Nye smilande samferdselminister frå Bømlo..Knut Arild er «vår mann», trur vi.. Men hvis «vår» mann betyr at han vil jobbe for bedre samferdsle her vest..så berre gløym det. .
Dei to siste samferselsministrane bløffmakerane Solvik-Olsen og Dale var og frå Vestlandet, utan at dei levde opp til å vera «våre menn». Dei var jo på toppen av alt også FRPerar som var valde inn på tinget
med hjelp av «våre» stemmer. Store i kjeften svar dei, i beste Frp stil og det var liksom ikkje måte på..
Men så hender det som hender med folkevalde frå her vest, når dei kjeme inn på tinget.
Om dei er flaue over kor dei har trødd sine barne og ungdomsko hen , veit ikkje eg , men ein ting er sikkert og det er at det inntreffe ein ummidelbar hukkomelsesvikt.. Dei gløymer kven som valde de inn og kor dei kom ifra. No starter dei opp
med å bruka all sin politiske kraft med å jobbe for…Austlandet og i særdeleshet Oslo..
Så du er i eit «godt» selskap Knut Arild..og vi her vest har slutta å tru på julenissar.. vi forvente ingen
ting. Vi lover å gjera som vi alltid gjere ..å tella til 10 når samferdslemillionane havnar der aust. Til flotte fleirefeltsvegar med midtdelerar og støyskjerming.. No mangler dei vel ein 50-60mil med jernbane der aust..som kanskje
må/bør komma først.. Og alt under eit grønt skifte som nok koster flesk. Neida Knut Arild, vi lover å ikkje verta skuffa om ikkje 134 kjeme inn på norsk vegplan imot 2030.. For det er jo eit årstal som er
mykje viktigare for alle nygrøne.. Då er det jo berre å legga ned alt som lukte av distrikt og tilhøyrande politikk. Byane med sine banar og snertne tog er å mykje viktigare enn at vi her vest skal bevega oss på livsfarlige
elendige vegar og skamdyre ferger..
Så unnskyld Knut Arild at vi mister meir og meir tillit til deg når du nå er kommt inn i ulveregjeringa til Erna.
Og til alle mine vener som kjeme frå aust for vannskilje.. Vil dokker
ha penger til enda fleire gode vegar og enda fleire jernbanespor og til ein enda sleipare grønare politikk….stem for all del inn politikerar frå vestlandet på tinget..så ordne det seg ..