Blogg

Stort sett så vil vel familiane samlast i høgtida , men I den kulørte norske pressa skriv dei om kongefamilien som feirer på forskjellige stader.. kronprinsparet på Skaugum og Kongen og dronninga på Slottet. Kor prinsessa og sjamanen skulle innta det kongelige julemåltid sto det ingenting om. Kanskje sjamanen er persona no grata i det kongelige heim. Kanskje han må stå ute i kulden og sjå inn på dei kongelige mens dei inntar julemåltida. Men kanskje , viss han ikkje seier noke dumt får komma innafor i den kongelege varmen. For ute hjå gardistane passer han vel ikkje heilt..mange strame karar der, og så for ein som ikkje er så nøye på det og som som kan setta spor både i einaren og toaren går det vel ikkje an å innlosjera han. Ikkje heilt bra det nei. Nei han får lære seg å holda kjeft så havner han nok vinkande på balkongen snart.

Og så var det Gunnhild og Petter Stordalen då som sjølv om dei ikkje lenger er så sterkt smidde ikkje kan feira jul saman heller. De skal visstnok ,som det står skreve feira på kvar si side på jorda – Petter i sin tøffe kamp om å bygga fleire hotell  og bli enda rikare. Gunhild i sin utrøytelege kamp imot hamburgarkjedar.. Så trist verkar denne «tragiske» adskillesen at den nesten får tårene til å pressa på for undertegna. Akkurat den kjensla går fort øve når eg lenger ned på sida får sjå ka Petter ofra på i lønsforhandlingane med sine ansette.

Og så var det enda lenger ut i den store verda.. heilt til Saudi Arabia.. Her har dei som drap Kashoggi (nei ikkje  våpenhandlaren ,men ein vanlig journalist som kritiserte styre og stell i dette korrupte landet) fått dødsdom.  Det gjalt jo sjølsagt ikkje Prinsen  som nok var den som gav ordren…men det var dei som utførte udåden som må ta heile straffa.. Og då er vel alt som det skal være utad i dette landet. Morderane blir vel eit hovud kortare og prinsen som sit som ein Peter O Tool i Lawrence of Arabia , i sine krittkvite gevanter og sin sikkert like kvite samvet og kan  ta i mot andre samfunnstoppar med sitt  krittkviet smil. Det var jo berre ein episode.. No er det business as usual og ingen sundskorne lik skal hindra handel og velstand. Håper at dei komande enkene og dei etter kvart faderlause barna blir tatt godt hand om den Saudi Arabiske stat . Synes familiane fortjener det….

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.