Ein bør alltid høyre på kva kloke folk seier og ta til seg tankane deira og lagra dei på sin eigen hardisk. Og når det på toppen av alt er ein kloke ein som henter ideear frå ein annan kloke føregangsmann.
Som no når Bjørgulf Braanen hentar fram noke av det beste som kjempen Erik Bye kom med i si tid og med sitt fantastiske ve og vel for oss alle i etterkrigstida i Norge.
Braanen trekke fram Ideebanken som Bye i si tid kom med. Ein ideebank
som virka som ein bremsekloss for utflytting og som kunne skapa nye giv i lokalsamfunn. Bye reiste jo som ein virvelvind rundt omkring i landet , ofte med tv team på slep. I 60åra var jo ei brytningstid for landet. Folk som kom frå småplassar
i distriktene ville også ha betre skulegong, dei ville ha anna arbeid, og dermed var det å flytta innover til byane. Distrikta og bygdene vart fråflytta og utpinte.. Det var ei nye tid , ei brytningstid. Bye tok den nye tida med seg
i ideebanken og fann fram til folk som kunne tenka nytt , var villige til å bretta opp ermene , var villige til å satsa,. Også det i ute i distrikta. Han fekk staten med på laget og som laga støtteordningar i DU midlar.
Han fekk folk til å få tru på seg sjølv, våga å ta sjangser. No i ettertida ser vi jo mange fråflytta samfunn ute i distrikta, men jaggu er det mange levande samfunn også. Og dei siste kanskje pga Ideebanken
til Bye.
Vi , som Braanen seier, må kunne læra av denne gode ideen til Erik Bye. I desse tider når sentraliserings spøkelse har vakse seg større og større. Alt skal vera tilpassa EØS normer , reglar som
vert utforma i land dei fleste av oss ikkje eingong har sett vår fot i. Vi må ta makta attende , vi må satsa på eigne krefter , starte ein grønne Ideebank. Henta inn ekspertise, få støtteordningar få entusiasmen
opp i distrikta.. Få ungdommen på lag ..Vi må kunne ta grøn utvikling i vår munn ,utan å tenka på å øydelegga landet med å bygga skjemmande vindmøller. Vi må satse på eige
landbruk..gjera det grønare med å satsa på produksjon som samsvarar med det som er fornuftig tenknin , produsera grønnsaker, frukt,tilpassa kjøttproduksjonen …og å demma opp for hysterit som har så lett for
å overta, og som pengemakta er såflinke til å ta ibruk for å framheva seg sjølv og for å få lov til å voldta landet og naturen rundt oss.
Vi treng ein slike ideebank, kall den gjerna grønne, tenka
fornuftig. Vi må få demokratien på plass igjen,bli eit lag igjen, ungdommen, dei meir etablerte og oss eldre. Som det er no så blir jo nesten alt på bygda svartmalt frå dei nyfrelste, vegarspisande trendye inne i byane.
Men vi veit betre vi her ute …vi veit kem som er den mest grøne, han/ho småbrukaren og kulturformidlaren frå Vikedal , med låge inntekt , lågt forbruk og gammal Hiace, eller den storforbrukande byborgar som
har hyppige flyreiser til dei store byane her i verda og som har hytte på Geilo eller Vågsli vinterstid og i Blindleia som brukes etter påske.