Storparten av oss vil ikkje sleppa utbyggerar av vindkraft til ,samma om dei snakker morsmålet eller prøyssisk. Vi er livredde for å få vegar som svære sår i naturen , og på
toppen av alt få viftande vindmøller i størrelse med Eiffeltårnet..i hundrevis kanskje tusenvis. Synes det er heilt vanvittig at det kan bli slik rundt oss, berre for at eit fåtall av oss skal tjene penger og at det til alt
overmål er tyske og sveitsiske pensjonsfond og investorar som ligg bak. Alt godt gjømt i eit skalkesjul av at det er grønn kraft og at vi..og ikkje minst Europa treng denne krafta. Det er rein bløff. Det dekker berre ein liten promille
av Europas kraftforbruk om vi bygger alt dette galskapet som er planlagt.
Vi har plenty vasskraft . Men vasskrafta vår er ikkje heilt mørkegrønn den heller...den har rana mange fossefall,demmt
opp vatn, svære murdemningar, anleggsvegar , røyrgater , svære overføringslinjer er det som ligg i naturen, etter storstillt utbygging i forrige århundre. Men om dette er eit overgrep ovanfor naturen så synes eg det er
småtteri i mot skogar av kjempesvære vindmøller, med eit kjempestort vegnett som kjeme og som gjere mang ein bompengeentusiast blass i blikket.
Men sia vasskrafta ligg her ferdig utbyggd, så
må vi gjera det beste ut det og effektivisera aggregat og vasstilførsel, pluss bedre linjenett. Her er det mykje å henta. Og vi må vera forsiktig med å skattelegge for mykje slike tiltak. Dei må gjerne bli premierte for
samfunnstyttig innsats. Og ..vi kan bli flinkare privat også, med å spare strøm.
Den storstillte vasskraftutbygginga nådde eit klimax i slutten av 70 åra og det var vel aksjonen
i Stilla som fekk fornuften fram slik at vi ikkje tok i bruk resten av vatn som rann i den vavittige utbyggingsfarten.
No ser det ut som ein slik liknande aksjon, mot vindmøller , er igang oppe på
Frøya og at det kan være håp om at dei ikkje øydelegg vakre Trøndelag meir enn dei har gjort allerede. Heile kommunen med så godt som alle lokale politikerar stiller seg bak kravet om stans. Ønsker dei inderleg
lykke til...
Men vi kan ikkje sitte med hendene i fanget vi heller. Eit middel er kanskje å gje utbyggerane ein smekk der det kanskje er vondest..nemlig på økonomien deira. Vi kan gå ut
i markedet (det kan kanskje dei mest aktive og skarpskodde av oss) å sjekke opp om det er strømselskap som ikkje har vindmøller i sitt forretningsområde. Hvis det finns , så melder vi overgang dit. Vi kan ikkje forlange at strømselskapet
selger strøm til oss fra rein vasskraft, for det går ikkje . Ute i Norpool er det eit sammesurr av all verdas kraftkjelder..så om det vi har inn til huset/leiligheta/hytta er produsert frå kol frå dagbrudd i Prøyssen eller
av Altakraftverket det veit vi ikkje.. Men at det selskapet som leverer strøm til oss held sin sti kjemisk fri for interesser i vindmøller på land..det bør vi kunne forlange..