Eg blir så inni hæl... provosert når eg lese eit lesarinnlegg til leiaren i Natur og ungdom, Gaute Eiterjord. Han lovprise vindkraft og mener vi må berre bygga ut. Ja ikkje dei verste prosjekta
då (ka no det er, de er jo verst alle ihop)..Vindkraft er etter hans meining eit mektig våpen mot kullkraft og imot det å sleppa ut klimagassar. Han gjere seg sjølsagt til talsmann for at ungdommane streiker for eit bedre klimapolitikk
og baker inn vindkrafta i dette som ein stor sannhet. Klimakrisa kan forandre landet vårt radikalt seier han. Det skjer visstnok ikkje om kraftindustrien og storkapitalen og EU får knebla heile det norske land med kjempesvære vindmølleparker..med
svære sår som det ikkje går an å fikse . Det blir vegar på kryss og tvers og kjempesvære tårn i vår vakre natur. Men det er visstnok slik som vi må være villige til å ofre for å legga
ned tyske kolgruver. For Gaute Eiterfjord og likesinna spelar det inga rolle at det er storkapital i utlandet som skal tjene svære penger på norsk natur. Det er visstnok i det gode miljø sin teneste..
Eg synest det var litt stas at ungdommen streika igår.. Men eg trur ikkje dei streika for at vi skal kunne rasera norsk natur i eit omstridt middel for å få eit bedre miljø. Eg håper rett og slett at ingen av dei unge
sluker agnet som Natur og Ungdom slenger ut, sammen med storkapitalen og ein kynisk kraftindustri. Eg håper rett og slett at ingen unge melder seg inn i Natur og Ungdom hvis dei skal driva på dette grunnlaget. Frå nå av omdøpt
i dette huset til ...»Ødelagt Natur og Ungdom».