Blogg

Vi har nettopp hatt ein storserie på NRK gåande om landsfader Gerhardsen. Og ein kan vel sei og meine ka ein vil om landsfaderen og hans drabanter..men dei bygde opp eit godt velferds system for oss alle etter 2dre verdenskrigen. Derom kan det vel ikkje herska noken tvil.. På 60-80talet var vi vel i vekst og velferdsystemet la ei beskyttande hand over folket. Tillitsmannsordnigane hjelpte oss og passa på oss vanlige lønsmottakere .

Men ett godt 10år etter at  landsfaderen forlet maktens korridorar starta uthulinga og forfallet av velferds systemet våres. Trass i at olja ga oss eit solid spark oppøve og 2 folkeavstemmingar ga solide svar om at vi var og ville fortsatt bli herrer i eige hus, så klarte landsfaderen sin eigen broyler , fru Brundtland og legge lokk på folkeavstemmingane og opne opp for eit forfall som berre har fortsett og vil fortsetta med denne regjeringa. 

Maktas elite har brukt nyliberalisme som brekkstang for å brekka ned lag på lag med opparbeida velstand for det norske folk. Staten skal bygges ned , dei private skal overta..No er ingenting som er norsk godt nok lenger..den norske bonde er det skuddpremie på ..her skal slett ikkje produseres eige mat.. Maten vår skal hentes i utlandet..eliten og matbaronane skal få ennå større makt , tene seg ennå rikare..Norsk kjøtt og produkter er blitt fy. Oppdrettsnæringa gjere som dei vil..dei lyge om rømmingar og forsøpling utan at det får konsekvenser . Penga rår..og det skal heller ikkje betales grunnskatt til felleskapet.

 Konsesjoner for å bygge vindmøller på land har blitt dryssa rikelig utover.. Konsesjoner som igjen blir solgt til utlandet gjennom eit markrote regelverk.. Det er gullalder for lobbyister.. dei presser stortinget til å utnytta og selge landet bit for bit. Dei bløffer og lyge glatt og klare jaggu å få ein store del av ungdommen med seg. Alt er tufta på å berga verden i regi av dei sjølve…og alt er det dollar og eurotegn på.. inntekter av skjemmande vinmølleparkar havner i lommene på rikfolk og dermed gjerne i skatteparadis som Caymanøyane . Eg spyr..og er flaue på dei stakkars ungdommane sine vegne  og at dei  ikkje gjennomskuer dette.. I denne nyliberalistiske tid har vi politiker på regjering og stortingsnivå som har gitt demokratiet på båten for lenge sia.. Her gjelde det å mjøla si eige kake .. Det gjelder å bakke opp kvarandre og susa inn i eliten..og verkeleg få smaka på makt…er det ikkje det nyliberalismen eigentlig handle om? Landsfaderen og godene som den vanlige mann nytte godt av ..for lenge lenge sia… er som eit godt minne..

I arbeidslivet begynner til og med dei på toppane å klage..Dei med god økonomisk utdanning, gjerne frå BI.  Dei er leie av å jobbe etter læresetningar som: «Stramare budsjett betyr ikkje tapt kvalitet ..vi må berre jobba smartare». Dei er leie av å sparka nedover..Dei blir slitne..trenger ein timout oftere..gjerne i syden. Då lure eg på dei lenger ned på stigen..freks sjukepleiere, hjelpepleiere og nedst reingjeringspersonale?  Er vel ikkje rart at sjukefråveret går iværet.

Og rundt det heile svever bemannings selskapa, gjerne utanlandske og stramar inn livskvaliteten til sine stakkars ansette .. «Stramare budsjett betyr jo ikkje tapt kvalitet..vi må berre jobba smartare».. Som med mindre tid på kver pasient..mindre tid på å vaske opphaldsrom og pissoirer. Dei behøve jo ikkje snakke eller ha noke sosialt samkvem med pasientar eller med kvarandre..berre svinge filla og vaskekostane smartare slik at bemanningsfirmaene blir ennå rikare. Og alt hender over hovudet på ein nedkjempa tillitsmanssordning..men med norske politikerar fulle velsingnelse.

| Svar

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.