Blogg

Etter at Denzel Washington, superhelt og pensjonert agent hadde tatt livet av ein ca 20 dystre medlemmer i den russiske mafiaen, i film på Netflix,så tok han ei bok med seg på den lokale kafeen på hjørna  Han hadde som mål å lesa ca 100 viktige bøker ,når han fekk tid mellom all rettferdige kampar mot allslags korrupsjon og jævelskap i det amerikanske lende. 

100 bøker skrevne av Hemmingway..Steinbeck,  Morrison..oa ,var heilt greitt for denne amerikanske superhelten for å få nok påfyll og jamvekt i livet sitt .

Her heime begynte eg også med Louis Masterson, Zane Gray, Cooper , Louis L'Amore (fekk kjeft av mor mi for eg leste så for mykje Cowboybøker) men eg pløyde dei gamle klassikarene også. Etterkvert vart det å lesa dei same forfatterane som vår venn superhelten gjorde ++ russerar og ein del tyske og til og med jødiske , ein haug med norske , svenske, danske ..noken hundre , kanskje tusen bøker har det nok blitt. Og det heilt utan at det har gått utøve korkje den russiske eller andre mafiaer, sjøl om  det har vore både bra og dårlig krim i lassevis.

På nattbordet ligg det til ein kvar tid , i alle fall 3 bøker . Blir det litt langdrygt i den eine boka så hoppa ein øve til den andre. Litt skummelt er det når dei er tjukke og tunge, så kan ein nesten få blåveis viss ein sovnar ..og boka dette ned.

Kanskje skal ein gå øve til lydbøker og podkast..Fine å ha i bilen i alle fall. Og så er de lettare å flytta på…Hadde aldri gidda å flytta heimanfrå no , og måtta pakka alle bøkene og slett ikkje løfta på alle bokkassane. Aldri i livet..

Sportslørdag..på TVen.. først storslalom med tøffe jenter og så starter Touren. Håper på at  Østberg er heilt frisk og at Kalla kan yte dei norske litt motstand. Men det blir vel til at Johaug rykker frå i første bakken..Og for dei mannlege sin del så blir det vel Trøndelag i mot resten av verda.

Lynsjakken som er sponsa av ein Saudiarabisk konge hopper eg over trur eg. Har alltid vore litt usikker på denne sjakken om det er sport eller ikkje. Synes det blir litt for mykje knefall rundt Kong Manus …NRK reporteren må jo vera småsåre på kne og albogar slik han går i kne for hans nåde. Sjølv om hans nåde er blitt litt meir spiselig dei siste åra så henge det litt igjen når han setter leppa fram og furter etter nederlag. Her i Etne har vi jo til og med ei statue av kong Magnus..men han var vikingkonge (?)og slett ingen nørd. For sjakk er jo, viss det er sport då , ein sport for nørder. Ingen av den gjenge har vel under 150 i IQ..Tenk på all hjernekraft som blir kanalisert rundt ei lite firkanta brett med noken brikker på. Tenk på barndommen til slike nørder då .. oppveksten går med på skjønne rokader , bindinger, italienske(?) åpningar . og masse anna knask . Dei leste sikkert om spel som dei gamle mesterene hadde spelt, ikkje som oss med langt mindre IQ  som leste Morgan Kane og Coktail..  

Fatteren skulle læra meg å spilla sjakk i den gryande ungdom. Som ballast hadde han tjuvtriks som å setta ein matt etter få trekk. Dette hadde han utvikla saman med sine brødre , mine onklar. Så kver gong så var eg satt matt etter berre få trekk. Ingeting drepe jo entusiasmen meir enn å berre tapa så eg slo meg heller på fotballen , kortspel og musikk…

 

Stort sett så vil vel familiane samlast i høgtida , men I den kulørte norske pressa skriv dei om kongefamilien som feirer på forskjellige stader.. kronprinsparet på Skaugum og Kongen og dronninga på Slottet. Kor prinsessa og sjamanen skulle innta det kongelige julemåltid sto det ingenting om. Kanskje sjamanen er persona no grata i det kongelige heim. Kanskje han må stå ute i kulden og sjå inn på dei kongelige mens dei inntar julemåltida. Men kanskje , viss han ikkje seier noke dumt får komma innafor i den kongelege varmen. For ute hjå gardistane passer han vel ikkje heilt..mange strame karar der, og så for ein som ikkje er så nøye på det og som som kan setta spor både i einaren og toaren går det vel ikkje an å innlosjera han. Ikkje heilt bra det nei. Nei han får lære seg å holda kjeft så havner han nok vinkande på balkongen snart.

Og så var det Gunnhild og Petter Stordalen då som sjølv om dei ikkje lenger er så sterkt smidde ikkje kan feira jul saman heller. De skal visstnok ,som det står skreve feira på kvar si side på jorda – Petter i sin tøffe kamp om å bygga fleire hotell  og bli enda rikare. Gunhild i sin utrøytelege kamp imot hamburgarkjedar.. Så trist verkar denne «tragiske» adskillesen at den nesten får tårene til å pressa på for undertegna. Akkurat den kjensla går fort øve når eg lenger ned på sida får sjå ka Petter ofra på i lønsforhandlingane med sine ansette.

Og så var det enda lenger ut i den store verda.. heilt til Saudi Arabia.. Her har dei som drap Kashoggi (nei ikkje  våpenhandlaren ,men ein vanlig journalist som kritiserte styre og stell i dette korrupte landet) fått dødsdom.  Det gjalt jo sjølsagt ikkje Prinsen  som nok var den som gav ordren…men det var dei som utførte udåden som må ta heile straffa.. Og då er vel alt som det skal være utad i dette landet. Morderane blir vel eit hovud kortare og prinsen som sit som ein Peter O Tool i Lawrence of Arabia , i sine krittkvite gevanter og sin sikkert like kvite samvet og kan  ta i mot andre samfunnstoppar med sitt  krittkviet smil. Det var jo berre ein episode.. No er det business as usual og ingen sundskorne lik skal hindra handel og velstand. Håper at dei komande enkene og dei etter kvart faderlause barna blir tatt godt hand om den Saudi Arabiske stat . Synes familiane fortjener det….

Synes oppriktig synd på folk som går arbeidsledige. Dei er nærmast fritt vilt på ein rå arbeidsmarknad .  Viss du etter mnd med kjemping i mot NAV dukker det kanskje opp ein jobb. I mange tilfelle så er det NAV som betaler lønna i mange jobber som blir utlyst, dei betaler i alle fall lønna nokre veker. Mange sleipe arbeidgivere nytter seg av dette . Du er i god tru når du startar i jobben, du er punktlig, du klager ikkje , du jobber bokstavelig tala nesten «for livet». I alle fall så gjere du så godt du kan, for det vinker jo ein faste jobb der framme. Gløm det..når engasjemaentet er over og du står med huva i hånda inne på arbeidsgivaren sitt kontor , så får du svært mange ganger beskjed om at dessverre det var nok ikkje deg de hadde bruk for. Verda raser saman rundt deg og du må heim og fortella partneren, sambuaren, kona/mannen din at nei…det gjekk til helsikes denne gongen også          . Om ettermiddagen når ungane kjeme heim så er det å fortella dei at nei..mor/far er dessverre arbeidsledig ennå ei tid. Så det er til å mane til moderasjon og det blir nok dessverre ei mager jul. 

På den arbeidsplassen som du forlet den dagen står de klar til å ta imot ein nye ein/ei på måndag , som dei kan fylle med tomme løfter om at jo det ser lyst ut for ein faste ansettelse..om nokre mnd. Vi veit korleis det går.

Men det kan jo hende du får eit slags engasjement som ringevikar. Joda vi ringer deg når vi får bruk for deg.. Slik er jo mykje brukt i kommuner der de kjøre 12% ,18% 30 og 40% stillingar som regel er det kvinner som bekler disse stillingar..helsefagarbeidere, hjelpepleierar.  Her er det ingen rådmenn eller slike velsigna ..her er det arbeidsfolk vi snakker om. Rådmenn har jo arbeidskontraktar som sikre de millionlønningar om dei er på jobb eller ikkje.

Og alt handler jo om prosjekt i dag.. så får du jobb så kan det jo hende det blir i 1,3,6 mnd . Ikkje så mykje å slå i bordet med til banken det heller når du vil kjøpe deg hus og heim.

Sjøl har eg aldri opplevd dette som no hender i 2019.. Første lange faste jobben eg hadde var på 7 år. Då svingte eg innom Zinken i Odda etter å ha tatt ein utdannelse og vore i militæret ett år, og kom direkte frå Molde Jazzfestival. Så eg tenkte..skulle kanskje hatt ein jobb? Om ikkje utdannelsen akkurat passa så fekk eg ein flotte inngong i mitt yrkesaktive liv. Kom inn i eit godt arbeidsmiljø, og tjente ok.

Men dette var på 70tallet, før politikerane og samfunnet ellers hadde tatt knekken på det gode og sikre arbeidsmiljøet, på eit godt tillitsmannsapparat. Då hadde vi politiske parti som verdsette slike ting og ikkje i beste Se og Hør stil syntes at ein klaps på stumpen i fylla var viktigare enn det overnevnte… Dei såkalla sosialdemokratiske arbeiderpartia har tatt skarpe høgresvingar og har distansert seg frå den vanlige mann/kvinne.

Som før sagt..dokker arbeidsledige har min fulle sympati.

Kanskje vi skal følgje Lars Johan Skeisvoll Hereid sitt eksempel å sende inn høyringsvar til tvangsbegrensingsloven på regjeringa sine heimesider. Lars Johan er son til den pensjonerte lærerinna som vart hogd ned av ein steike galen mann med øks, mens ho stelte ei grav på ein gravplass i Haugesund.

Øksemannen hadde vore ut og inn av fengsel pluss div handsamingar  i helsevesnet i over 20 år. Han var , som mange andre ein lause kanon som vandra nærmast uhindra mellom sine medmenneske. Alle visste at neste overgrep kom til å henda , men sjølsagt kunne ingen  fortutsjå ei slik  grufull hending. Øksemannen hadde vore handsama av A- laget i psykeatri som etter istitusjonshandsaming ga grønnt lys til verna bustad , og dermed kunne komma og gå. Fleire alvorlige episodar var det tett før dette grufulle, men det var visstnok ikkje hjemmel til å ha mannen på ein sikker stad der han kunne vore skjerma frå resten av samfunnet.

Lovverket virkar slik at overgriperar, kriminelle, valdsutøverar er meir sikra i lovverket enn ofra deira og samfunnet elles. Og det les vi jo om stadig vekk at ein valdsutøvar eller voldtektsmann vert raskt tatt hand om av fagpersonar og ein hærskare av psykiatrikere, legar og politi  som , etter lova er påplagt å få dei tilbake til samfunnet igjen. Og det gjere jo storparten…for noken lov som skal hindra dei i å angripa, lemlesta eller drepa igjen er slett ikkje på plass. Dei faglærte tar i mot overgriperane, behandlar dei som best dei kan og så er det ut i samfunnet igjen. Ein kan vel så flott sei at alle har krav på ein nye sjangse til å komma ut i samfunnet igjen. Men bør dei ha det etter alvorlige øvegrep?  Ofra deire har jo som regel små sjangser til å komma tilbake til sine kjære igjen og/eller kunne fungera. I dette tilfelle var det jo ein voldsom død som ramma offret, i andre tilfeller som kanskje etter blind vold, kan dei vera så hardt skada eller traumatisert at dei ikkje kan fungera igjen.

For nokre dagar sia slo HA opp eit kart over Haugalandet der dei viste dei ytre grensene til eit område der ein slik «lause kanon» ikkje fekk opphalda seg . Han var ein fare for sin exfru. Ei exfru som han hadde banka jevnlig oppover og som retten hadde fastslått at neste gong kunne overgriparen rett og slett drepe henne. Og eg spør:  Er det rett at slike lause kanonar skal få gå fritt rundt oss? Eg meine han skulle vore plassert slik at han ikkje ikkje lenger var noken fare for sin ex. Ho skulle sleppa å bevega seg i frykt same kor ho var hen.  Og eg veit det er mange slike rundt om i landet. Eg meiner at lova her feile radikalt. Den burde ta vare på offeret og samfunnet elles enn å beskytte ein voldtekt/valds/mann/kvinne. Og om desse er under kyndig behandling så blir dei før eller sia ansett som ferdigbehandla og utreda og mange gonger sendt tilbake til eit samfunn som burde vore beskytta og trygge for dei lause kanonane..

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.