sel  USA våpen øve ein låge sko. Og det kan godt hende at det står Made in USA på dei mange landminene som NF er med å greve opp og uskadeleggjere . Uncle Sam tener altså penger på både sal og oppgraving av sine eigne landminer.

Når det gjeld bistand så er det ein store forskjel øve det å strikka ullstrømper til Afrika som Artur Klebo i si tid skreiv om. Då sat vestnorske mødre og bestremødre i misjonslaga rundt om og strikka tjukke gode ullstrømper som dei lodda ut . pengene sende dei ned til sine medsystre , slik at dei kunne finne vatn i nærleiken av landsbyane. Så vart ikkje turane , over kalde savannar, etter vatn og ved så lange og ofte.

 

Det er mykje rart ein kan lesa i avisens lesarbrev. Som i dag i HA der APleiaren (Høgremannen i fåreklær som Solf. kallar han) kjeme det ei lange utgreing om kor god og ansvarleg politikk for landet AP hadde då dei med desse spesielle krava sine heiv seg med FRP og Høgre og stemde inn oss inn i  Acer.  Dokker veit dei krava som skal overstyra Acer og halda Noregs energipolitikk inn i faste gode former for landet.  Tipper Acerkongane i nede i Tyskland ler seg ihel. Men altså , den fåreklærkledde la ut i breie og kjente former om dette geniale som no vi har vorte til del. Så skriv han: Politikere skal både lytte og lede.  Det var der eg datt av lasset og slutta å lese.  At han tør!!

I Stavanger Aftenblad kan ein lesa om ein Vindkrftutbygging  som er heilt vannvittig.. Trass i fylkespolitisk  utbyggingskåthet så er dette langt fra nok for NVE.. Dei siste er jo ein stat i staten så dei kjøyrer sitt eige utbyggingsløp. Og om dette ikkje er nok så mange av dei nå nybyggde vindparkane på utalandske hender. Dette er vel ein politikk som er midt i blinken for Acer , den forekledde , Høgre og Frp…

I desse politiske sirkustider er det AP som har blitt skubba ut på planken, har stupt, (valget) og no kjølhalte  (i Listhaugsaken). Dette er i god sjørøvarånd. No spørs det om dei har lært og at når dei dukkar opp på andre sida av båten, og gisper etter luft så ser dei alt klarare. Det seiast så når ein har «nesten» drukna. Då har livet passert i revy. La oss håpa Ap i denne revyen har fått med seg bildene av EUvalg i 72 og 94, og alt det andre traumatiske , voldsame som har hendt. Og no i det siste, arrogansen frå leiinga, nedturar, utmeldingar ,opprør i mot sine eigne. Ein kan vel ikkje vente det at analytikerane skal ha svaret klart…for det er vel opplest og vedtekje at AP skal være eit moderne parti med andlete retta imot Europa. Så spørs det om det vert tatt lærdom av alt som har hendt.  No er det kanskje lett å setta seg å sutra og skylde på at det er hatet frå høgresida som held på å øydelegga partiet.. Det er lett å ta på seg offerollen som den som er mobba og utstøytt. Stakkars meg.  Men kan det vera så enkelt at istadenfor å køyra sololøp for leiinga  og viss ein hadde høyrt på sine medlemmer og sine veljerar utanfor Osloregionen så hadde partiet stått fjellstøtt på + - 30% på meiningsmålingane.  Det trur eg.  Det er å håpa på at leiinga tar ansvar for alt dette elende. Dei må rett og slett gå av og stille sine plassar til rådvelde. La nye flinke folk, helst frå det brede laget i distrikta øvta og drifta dette partiet som bør vera tufta på sosial likhet, mot korrupsjon i samfunnet, mot fattigdom, gode skular , ta vare på sine eldre og tusen andre gode saker som partiet har vore talsmenn og kvinner for. Vi treng sjølsagt eit samla AP som lytter til sine landsmenn og ikkje til stormakter og rikfolk i EU og USA. Vi har evne og råd til å ta vare på denne steirøysa vi lever i. Og vi har evne og råd til å hjelpa andre også. Men det er folket som bestemmer…ikkje leiinga i Ap eller noke anna parti.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.