Blogg

I desse politiske sirkustider er det AP som har blitt skubba ut på planken, har stupt, (valget) og no kjølhalte  (i Listhaugsaken). Dette er i god sjørøvarånd. No spørs det om dei har lært og at når dei dukkar opp på andre sida av båten, og gisper etter luft så ser dei alt klarare. Det seiast så når ein har «nesten» drukna. Då har livet passert i revy. La oss håpa Ap i denne revyen har fått med seg bildene av EUvalg i 72 og 94, og alt det andre traumatiske , voldsame som har hendt. Og no i det siste, arrogansen frå leiinga, nedturar, utmeldingar ,opprør i mot sine eigne. Ein kan vel ikkje vente det at analytikerane skal ha svaret klart…for det er vel opplest og vedtekje at AP skal være eit moderne parti med andlete retta imot Europa. Så spørs det om det vert tatt lærdom av alt som har hendt.  No er det kanskje lett å setta seg å sutra og skylde på at det er hatet frå høgresida som held på å øydelegga partiet.. Det er lett å ta på seg offerollen som den som er mobba og utstøytt. Stakkars meg.  Men kan det vera så enkelt at istadenfor å køyra sololøp for leiinga  og viss ein hadde høyrt på sine medlemmer og sine veljerar utanfor Osloregionen så hadde partiet stått fjellstøtt på + - 30% på meiningsmålingane.  Det trur eg.  Det er å håpa på at leiinga tar ansvar for alt dette elende. Dei må rett og slett gå av og stille sine plassar til rådvelde. La nye flinke folk, helst frå det brede laget i distrikta øvta og drifta dette partiet som bør vera tufta på sosial likhet, mot korrupsjon i samfunnet, mot fattigdom, gode skular , ta vare på sine eldre og tusen andre gode saker som partiet har vore talsmenn og kvinner for. Vi treng sjølsagt eit samla AP som lytter til sine landsmenn og ikkje til stormakter og rikfolk i EU og USA. Vi har evne og råd til å ta vare på denne steirøysa vi lever i. Og vi har evne og råd til å hjelpa andre også. Men det er folket som bestemmer…ikkje leiinga i Ap eller noke anna parti.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.