|
|
|
|
|
Blogg
Vi burde ha kunne stolt på politikerane våre . Stolt på at dei sto for det dei gjekk inn i valkampane med..Stolt på at dei helt det dei lova..Stolt på at dei vart valde inn for å tena
folket. Gjera det som som var velgerane sin vilje. Ikkje vika ein tomme i det å vera rettferdige og det at dei hadde gort det beste for A/S Norge. Men ka opplever vi ..at dagen etter at dei sit trygt på tinget eller på eit fylkestingsete
så er det heilt andre reglar som gjeld Gløymt er velgermassen som har løfta dei opp og fram...gløymt er dei gode fortsetter . For no gjeld det å grafsa til seg. Gå etter sine eigne kompasspiler ,om politiske magnetfelt
var heilt misvisande. Å justera kompasset etterkvert vart gløymd. Dei var inne i denne merkelege «varmen» der det gjeld å tråkla seg med heile meg og mitt...fram. Kvart 4dje år var det å stå på stand
og messa fram nye fantastiske muligheter for folket. Muligheter som dei og vi,velgerane, innst inne visste var berre svada. Og , vi,..velgermassen har ein barndoms «skavank» det at vi trur på folk.....gong etter gong. Så gjentar historia
seg sjøl . Det hjelper å vise fjeset sitt på dagsnytt 18 eller kanskje til og med i dei store debattane på TV. Då er du verkeleg inne i «varmen» og ein fylkesmannjobb eller kanskje endå bedre ein jobb som smørar
i EU hierarkiet vinkar i det fjerne... Her havner du i det ypperste sjefsregulativet og hvis du bur i nærleiken av Brussel så vanker det kanskje ein limmo med eigen sjåfør utafor teakporten. Har du ikkje vist fjeset ditt så mykje
så er det alltids ein mulighet og to og tre.. Mange styrer skal fylles opp rundt om og dei gode forbindelser med businessfolk som har klødd deg ,og som du har klødd igjen ,..finnes. Og hvis det glepper der så har du alltds First House...med
korridoryttere og andre sleipinger. Det er nok ein og annan i det politiske miljøet som kan føle seg trakka på av ein slik beskrivelse , og til dei seier eg unnskyld , for eg veit det er rettskafne
folk i desse miljøa også..Men eg er redd dei blir ferre og ferre. Eg og sikkert mange med meg er lei av alle leddlause politikerar som ikkje kan gjera det dei er valde til nemlig å tena folket
(Erik Bye har forklart dette mange gonger for oss) . Ka som skal til for at vi skal få rettskafne politikerar som jobbar for det som vert lovde velgerane : -
Først av alt så burde tida
som ein politikerar har til sitt virke ikkje overstiga 8 år. Etter endt gjerning ,var det attende til yrke som han hadde før sitt politiske liv. Å gå til ein silkejobb etterpå, i eit firma som han kanskje hadde begunstiga medan
han var poltiker ville blitt sett på som rein korrupsjon. Samme som sjølsagt alt som «lukta svidd» medan han var politiker. Freks slike ting som vår finansminister har snoka til seg..billige hytte for å eige eller leige.
Allt som lukte av korrupsjon vart slått nedpå med raudt kort og til sorti for den det gjalt.På pluss sida var det at ein politiker på topplanet fekk såpass godt betalt at slike stunt ikkje eingong frista. -
Det er sikkert mange gode forslag der ute som må gjennomføras til at vi kan få trua på våre politikerar igjen. Men her er det langt fram. Slik som det er no er det rett og slett å gråte
av og vårt demokrati er i fare.
Du liker denne siden
Interessant artikkel om det å le i KK idag . Artikkelen er sjølsagt krydra med utsagn som berømte forfatterar , fancye universitet har tenkt, sagt og funne ut om emne. Det reint fysiske om kva som
hender når vi spontant spruter ut i latter...den som kjeme frå hjerta. Den som aktivisere musklar i fjeset. Vi har hatt ,før i verda ,narrane og klovnane til å setja igong prosessen. Men den viktigaste er vel det som hender i daglivet,
artige situasjonar som får oss til å le spontant og godt. Og så er det sunt ..vi slapper av, stresse ned. Noken glupe har funne ut at 20sek med latter skal kunne gjera lungene våre like godt som 3min på ei romaskin.
Alle synes det er hærlig med ein god latter..sist lørdag var vi på HOB og høyrde ma på Arne Torget..lo så eg holdt på å detta av stolen. Mange mellom oss har ei nådegåve
med å kunne fortelle ..gode vitsar, gode historiar. Har opplevd å vera på eit nachspiel der to stk fortalte vitsar heila tida , heile natta, ..utan å gjenta seg sjøl..fantastisk . Hadde så vondt i magen etterpå at
eg knappt kunne gå.. Dei seier at eit barn ler over 300 gonger om dagen, men at vaksne ler berre 15 gonger. Når eg tenker etter så trur eg at eg har bevart barnet i meg, eller er det berre at
eg har eit uvanlig godt humør (stort sett.). for berre i dag før kl 0900 må eg ha passert gjennomsnitt for vaksne. Og i går på øving med musikk kompiser , hadde vi nesten gjennomsnittet inne, på dei 2,5t vi var
ilag. Men så skal det og seiast at der er det ingen i det laget som trekker gjennomsnittet nedover. For der ute, i den tøffe kvardagsverda , er det alltid folk som trekker humøret nedøve. Dei folka har eg så godt eg kan ,styrt
klar....hater sure og bereknande folk..men det gjere vi vel alle. Og som regel så bruker Solf. og å stella med lungene våre iallefall som ei 3 min på romaskina gjere....og det er før
vi står opp av senga på morningen...stikk den.
Du liker denne siden
«Rocken er død»...utsagnet kom i eit radioprogram nylig. Den som vart interjuva var ein unge trendy fyr som visstnok var ein spiss i eit ungt framstormande musikkmiljø. Eg sokk ned i ein djupe
stol og kjende at ein harde depresjon var rett rundt hjørna. Fyren i radioen prata om Djar og om å laga musikk med masse skjermar og dataprogram rundt seg....på guttarommet. Det sokk i meg og eg tenkte på dataprogram som kunne gjere
det ein ville med stemma si.. Om ikkje den høyrdes ut som Sprengsteen, eller Elvis, så kunne den iallefall høyres ut som heltane på VG lista.. Og tenkte vidare at no var den gyldne tida slutt..vekk med rørforsterkerar som VOX
og Fender, vekk med Telecasterar, Stratocasterar, Les Paular, B3, Shure, Tama, Ludvik, Zildjam...og..og. No var det inn med Djar som fiksa det meste med programmering og all musikken rann utover ei hylle som det sto muzak på.
Depresjonen vart djupare og djupare og nærma seg eit stort svart hol...heilt til eg oppfanga at den unge trendye fyren begynnte å halta litt i sine framtidsvyer.. Han begynnte rett og slett og ro.. Han rodde seg
forsiktig inn igjen med å sei at det var nå ikkje heilt sikkert det vart slik . Han tok namn som Foo Fighters, Muse , til og med prisvinnar Dylan i sin unge munn og innrømma at dei vel hadde livets rett.. Eg kjente at depresjonen langsomt slapp taket.
Du liker denne siden
Vi les om om ei verd som vert hardare og hardare. Vi les om knuffing og slåsskampar som utviklar seg og at den nedslagne part ikkje vert hjelp opp igjen, men vert kanskje sparka og knust mens han eller ho ligge
nede. Og vi trur at dette er eit fenomen i visse kretsar, visse gjengar, i harde miljø.. Feil..dette hender i dei «beste» miljøa. Som i ein artikkel i HA som står i dagens avis. Dette miljøet består av landets mest
utdanna folk, legar, økonomar , folk som skulle vera såpass beleste og ha såpass oppi topplokket at dei hadde empati med sine medmenneske..Feil..dei er dei verste. Artikkelen beskriv kort fortalt
eit ungt par som kjeme til sjukehuset med sin nyfødde. Den nyfødde har blemmer på baken. Mor og far vil at legen skal ta prøvar. Dette blir avfeid av legen..intet galt med barnet. Mor og far maser , er redde..men nei. Så skjer
det fatale, eller det har allereide skjedd , barnet har fått eit slags herpes. Utan behandling utvikler dette seg til ein øydeleggande hjernehinnebetennelse for barnet. Barnet får hjerneskade og blir 100% pleietrengande. Ein vanvittig tid
starter for den unge familien...ei vanvittig tid som har vart i 6 år ..til no. De må ikkje berre kjempa imot dette forferdelige som har skjedd, de må kjempa i mot sjukehuset ,Haugesunds Sjukehus.. Etter kvert så får dei ei erstatning
på vel 9mill.. 9 mill for eit tapt liv er faen ikkje mykje. Men det som verre er det at sjukehusleiinga slår ut piggane, dei har ikkje gjort noke som ikkje tålte dagsens ljos. Dei skyver ansvaret for sein behandling over på foreldrene
som ikkje ga tidsnok beskjed. Noke som i ettertid vart avslørt som rein løgn. Når de ikkje fekk gjennomslag her så kasta dei ut fleire bekrymingsmeldingar til Barnevernet om at mor hadde snev av Asbergersjukdom og ikkje var skikka
som mor. Noko som etter vart afeid av,for eingong skuld eit oppegåande barnevern. Ein slik feil som legen gjorde, med å unnlate å ta tidlige prøver av blemmene og dermed ha kunne oppdaga
denne sjukdommen i tide , slik at dei kunne ha starta behandlinga og guttungen kunne vore like frisk som du og meg. Ein slik feil er vel menneskelig, men å oppføra seg slik som sjukehuset gjorde i ettertid ..det er er på linje og kanskje
verre enn det å bli sparka i ein slåsskamp når du ligg nede. Å få unnskyldning satt meget langt inne og «trolla» på sjukehuset slår sjølsagt ring om kverandre og prøver å tie dette ihel..
Ingen får påtale ..ingen blir straffa..den lille familien kan seile sin eigen sjø..Eg blir så innihelsikes forbanna når eg les om slike «troll» og oppførselen deira...
Du liker denne siden
Etter to meir og mindre bestemte nei til EU , i 72 og 94 har storparten av norske kvinner og menn vært stolte over å ha holdt oss unna unionen og bestemt over eigen grunn og hav. Flinke folk som Evensen og
Johnsen har rydda veg for norsk suverenitet på sjøen og rikdom er kommt frå fiskebankar og opp i rør frå same havområder. Vi var sjefar i eige hus til EØS avtalen kom og som hadde vår nylige 80års jubilant
som hovudarkitekt. For før EU avstemminga jobba topp politikerar i AP og på høgresida ellers febrilske for å få tettare samanknytting til EU .. Og etter at avtalen trådde i kraft veit vi alle korleis det har gått.
EU direktivene har hagla ned over oss stakkars nordmenn og politikerane våre , av dei samme partia har trua desse ned over oss ..utan eit einaste ord imot . Kunne ha ramsa opp ein masse som har hendt, freks masseinnvandring av arbeidstakerar frå
aust som har jobba for luselønn og også har fratatt våre unge sjangsen til å få jobb i dei forskjellige deler i samfunnet der utalandske har fått jobbane og har jobba for dårlig betaling. Mange grupperingar i samfunnet
har gjort seg rike på arbeidsinnvandringa og utyttinga i kjølevatnet. Det gode sterke arbeidslivet som vi hadde ,har tapt... Alt er nå over på prosjektarbeid. Ungdommen får ikkje lån til eigen bolig når dei ikkje
har eit arbeidsliv som er sikkert og forutsigbart. Unge kjeme ut frå skular og må gå rett inn i ledighet eller som ringevikarar og kanskje kan dei slite seg til ein 14,4 prosent fast stilling etter år i arbeidslivet. Men gamle Norge
har stemmt inn slike parti inn på Stortinget og vil vel ha det slik. Og kanskje vil vi ha det slik at ein snekker betaler meir skatt enn ein milliardær som vert pakka inn av Høyre og Frp..og alle dei andre drittpartia i regjeringa..
EU kåte politikerar har lagt vårt kjære fedreland vidt åpen til nesten fri benyttelse frå og av EU..Vi veit alle at ACER er blitt prestisje for Jonas sjøl om han og partiet hans aldri
så mykje detter som ein stein på meiningsmålingane. Erna og Siv veit vi jo kor er hen..det gjeld å selga ut Norge fortast mulig til private pengesterke, helst milliardærar frå utlandet. Vi er nå blitt til eit lyderike for EU..Fisk frå oppdrettsannlegga våre er blitt ein viktig næringskilde i unionen.. Samme om det gjeld at vi forgifter våre fjorder til det ikkje er liv laga der ellers. No står slaget om at tyske pengesterke bankar, pensjonsfond og innvestorar skal få ta seg tilrette på norske fjell og fjelltoppar.. Igrunnen er dette siste berre ei finte..for det er vasskrafta vår dei er interessert
i å kunne nytta seg til fulle av. Tyske kraftinnvestorar veit like godt som oss at å bygga tusenvis av vindmøller og øydelegga norsk natur i kjølevatnet, monnar svært lite om dei skal legga ned kullkrafta si..men når
dei har hand om det norske arvesølvet derimot..det er noke anna. Lurer på om det var dette 80årsjubilanten såg føre seg dengang då ho skisserte EØS avtalen ?
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|