Blogg

Rik vert eg vel aldri...men hvis eg hadde satsa, så trur eg at just nu hadde hatt 3 alternativ..

Det første er om eg hadde satsa på å drifta ei religiøs sekt..kanskje gått høgt opp på banen og annonsert at eg hadde sett ljoset og at eg no hadde starta «Ulsets ljos» . Så hadde eg annonsert dommedag..litt lauslig, slik at eg kunn flytta fram datoen ettersom kontoen var fylld opp. Eg hadde oppfordra menigheita til å frigjera seg frå verdas krav og selga alt verdsleg og betala inn avlat på min kontonr...35........ Avlat slik som lakseoppdretterane betaler inn til kommunar for å få lov til å forgifta fjordane våre. Så eg hadde vore i godt selskap. Og dommedagens datoen kunne vi skubba og skubba framfor oss.

Eller ...eg kunne starta ein miljøorganisasjon ..nesten slik som Bellona. Til liks med Fredrik Hauge hadde eg hatt full oversikt over alle innskot og medlemsinnbetalingar...pluss alle millionane som kom frå avlatspengar frå det Norsk næringsliv som kjøper seg grønne profilar og velsigningar.. Styret i foreninga var sjølsagt handplukka , og kunne skiftas ut på kort varsel..Her er det skikkelig store pengar å henta og til liks med finansministrar var eg på hels med «Fiffen» og kunne kjøpa meg inn i flotte hytter til fjells og ved fjorden for ein billig peng. Eg hadde hyra inn eit par skriveføre sneller frå universitetsmiljøet som kunne brukast til litt meir enn å retta på mi dårlige norske rettskriving.

Eller....som den nye frelsa er no..satsa på bitcoin. Sugd til meg det som lyse fagre programleierar i TV2 messer om som den einaste rette når det gjeld å finna vegen til ein bedre personlig økonomi. Kjøpt inn bitcoin til noken stakkars tusen og latt logaritme og dataprogram kjøpe og selge..Enkelt og greit.. Men så er det det at eg synes synd på litt eldre menn som lar Tven stå på text tven , heile dagen, for å sjå på aksjekursane som mest synke og som kanskje også stige litt ...Nei det er ikkje noko for meg. Og ikkje er det sikkert at eg har noken kr til overs for å kjøpe heller...no etter ei lange påske.

Storparten av oss vil ikkje sleppa utbyggerar av vindkraft til ,samma om dei snakker morsmålet eller prøyssisk. Vi er livredde for å få vegar som svære sår i naturen , og på toppen av alt få viftande vindmøller i størrelse med Eiffeltårnet..i hundrevis kanskje tusenvis. Synes det er heilt vanvittig at det kan bli slik rundt oss, berre for at eit fåtall av oss skal tjene penger og at det til alt overmål er tyske og sveitsiske pensjonsfond og investorar som ligg bak. Alt godt gjømt i eit skalkesjul av at det er grønn kraft og at vi..og ikkje minst Europa treng denne krafta. Det er rein bløff. Det dekker berre ein liten promille av Europas kraftforbruk om vi bygger alt dette galskapet som er planlagt.

Vi har plenty vasskraft . Men vasskrafta vår er ikkje heilt mørkegrønn den heller...den har rana mange fossefall,demmt opp vatn, svære murdemningar, anleggsvegar , røyrgater , svære overføringslinjer er det som ligg i naturen, etter storstillt utbygging i forrige århundre. Men om dette er eit overgrep ovanfor naturen så synes eg det er småtteri i mot skogar av kjempesvære vindmøller, med eit kjempestort vegnett som kjeme og som gjere mang ein bompengeentusiast blass i blikket.

Men sia vasskrafta ligg her ferdig utbyggd, så må vi gjera det beste ut det og effektivisera aggregat og vasstilførsel, pluss bedre linjenett. Her er det mykje å henta. Og vi må vera forsiktig med å skattelegge for mykje slike tiltak. Dei må gjerne bli premierte for samfunnstyttig innsats.  Og ..vi kan bli flinkare privat også, med å spare strøm.

Den storstillte vasskraftutbygginga nådde eit klimax i slutten av 70 åra og det var vel aksjonen i Stilla som fekk fornuften fram slik at vi ikkje tok i bruk resten av vatn som rann i den vavittige utbyggingsfarten.

No ser det ut som ein slik liknande aksjon, mot vindmøller , er igang oppe på Frøya og at det kan være håp om at dei ikkje øydelegg vakre Trøndelag meir enn dei har gjort allerede. Heile kommunen med så godt som alle lokale politikerar stiller seg bak kravet om stans. Ønsker dei inderleg lykke til...

Men vi kan ikkje sitte med hendene i fanget vi heller. Eit middel er kanskje å gje utbyggerane ein smekk der det kanskje er vondest..nemlig på økonomien deira. Vi kan gå ut i markedet (det kan kanskje dei mest aktive og skarpskodde av oss) å sjekke opp om det er strømselskap som ikkje har vindmøller i sitt forretningsområde. Hvis det finns , så melder vi overgang dit. Vi kan ikkje forlange at strømselskapet selger strøm til oss fra rein vasskraft, for det går ikkje . Ute i Norpool er det eit sammesurr av all verdas kraftkjelder..så om det vi har inn til huset/leiligheta/hytta er produsert frå kol frå dagbrudd i Prøyssen eller av Altakraftverket det veit vi ikkje.. Men at det selskapet som leverer strøm til oss held sin sti kjemisk fri for interesser i vindmøller på land..det bør vi kunne forlange..

 

No gjeld det å halda tunga beint i munnen hvis ein skal velga seg ein av dei mange såkalla «miljøorganisasjonar» som ein kan identifisera seg med og som ein kan støtta. I ein kronikk i KK i dag ramser Bente Aasjord opp dei store , Naturverforbundet, Natur og ungdom og Framtiden i våre hender som er demokratisk styrde. Her bestemmer medlemmer organisasjonen vegval,vedtekter og politikk. Dei har fylkeslag og lokalag. Landsmøtene er øvste organ og fatter vedtak. Medlemmene er spredde over heile landet.

Så har vi WWF (millonær/milliardærane sin boltreplass , eks Mowi, Johan Fredriksen, Kongefamilien og andre kondisjonærte), Greenpeace (Fantastisk mål og vyer ,men ingen har stemmerett inne i organisasjonen), Bellona ( med einerådane Fredrik Hauge som velger sitt styre på 5 med lojale støttespelerar) og Zero som opererar som sistnemde. Alle desse siste som kaller seg spydspissar i miljøbevegelsen og i kampen for ein grønnare kvardag og jord, er sponsordrevne. Og ein behøve ikkje ha over 150 i IQ for å forstå at det er mange svære bedrifter som kjøper seg grønne avlat og lar pengene dryssa ned i desse sistnevnte og sikkert også dei førstnemde miljøorganisasjonane også ,sine pengekasser.

Miljø er big business og kan nesten samanlignast med kristne organisasjonar ..der alle forfekte å ha den sanne tru. Men det er forskjell her også på dei som er nokelunde demokratisk drevne eller griske svovelpredikantarpå TV som håver inn på på svake sjeler.

Hjå miljøorganisasjonane si verd er det lett å la seg styre av mammon som bølger inn ..lett å miste målet av syne når penger til personlege goder renn inn.. Ein slår jo ikkje handa vekk , den som gjer ein (ein meget god) way of living..

Så for min del hvis eg måtte velga, hadde eg vel landa på Naturvernforbundet... I mot vindmølleparkar er dei visstnok også.

Rart det der at nå endelig AP kjeme med eit godt valg løfte , som frukost til skuleungane og nye brukbare tenner til oss oldisar...då sette Erna og Siv champanien i halsen og rister på hovudet mendan tårene sprett. «Nei..nei nei» seier de, «Dette er jo ikkje noke satsingsområde som det er meining i». «Mat til ungane»? Foreldrene kan jo kjøpa inn billig brun/kvit ost i nabolandet og senda med ungane sine eigne matpakkar. Og folket ellers bør jo pusse og passe på sine eigne tenner..de må jo ta ansvar. Vond? seier de..Problemer? seier de..Har ikkje råd til å betale 1000kr timen til tannlegen seier de... Trekk ut fandenskapet og ta det som ein mann/kvinne, seier nok Erna og Siv og grøsser på ryggen når dei ser formue-,og inntektskatt pluss den forferdelige arveavgiften vert gjeninnførd til kaksane...

«For korleis i all verden vil AP finansiera dette galskapet som kanskje betyr ein 12-13milliarder pr år ?.spør Erna og Siv ....No når pensjonsfondet våra bikker 9000 milliardar ...

Ja den som lever (med dårlige tenner) får sjå.

Eg blir så inni hæl... provosert når eg lese eit lesarinnlegg til leiaren i Natur og ungdom, Gaute Eiterjord. Han lovprise vindkraft og mener vi må berre bygga ut. Ja ikkje dei verste prosjekta då (ka no det er, de er jo verst alle ihop)..Vindkraft er etter hans meining eit mektig våpen mot kullkraft og imot det å sleppa ut klimagassar. Han gjere seg sjølsagt til talsmann for at ungdommane streiker for eit bedre klimapolitikk og baker inn vindkrafta i dette som ein stor sannhet. Klimakrisa kan forandre landet vårt radikalt seier han. Det skjer visstnok ikkje om kraftindustrien og storkapitalen og EU får knebla heile det norske land med kjempesvære vindmølleparker..med svære sår som det ikkje går an å fikse . Det blir vegar på kryss og tvers og kjempesvære tårn i vår vakre natur. Men det er visstnok slik som vi må være villige til å ofre for å legga ned tyske kolgruver. For Gaute Eiterfjord og likesinna spelar det inga rolle at det er storkapital i utlandet som skal tjene svære penger på norsk natur. Det er visstnok i det gode miljø sin teneste..

Eg synest det var litt stas at ungdommen streika igår.. Men eg trur ikkje dei streika for at vi skal kunne rasera norsk natur i eit omstridt middel for å få eit bedre miljø. Eg håper rett og slett at ingen av dei unge sluker agnet som Natur og Ungdom slenger ut, sammen med storkapitalen og ein kynisk kraftindustri. Eg håper rett og slett at ingen unge melder seg inn i Natur og Ungdom hvis dei skal driva på dette grunnlaget. Frå nå av omdøpt i dette huset til ...»Ødelagt Natur og Ungdom».

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.