Blogg

Alle har vi noke vi skulle gjort i desse tider..noken spar i jorda, noken maler hytta, noken skulle jobba ennå litt til med båten. Men vi må ikkje gløyma at det er 1erste mai i dag. Viktig at vi sakker ned , kanskje til og med får med oss ein eller anna tale, i ypperste fall gå i tog. Ser ut til at denne dagen aldri går av moten og blir viktigare og viktigare i desse ulvetider.

Ikkje greit for ungdommen å finna jobb. Du er slett ikkje tørr bak øyra , etter dei som skal «beskytta» ungdommen si meining, til å kunne gjera noke konstruktivt og få litt betaling for dette. Vanskelig å få sommarjobb, og dermed arbeidstrening.  Våre nye arbeidsinnvandrerar frå aust har derfor fleire år på baken i fullt arbeid, når dei i konkurranse med vår eigen ungdom skal ut i arbeidslivet. Og ein arbeidsgjevar vil ofte ha ein med meir arbeidstrening..slik er det berre. «Vår» ungdom vert skadelidane og må stå på sidelina medan arbeiderinnvandrerane tar jobbane. Og er du så «heldig» at du har fått lærlingeplass og /eller skuleplass så må du kanskje jobbe gratis i månadsvis for å oppnå x antal timar som du treng til å få det og det sertifikatet for arbeidslivet. Ungdommen gjere ofte gjengs arbeid og burde få betalt deretter. Men det blir å gå til sine føresatte og be om penger til det mest nødvendige. Slik burde det ikkje være når du er 17-20år...

Du må ofte oppsøka eit inneffektivt NAV for å kunne få pengar til leva. Skal du inn i det store løftet med å få eigen bustad må du knegå familien om hjelp. Er det ingen hjelp å få ligg ungdommen dårlig an , krava til eigenkaptal er skyhøgt.

Så er det å gå inn i eit arbeidsmarked som har ein mykje lågare sosial standard enn då eg var ung. Her er det prosjekt arbeid som ofte gjeld. Du kan råka ut , viss du i det heiletatt får deg arbeid ut for ulvar som Karmøy KHV er. Eit firma som behandla sine ansette under all kritikk..som braut alle alle lovar i eit arbeidsmarknad som vel kunne brytas..og slapp unna med det i år etter år, heilt til Haugesundsavis begynnte å skriva kritiske artiklar om firmaet. Gadd vite kor mange hundre slike firma som er der ute.

Det må ordna opp i dette uvesnet og det er å håpa på at blårussen blir frateke makt i eit arbeidsliv der  profitt er vitigaste..ikkje trivsel, trygghet og foutsigbarhet.

I dag er det 100 år sia 8 timers dagen vart innført og ..Og vi treng verkeleg 1 mai og dei kreftene den genererer meir og meir .

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.