Etter at Denzel Washington, superhelt og pensjonert agent hadde tatt livet av ein ca 20 dystre medlemmer i den russiske mafiaen, i film på Netflix,så tok han ei bok med seg på den lokale kafeen på hjørna Han hadde
som mål å lesa ca 100 viktige bøker ,når han fekk tid mellom all rettferdige kampar mot allslags korrupsjon og jævelskap i det amerikanske lende.
100 bøker skrevne av Hemmingway..Steinbeck, Morrison..oa
,var heilt greitt for denne amerikanske superhelten for å få nok påfyll og jamvekt i livet sitt .
Her heime begynte eg også med Louis Masterson, Zane Gray, Cooper , Louis L'Amore (fekk kjeft av mor mi for eg leste så for
mykje Cowboybøker) men eg pløyde dei gamle klassikarene også. Etterkvert vart det å lesa dei same forfatterane som vår venn superhelten gjorde ++ russerar og ein del tyske og til og med jødiske , ein haug med norske ,
svenske, danske ..noken hundre , kanskje tusen bøker har det nok blitt. Og det heilt utan at det har gått utøve korkje den russiske eller andre mafiaer, sjøl om det har vore både bra og dårlig krim i lassevis.
På nattbordet ligg det til ein kvar tid , i alle fall 3 bøker . Blir det litt langdrygt i den eine boka så hoppa ein øve til den andre. Litt skummelt er det når dei er tjukke og tunge, så kan ein nesten få blåveis
viss ein sovnar ..og boka dette ned.
Kanskje skal ein gå øve til lydbøker og podkast..Fine å ha i bilen i alle fall. Og så er de lettare å flytta på…Hadde aldri gidda å flytta heimanfrå
no , og måtta pakka alle bøkene og slett ikkje løfta på alle bokkassane. Aldri i livet..