Nett komen heim frå Rullestad Campingplass, eller Rullestad aktiv fritid som var namnet inntil for vel ein mnd sia. Hadde kjøpt eit hundehus frå ein familie som hadde fått marsjordre frå campingplassen og som nå
prøvde å selje ut det som kunne selgast. Mange andre som var i same situasjon jobba febrilske med å flytte på vogner, til andre campingplasser, rive isocamper, slå sund terrasser. Sjølve området der oppe likna
litt på ein krigssone..med den aktiviteten som var der. Stemninga i mellom camperane var tunge og triste. Deadline for å vera ute frå plassen hadde dei nye eigerane sett til 1erste juli..men dei hadde i sin "godhet " forlenga denne
med 14heile dagar. Spør du meg så er det nesten panikk for å få ut dei gamle brukerane. Og det er vel ikkje lengre enn eit par mnd sia Per Martin henta inn komleskiltet sitt la ned sitt livsverk. Vi takker han og teamet hans alle.
Det skal noke til å fylla dei skoa..
Eg, som nokre år tidlegare har campert med desse folka og som hadde lært meg å like plassen og dei førre driverane synes dette var leit. Ikkje kunne eg heilt forstå det
heller, for pressa som hadde skrevet om eigarskifte og situasjonen rundt malte jo i rosenraude termar om kor greitt dette hadde gått . Alle innvolverte, med unntak av den førre drivaren, var så fornøgde . Dei nye eigerane, banken
smilte imot pressa ..ja det var reine idyllen. Ingen tok seg bryet å interjuve eller spørje brukerane av plassen ka dei meinte eller syntes. Desse brukerane som i mange år hadde byggd opp det gode miljøet som var på denne plassen.
Dei som hadde byggd seg ein fristad her på denne steinfyllinga . Som hadde fått denne steinfyllinga til å blomstre. Dei som sjølvsagt betalte årlege leige med glede. Her fekk ungane og dei vaksne seg vener for livet. Dette
viste igjen med at oppvaksande slekt trilla opp sine eigne camingvogner og slo seg til ro der oppe, vart Etnebuar så godt som noken . Alle på campingplassen var på hels og eit godt tilhøve med dei fastbuande. Desse fastbuande
var og stolte på kva dei hadde fått til med massane frå Rullestadtunnellen. Dei hadde rett og slett skapa gull av gråstein. Det er det ikkje alle små bygdelag i Norge forunt.
No var ikkje desse vatnet verd.
Dei hadde knapt nok høyrt frå dei nye eigerane utan det å få tidsfrist til å flytte sine vogner , rive isocampene og komme seg vekk. På så korte frist at noken ville tape større pengesummar. (les større
pengesummar , 40000 til 60000kr ), som det vel er for vanlige folk. Ka som no skal komma veit i alle fall ingen av dei som eg snakka med i dag. Ein ting visste dei at dei mange tusen kronene som denne gjengen betalte inn for seg..var langt under målsettingane
til ka dei nye eigerane venta seg i inntening på plassen.
I dag er det lett å svinge utanom ein campingplass og heller svinge inn på neste. Det same er det jo med å skifte bank ..berre eit tastetrykk unna.
Slik som dei
nye eigerane, og andre innvolverte har gått ut i denne saken, kan dei aldri ha fått med seg Henning Kvitnes sin klassiker. Dokker veit den som har tittelen: «Evig eies kun eit dårlig rykte»