Frp likner på ein etter kvart tapande bokser.. Ein bokser som har klart seg til 6 runde (6 år i regjering) , som har boksa på heile sitt register frå fyrste runde.. Eit register som er ein blått parti verdig.. Som har slått
eit slag for å fjerna alt frå statlig innflydelse, som har åpna opp for å øydelegga og dela ut til utalandske investorar statlige selskap som Vy, eller Nsb som det het då det var nokelunde norsk og no etter kvart Telenord
som deles broderlig ut til pengefolket. Ein boksar (parti) som har slått ned på all støtte til sjuke, slått vekk arbeidsavklaringspengar, trødd på fattigfolk og sjuke. Som har fjerna støtten til så mangt og
delt ut til dei som har masse frå før. Heile tida så har dei finta, skyggeboksa og påstått at dei er for arbeidsfolk og dei som treng støtte frå samfunnet si sida. Dei hyler på at dei ikkje har fått
gjennosslag for sin politikk, men er det ikkje det dei har fått.., gjennom desse 6 åra.
Etter 6 rundar (6år i regjering) har dei no fått så mykje juling at blodet siler frå sunnslegne augebryn.. Blodet renn
ned i auene og dei ser ikkje godt lenger. No når dei er pressa opp i hjørna og kampen er tapt..tar dei ibruk svingslag i panikk.. dei langer også ut imot sin eigen politikk utan blygsel, dei veiver mot sin eigen stortingsmelding i fiskerispørsmål
om kvotemeldinga. Samma det berre det er populistisk.
For den slagne boksaren no er det tid for å slikka sår, lappast isaman og ta fram dei store orda igjen. Det er tid for å prøva å få folk til å få
tiltru på seg igjen. Ikkje emkelt når ein har gått 6 rundar , tapt halvparten av sine tilhengerar for å ha blittavslørt grundig.
Historia seier at dei tapande bokserane har problem med å reisa seg igjen, kampen om
dei gjevaste tittlane er tapt.., kampen imot heder å ære er tapt. 4% streken nærme seg.. Dei er på veg inn i glemselens dal..og bør bli der.