|
|
|
|
|
Blogg
Om du er minister , ordførar eller på toppen i eit eller anna i kongeriket Norge, så resikere du apsolutt ingenting om du tabber deg ut eller gjere ein slette jobb. Etter NAV skandalen er det slettes ikkje NAV sjefen sjøl
som måtte gå..langtifra,då fann de ein direktør litt lenger ned på stigen som måtte rydde skapet sitt. Rotet rundt ambulansetenesta i nord har vel vore kjent i mange mange mnd no…men om du trur at minister
Høie må gå, så gjer det dårlige odds. Pga kameraderi der oppe på toppane ,gir Erna aldri Høie sparken , som han burde hatt. Dei finne nok ei eller ein litt lenger nede i hirakiet som må gå tidleg
heim eller får forlenga juleferie. På vårt lokale plan har vi sett akkurat det same. Under Terrasaka for noken år sia var det slett ikkje ordføraren i Haugesund som måtte gå, dei fann ein kontorsjef i kommunen
som måtte det. Ordføraren gjekk sjølsagt klar og ein kan nesten sei han vart skubba oppover..i dag er han vel styreleiar i eit stort firma. Etne kommune vart for ei stund sia kvitt ein rådmann som ikkje passa inn ..det
vart ein dyr sak for kommunen. Altså til meir rot du steller i stand til betre er sjangsen for at du den brysame, når han er plassert nære toppen vert sparka oppover og lønna er pluselig i sjefregulativet. Og har
du nokengong hørt om ein polititenestemann som får sparken for uforstand i tenesten? Viss du har så kan du vera sikker på at dei ikkje kan gøyme syndene under eit teppe av skuggelegging den gongen, og/eller at kanskje
vedkommende har samarbeida med norges største hasjsmugler. Då viser rettsystemet den rettferdige sida si og vedkommande får kanskje prøva saka si mange gonger i rettsystemet i årevis. Vi har då rettsikkerhet
i dette landet …for nokon. Men til vanlig så er det politiets eige etterforskningsorgan som tar seg av politifolk som har trødd for hardt i salaten..og då høyrer menigmann ikkje meir om den saka. Dei ordner opp
seg imellom, neste år kan overtramparen sitte i det same etterforsningsorganet. Vi lever, betaler vår skatt og prøver å holda vår sti rein for kriminalitet i i den visshet om at det er store forskjellar
i vårt kongerike. Eit kongerike der det smies renker på toppane og der korrupsjon er meir utbredd enn me kan forestilla oss. .
Du liker denne siden
Ut i naturen redaksjonen har oppfordra oss om å ta vare på insektene. Først har det jo vore snakka om at vi skulle spise insekter istadenfor biff. Ikkje no lenger, no er dei små (jævlane) tatt inn i varmen bokstavelig
tala. Eg for min del har gøymt flogesmekkerane på loftet..her ligg dei i beredskap til ein eller annan redaksjon oppfordrar oss om noko anna. No åpner eg døra til verandaen og slepp dei små (irriterande) krypa ut.
Ut i kald og våt vestlandsvinter med dei. Der har dei vel like liten sjangse å gjera noke nyttig for seg til likes som når vi (staten), sender ein 4-5 milliardar ut i den store verda som bistand. Men vekk er de i alle fall.
For å gå ennå eit skritt vidare vil eg til våren plante fruktre i hagen. Nett som ein i eit lesarinnlegg oppfordrar til . Han meiner at stat og kommunar må plante frukttree og bærbuskar langs vegar og på opne plassar,
i parkar etc Ein god idee synes også eg. Kanskje dei til og med bind opp noke CO2 slik at dei Grønne også godtar dei. Kem som skal stella alle desse, etter kvart tusner eller millionar av planter vites ikkje , men kanskje det kan bli
ein slags felles dugnad ..Når vi går tur har vi greinsaksa med og så er vi i gang. I alle fall ville alle desse vekstene laga eit paradis for humler, floger og mygg , så det kanskje til og med kan redde verda med at det bind opp CO2
,fotosyntesen er ikkje å forakte. Pengene til å kjøpe inn alle planter og busker kan vi ta frå redd regnskogenfondet. Vi kunne spesialutdanna alle som jobbe for å berge desse skogane som ligg mange timar med flyreiser
borte, desse spesialistane kunne jo fått siste ordet når vi skulle beskjæra tre og buskene. Tenk kor mykje finare det er med frukttreskogar på haugar ,skråningar på øyar og skjær istadenfor fæle
vindmøller..som dei Grønne og grådige milliardærane trur vil berga verda og si eiga bankkontoar med. Tenk på all vakre blomstring , ein slepp å dra inn på dårlege farlige vestlandsvegar på
våren, for å oppleva ei flotte blomstringstid.. Humlene, innsekta ville hatt ei kanontid med å formera seg og å frotsa i blomsterstøv og pollen.… Og så etter kvart lagt grunn for ein masse sommarjobb til ungdommen
og andre som skulle få all desse eplene, morellene, pærene, plommene og all bæra i kassar klare til å havne på våre og utanlandske bord. Ein hadde jo ikkje klart å fått brukt all denne voksteren
til menneskeføde..resten kunne fuglane og innsekta levd godt og lenge på.. Vinn vinn. Blir nesten heilt geara når ein tenker på at kanskje dette var vegen å gå når Eqvinor pga av press ,må legg inn årane.
Då kunne gamle Norge verkeleg ha levd opp til å vera den grøne lunga i vår verdensdel og på toppen ha bidratt til masse sunne god mat til hungrige landsmenn og andre EU folk. Og når eg tenker på all sideren
vi kan få...ja så er nok dette den rette vegen å gå.
Du liker denne siden
Som om vi ikkje veit det frå før av så veit vi det i alle fall no. Viss teks ein fjord begynner å bli fisketomme så er det alltid den menige mann som det først skal mistenkeligjerast..og som får dei første
restriksjonane.. Då må det slett ikkje fiskes med meir enn ei garnfille..slett ikkje to, helst bør det ikkje fiskes i det heile.. Og slike restriksjonar vert gitt utan at det eingong nemnes di mange lakseoppdrettsanlegga som som ligg tett
i tett i tett innover og som spyr ut giftig avfall . Vi er så vane med det.. No skal verda reddast med at det står ei viftande kjempestore vinturbinar oppå kver ein fjellknaus , her vest , i sør og i nord..Vi veit
kor pengane havner og tilbake står det det skogar av møller som gjere folk sjuke.. Klimarekneskapet er jo skreve av og for eliten..den politiske og dei med penger. Då blir miljøforgiftningane som flytrafikken skaper behendig gjømt
unna. Flybensin er sponsa av staten og fritatt masse avgifter som du og eg må betale når vi skal frå A til B. Fly bensin koster fortsatt ikkje 4 kr literen. Det er så billig å fly at dei mest bemidlede av oss har hus og
leiligheter for rekreasjon liggande både 3,4,5,og 6 timer med fly unna, pluss at ein må jo ha ein 2-3 turar ned til solrike strender elles i året også. Freks til ein liten julehandel til Polen betaler ein t/r 3-400kr. Det henge
jo egentlig ikkje i hop… Men fly må man, helst så ofte som mulig .. Universitet og større firma med vegertarmat på julebordene har gjerne styremøter og rekreasjonopplegg for sine ansatte på steder som ligge
3-5 timer med fly unna. Juletorsken frå Lofoten har tatt seg ein snartur med fly østover til Kina..og tilbake før den oppblåst av saltvatn kjeme opp til norske bord. Stortingsrep, har gratis heimreiser (med fly) så ofte
at det blr nesten ein tur heim i veka.. Dei nye flotte Elbilar som dei med høge lønningar eller grenselause kreditt og tiltru i bankane kan kjøpa, behøver ein ikkje å betale moms eller annan skatt på.
Bilane er nærmast gratis å ha og eigerane skal jo helst ikkje være med på å betale på eit betre og sikrare vegnett som vi andre skal gjera. Alt dette med klima riset bak speilet.. Et ris som makteliten
har god tak i og bruker og vil bruke til eige godtbefinnede. Kanskje det no at vi «vanlige borgere» skulle svingt dette riset. Da skulle vi jaggu begyntt på elitegodene , på toppen, som jo flytrafikk er. Vi skulle justert flybensinprisen
opp til det som vi bruker ..altså ganga den opp med ca 4 pr liter. Då hadde vi etterkvert blitt kvitt Norvegian (like greit , berre dårlig service der i gården) halve SAS hadde røke med og Viderø hadde berre hatt dei mest
brukte og nødvendige rutene . Mykje mindre flyging og ei merkbare betring i utsleppa. Folk som «miljøfantatane» hadde ikkje hatt råd til å vera hangarounds rundt klimamøter som i Madrid. (de har heller ingen
ting der å gjera) . Miljøministeren kunne ikkje sendt medarbeiderar til San Fransisko på helgekurs (Om å ta vare på miljøet). Masse idiotiske ting som vert gjort i det å redde verda hadde opphøyrt.
Dette er det først vi skulle gjort… for det er masse vanvittige ting som vert gjort i det å redde verda sitt namn. Politikere på topplanet er enten så dumme eller så hjerneblåst at dei ikkje vil sjå dette.
Det er masse tall som svirrer rundt milliader av tonn co2 er visstnok i fritt fall. Vi auser ut av oljepengene våre til Indonesia, Brasil og Afrika om å ta vare på regnskogen. Tipper dei som tar imot får seg ein god latter. Meir
godtruande folk enn Ola Dunk..finnes ikkje. Vi kan ikkje berge verda på denne måten..vi aner ikkje kor og korleis dei pengane vert brukt.. Til å berga regnskogen blir dei i alle fall ikkje. Vi har jo vår eigen skog som vi kunne
satsa meir på. Etter det lille eg forstår så binder denne opp ein masse CO2, men den er visstnok ikkje med i vårt klimareknskap. Vi har ein fantastisk og flott vannkraftindustri som våre forfedre og også vi har hatt og har
mykje glede av. Dermed så har vi og ein kraftkrevande industri som gjer rett for seg til d. alminium, og zink er flotte metaller som gjere at ein kan fase ut meir tunge metaller til eks i biler og er miljøbesparande på den måten. Men
vi må slå ring om vannkrafta vår..hadde den sitjande regjeringa fått lov hadde dei seld ut kver einaste generator og vannfall til utlandet. Vi som går i mot det opplest og vedtatte klimahysteriet som styresmaktene pluss
dei som tjener ein masse penger på galskapet hevder, vi blir ærklært som utdaterte og illojale ..vi burde helst gravd oss inne og holdt kjeft. Klart at vi skal vera forsiktige med kloden vår..men vi må bruke innsida på
hovudet og ikkje la oss tulle med. Vi kan og skal sjølsagt gjera vårt. Vi bør tenke oss om, trenger vi 2 og 3 biler i hushaldningen. Trenger vi to svære diesler i båten...neppe. Vi må kort og enkelt bruke hue...
Men må flire litt oppi all elendigheta, når ein tenker på den svenske tenåringen som seiler rundt, sikkert på første klasse , frå klimamøte til enda viktigere klimamøte i ein katamaran til sikkert
mange mange mill. Men ho holder seg unna fly..det skal ho ha.
Du liker denne siden
Leste om ei sykepleiar som fortalde om det å gå på jobb i jula. Som så mange andre måtte ho følgje vaktene sine og stilla opp, om det var jule eller påskeaften og i helligdagane rundt høgtida.
Vi er/var mange som går skift, på bedrifter med heilkontinuerlig skift, sjuke og hjelpepleierar og legar på institusjonar, bussjåførar, fly/kabinansette, flygeleierar, trafikkøvevakning, brøytemannskap, sjøfolk
på ferger, hurtigbåtar,hurtigruter, oljearbeiderar, amulansesjåførar, drosjesjåførar og mannskap på mange driftsentralar. Med andre ord folk som er limet for å holda samfunnet igong også under høgtidene.
Ikkje alle kan gå ut av døra på arbeidsplassen og verkelig ta fri på høgtidene , det var/er mange tusen som må trø til. Gjekk sjølv rundskift på driftsentral i mange mange år. Min jobb
var å ta vare på strømforsyninga til dei tusen heimar og bedrifter. Vi hadde generatorar å starte og stoppe, linjenett og trafostasjonar å overvake, ta i mot feilmeldingar frå publikum. Heilt ok jobb men vi
måtte være på tå hev heile tida. Skiftordninga gjorde at eg ma måtte på jobb 7 påsker etter einannan. Det vart mange julemiddagar også juleaften, sitjande på jobb. Som aleinefar i mange år var det
godt å få sendt guttane over til mora sin familie slik at dei fekk oppleva den vanlige julefeiringa. Den jula fattern blei enkemann og eg morlause ,kom fatteren opp til meg på kraftstasjonen , det vart ein rar og spesiell julemiddag på
mi vakt. Ein julemiddag som eg , som vanlig, måtte ta med frå kafee Rodin. Arnt var ein fabelagtig kokk og pinnekjøttet og riskremen kunne ikkje vore betre. Seinere måtte vi sitte vakt på driftsentralen ute i Haugesund,
også i jula og i påskene. Håpte på fint vær og at stormane skulle gå inn imot landet sørafor eller nordafor våres område. Hvis tordenvær var på veg , kunne vi følge lyn nedslaga på
skjerm og vi ønska i pokkerivold. Av og til nå faenskapet feide innover Vestlandet, lyna blinka og stormen ulte så datt strømbryterane ut , feilmeldingstelefonane gløda og det var å få mannskaper ut. Full trøkk.
Men det kunne også vere stjerneklart ute, fred og ro på sentralen , nøtter og sjokolade i skålene , Chevy Chase i julefilmen på tv. Og på 1erste juledagsmorning kjørte du frå skiftet gjennom ein julepynta
stille , sovande by på veg heim .
Du liker denne siden
Ein skal vera rimelig glad i og opphengt i Hellbillies om ein går til det skritt å kalle Hallingdal og særlig Ål til eit «paradis» på jord. Viss du då ikkje er flyktning som leve i ein konteiner, saman
med dine foreldre og søsken ,i ein øvefylte flyktningeleir på øya Lesbos der nærmaste naboar var noken muslimske gærningar som sloss med kniv rett som det var. Men du hadde då fleire år i
nevnte «paradis» bak deg , før Udi brukte politi med skarpladd gun for å få deg og familien din på flyet tilbake til Afganistand. Eit land der Taliban heller ikkje var så glad i deg , i alle fall ikkje i far
din. Så var det å pakke baggen og å dra sør og vestover som flyktning igjen. Til Lesbos hadde dere, som så mange andre, tatt svingen innom Afrika og utrygg båt over Middelhavet. Så nå satt du her
då, du og bror din og fortalte denne triste historia til NRK sin reporter. Og vi som såg dagsrevyen i går kveld behøvde ikkje undertekstar på TVen for du og bror din snakka flytande Halling. No satt altså du og bror
din der og kasta flate småstein ut i Middelhavet og hadde så inderlig ønska at ringane etter dei flate steinane heller hadde vore i Hallingdalselva . Elva som renn gjennom «Paradis».. Og vi som sitt framfor
tv og får med oss denne historia kan forstå at til og med Hellbillies land kan bli eit paradis for ei som «nesten» er norsk som snakker språket som dei gjere i det forgjettede land . Som sikkert (om mulig) kunne blitt ennå
eit hakk meir norsk og som sikkert hadde fått seg ein jobb som teks turistvert og som hadde kunne framsnakka sitt «paradis» kver gong du fekk sjangsen. Håper det går seg til for deg , bror din og resten av familien.
Du liker denne siden
|
|
|
|
|
|