Rik vert eg vel aldri...men hvis eg hadde satsa, så trur eg at just nu hadde hatt 3 alternativ..
Det første er om eg hadde satsa på å drifta ei religiøs
sekt..kanskje gått høgt opp på banen og annonsert at eg hadde sett ljoset og at eg no hadde starta «Ulsets ljos» . Så hadde eg annonsert dommedag..litt lauslig, slik at eg kunn flytta fram datoen ettersom kontoen var fylld
opp. Eg hadde oppfordra menigheita til å frigjera seg frå verdas krav og selga alt verdsleg og betala inn avlat på min kontonr...35........ Avlat slik som lakseoppdretterane betaler inn til kommunar for å få lov til å forgifta
fjordane våre. Så eg hadde vore i godt selskap. Og dommedagens datoen kunne vi skubba og skubba framfor oss.
Eller ...eg kunne starta ein miljøorganisasjon ..nesten slik som Bellona. Til liks
med Fredrik Hauge hadde eg hatt full oversikt over alle innskot og medlemsinnbetalingar...pluss alle millionane som kom frå avlatspengar frå det Norsk næringsliv som kjøper seg grønne profilar og velsigningar.. Styret i foreninga
var sjølsagt handplukka , og kunne skiftas ut på kort varsel..Her er det skikkelig store pengar å henta og til liks med finansministrar var eg på hels med «Fiffen» og kunne kjøpa meg inn i flotte hytter til fjells
og ved fjorden for ein billig peng. Eg hadde hyra inn eit par skriveføre sneller frå universitetsmiljøet som kunne brukast til litt meir enn å retta på mi dårlige norske rettskriving.
Eller....som den nye frelsa er no..satsa på bitcoin. Sugd til meg det som lyse fagre programleierar i TV2 messer om som den einaste rette når det gjeld å finna vegen til ein bedre personlig økonomi. Kjøpt inn bitcoin
til noken stakkars tusen og latt logaritme og dataprogram kjøpe og selge..Enkelt og greit.. Men så er det det at eg synes synd på litt eldre menn som lar Tven stå på text tven , heile dagen, for å sjå på aksjekursane
som mest synke og som kanskje også stige litt ...Nei det er ikkje noko for meg. Og ikkje er det sikkert at eg har noken kr til overs for å kjøpe heller...no etter ei lange påske.