Blogg

Korleis sexsymbolene for oss mannfolk er eller kjeme ifrå..er heile tida i endring. Når mor og tanter må vika plassen som hovudinteressa for ein jypling ,som hadde ein songstemme som før gjekk nesten i høge C , men som no kunne nærma seg Louis Armstrong på ungdommelege festar, så var vel kanskje nabojenta tvers øve gjerdet som hadde høgaste appeal. Etter kvart når ein måtte vidare ut her i livet , vart det kanskje ferierande byjenter eller smekre ryper frå nabobygdene som vart det altoppslukande. Hollywood og kanskje fransk film spelte også ein ikkje ubetydelig rolle..Her var Loren, Monroe og Birgitte Bardot dei mest knallsexige. Etter kvart stakk vi fingeren i jorda og innrømma at der kjeme vi aldri til.. Åra gjekk og våre sønner var vel ikkje så langt unna oss..men no vart det Samanta Fox som hang rimelig utbretta på gutteromma.  Men både sønnane og oss lærer og veit no at det er ein hær av flotte norske jenter der ute.

Men i dag , i dei større politiske kretsane så er ofte sexsymbola innad i dei forskjellige partia.. For dei litt eldre herrene så er det jo dei «nykristna rosene « i dei forskjellige partia som er den våte draum..jo yngre jo betre. Men i alle fall i eit parti er det unnatak. Det er mellom anna dei som kan gå ubemerka rundt på Felleskjøpet. Som er på hels med mange av dei ansatte der. Desse har dei litt meir tilårskommne og modne, og sikkert også lika flotte , som samtaleevne og draumeobjekter på friske gutteturar . Gutteturar der det flaumar over av norsk kjøtt og norsk akkevitt.  Mange «objekt» synes kanskje det er smigrande når ho får oppvartning og vert sett som her i dei politiske partia. Men her har gutta frå Felleskjøpets gangar feilrekna. Interesse og ordbruk har ført til sjukemelding for den utkåra. Trist for no var jo Vedumen på veg opp , som ei lysande stjerne, på den politiske himmelen. No får jo ikkje mannen tid til å drive med jordbruksoppgjerd og anna viktig politikk. Heile arbeidsdagen hans går med til å skal/skal ikkje poletianmelda ein av sine kåte partifeller.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.