Viss me skulle lage ei liste øve unødig pengebruk, må det å bruke mange millionar i amerikanske rettsalar for å i det heile tatt kunne utøva bistand ,komma høgt opp på ei slik liste. Slik som at Norsk
Folkehjelp etter å ha brukt mange millionar i minerydding i Iran og demokratibygging på Gaza som straff for «avtalebråt» må betala 16 millionar til USA og på toppen 2,8 mill til ein sleipsekk av ein advokat som forlange
dusør over å ha «avdekka» desse «graverande» sakene. Avtalebråtet er at NF har bistått Norsk Hydro med minerydding ved eit oljefelt i Iran og å ha samarbeida med enkeltpersonar på Gaza som står
på USA sin liste øve saksjonerte enkeltpersonar. Det har med visstnok med terrorlovgivinga å gjera.
Og jaggu skal visstnok NF betala….for raslar EU eller Onkel Sam med sablane hiver norske politikerar og større firma
seg ned på kne og gjere som kapteinane seier..utan knussel.
Norsk Folkehjelp gjere vel så godt dei kan og prøver å yta mest mogeleg effektive bistand med millionane sine. At dette er bitre greier er klart. Som ein av verdas
største våpenprodusentar sel USA våpen øve ein låge sko. Og det kan godt hende at det står Made in USA på dei mange landminene som NF er med å greve opp og uskadeleggjere . Uncle Sam tener altså
penger på både sal og oppgraving av sine eigne landminer.
Når det gjeld bistand så er det ein store forskjel øve det å strikka ullstrømper til Afrika som Artur Klebo i si tid skreiv om. Då sat vestnorske
mødre og bestremødre i misjonslaga rundt om og strikka tjukke gode ullstrømper som dei lodda ut . pengene sende dei ned til sine medsystre , slik at dei kunne finne vatn i nærleiken av landsbyane. Så vart ikkje turane , over
kalde savannar, etter vatn og ved så lange og ofte.