Blogg

Etter å ha fått med meg mandagsavisene ma Haugs.avis og Grannar om det var verd å skriva om dei 100 mennesker som stabba rundt i Haraldsgt. i surt februarvær ein lørdagsettermiddag , i kamp mot drapsturbinar (vindturbinar) . Det sto ingenting ..dei kunne ikkje bry seg mindre.

No ligg vel Tysvær og Hgs. utafor Grannar sitt ansvarsområde og det er tvilsamt om dei har elbilar som har såpass rekkevidde at dei kan frakta sine journalistar så dei  kjeme seg fram til film og sildajazzbyen og attende.

Så då var det å få med seg ka som sto i Grannar då..og det var ein reportasje frå Dommersnes industrifeltet der det var avbilda topp Sp politikerar frå Trygve Slagsvold Vedum og nedøve til Arne Bergsvåg sitt nivå. Dei var kursing i å bygga opp havvindprosjekt, noke Vedum hadde tor tru på. Eit fabelagtig prosjekt med grønnt stempel på seg. Han hadde tru på landvind også , men fortalde at her burde jo kver kommune ha siste og avgjerande ordet. Ikkje lite berre det, i disse tider då vinglepartiet Frp meiner det motsette.

Kursinga til Sp toppane slutta visstnok her på kaien på Dommersnes, det vart i alle fall ikkje skreve om dei på sin påfyllingstur snakka med fiskerar som har desse fiskebankene som vert ramma av skogar av drapsturbiner i eiffeltårnet sin storleik . Det var visstnok ikkje intressant. Mykje viktigare er det jo å få med seg kva Ekvinor sjefane drive med .

Ellers i Grannar var det ei heilsida om eit lakserøykeri som satser stort både her og der . Røykelaksen var tilsatt cocnac så her var det visstnok verkeleg duka for ein smaksoppleving av dei skjeldne.Skulle ikkje forundra meg om slik satsing er inne i det grønne skifte også.. For min del så samanliknar eg alltid røykelaks av oppdrettslaks med røykelaksen frå den nesten utdøydde atlanterhavslaksen som vi hadde i gamle dagar. Då fell oppdrettsrøykelaksen igjennom med eit smell både på smaken og på fargen. Fargen er mykje meir blassare og lysare liksom…kan det vera pga av cocnacen?

Ei lita motvekt kanskje så var det eit lite avsnitt i Grannar  om at lusemiddel tilsett i laksefor drep hummerlarver..

I Hgs avis sto det ingenting av betydning (for meg) så eg havna på teikneseriane..dei var bra..

Høyrt om om professor Francis Fukuyama? Ikkje eg heller før eg las at han hadde vore på eit besøk i ei fancy tankesmie i hovedstaden. Professoren er ein mann som reiser verda rundt med ei glasskule, som han ser i framtida til oss alle i. Ser politiske omskifte og tar oppgjer med det som har vore og kvifor  det er slik. Ingen liten bagasje å reisa med rundt om på moder jord.

Men i allefall så var det ingen lystelig veg som låg frafor oss.. Så hvis dei politiske toppane som var tilhøyrerar på seansen var av den edlare sorte og som heldt demokrati og rettsikkerheta høgt så vart dei skuffa øve ka Fukuyama såg i glasskula si. Det var andre krefter som ville overta. Vår way of life var trua, og det var ikkje frå ideologiar austante som E-Tjenesten og forsvarsminister advarer i mot . Nei den ville komma frå indre politiske krefter som ville hula ut våres demokrati innanifrå.

Ikkje vanskeleg å vera enige med han når vi ser demokratiet våres rotnar på rot.. Det har vi vel sett i alle fall dei siste 30 åra og den siste regjeringa har vel akkslerert utviklinga. Landet våres selges ut bit for bit , all reel makt i eige hus forsvinn som dugg for sol, alle våre goder i helse, arbeidslivsreglar , skydd i vanskelege livs situasjonar forsvinn litt etter litt. Ein hovedstadsbasert politisk elite  overkjøyre og bestemmer over oss med jernhand og list.

Fukuyama meine vi må halde på det lille skinn av demokrati som vi har. Vi kan jo bli kvitt «overgriperane» med å ikkje stemme på dei partiene som er verst..Og det skal/ bør vi gjera. 

Han hadde heller inga tru på at klimakampen ville eina oss. Og også her kan vi retta opp handa å vera einige. Vi som er motstandre av vinturbinar har jo sett og lest oss opp på hykleriet til utbyggere som for død og liv sksl ha dette inn i det grønne skifte.. Verre bløff har vi knapt nok sett..

E-sjef Morten Haga Lunde vil ha oss tilbake til den «kalde krigen» sine dagar. I ein tale auser han is nedover tilhøve mellom Russland og Norge. Vi må forstå at  Ivan (Putin) påverkar oss og at han speler på motsetningane i det norske samfunnet. For vi i sør er visstnok skeptiske til Ivan ,medan dei i nord og då spesiellt Finnmark vil ha ein god tone og samarbeid mellom landa. Eg trudde at vi alle ville ha eit godt tilhøve utan spenning mellom våre land ..og eg bur i sør. Men Haga Lunde durer i veg og erter på seg fleire ordførerar og brubyggerar i Sør Varanger. Rart (eller kanskje ikkje) at denne utblåsinga kom no.. I førre uka satt etaten i rettsalen for å ha blitt annmeldt av Ølen Betong sine medarbeiderar for ka dei hadde vore utsett for pga av mange merkelige vervingsforsøk frå etaten . Skal bli spennande å følgje den saka.. For ikkje så lenge sia kom det jo også ein av deira spionar heim frå kulden.. Ein annan amatør, Frode Berg , som dei hadde pressa til å jobba for seg og som måtte betala dyrt med 2 år i Putin sitt fengsel.

Med dette bakteppe var det vel kanskje på tide og brøla litt og visa tenner..statlege bevilgningar er vel også på trappene.

Etter Utøyatragedien er vi vel alle enige om at vi treng ein E-tjeneste, sjøl om dei ikkje den gongen greide å fanga opp han utøvande galningen. Dei påstår at dei har avverga seinare terror angrep , det er jo bra ,då gjere de jobben sin. Den jobben har de neppe gjort når dei hankar inn amatørar, rett frå gata til å utføra etteretning i eit framand lukka land.. Jobben deira er å avdekka sikkerhetstruslar og la dei folkevalde avgjera ka politikk som skal føras. Og dei må for all del ikkje mistengeliggjera brubyggerane oppe i Finnmark og og kvela fredsarbeidet deira.. Vi vil ikkje inn i ein kald krig igjen og vi vil leva i fred med Ivan. Likevel bør vi  bygga opp vårt eige forsvar igjen for å avskrekka ein ev. fiende og ikkje for å angripa land som Libya og andre land som vi har gjort no dei siste 20åra..

Ein kompis kom innom kaffe og nylaga brownis kom på bordet Vi snakka om laust og fast..og eg spurte etter ungane..Jo… jenta hans som budde i Stavanger ,hadde flytta leger sør utafor bygrensa..Hadde  fått jobb og bustad utafor bomringen…Sparte 35000++ i året. Gode pengar i ein eller tøffe økonomi viss dei skulle bevega deg innafor bomring . Jobbkjøyring, henting/bringing av ungar etc.

Les om bebuerar på Oslo aust som jobbar utafor hovedstaden, som er murte innafor ein bomring tettare enn Berlinmuren og mykje meir kosbar.

Ser fortvila øybuerar i NordNorge, Sunnmøre  og elles nedover Vestlandet som får kostnaden av elektriske ferjer tredd nedover øyrene..Ferjebilettane som frå før av er høge nok har stege skyhigh over 50%..

Og eg ser på livsfjerne politikerar på tv og nett som er i ferd med å øydelegga eit distrikts Norge og rasera all hjelp til pendlerar.. Som øydelegg for folk som driv i turistnæringane landet over , for det blir.. snar for dyrt for pensjonistar i bubil og for barnefamiliar med innleigde campingvogner å bevega seg rundt omkring i kongeriket.

Og eg ser på vinturbinparkar som blir sette opp rundt oss, med grønnt lys av dei same korrupsjonpolitikerane..med et ja frå eit NVE som er som ein stat i staten og som sender spytteklyser ned på kommunane sine rettigheter og som synes at er ok at vindturbinparpengane vert sendt til skatteparadis

Ja eg skjære tenner berre Erna og noken av dei andre livsfjerne som trer dette ned over hovudet på oss, sjølv om ikkje teknologien (lading av ferjer) og andre ting er på plass, kjeme med sleske smil og messer nedover til oss om det grøne skifte… Ka som driver dette politiske individa  er ikkje godt å vite..er det for at igjen Norge skal vera best i klassen..slik som vi er med U.hjelp, at vi skal berga verda med den 0,001 promillen sparte i utslepp. Er det for at dei skal skue utover ein sal i EU eller FN , slå seg på brøstet og ropa ut…Look to Norway…Look to the government in that country…   Eg grøsse.

Bakom disse politikerane ligge landet med brukket rygg..Men dei kunne ikkje bry seg mindre..Dei som kjøyrer elektrisk , supsidiert og lønna og som har sugerøyra sine djupt nede i statskassen til framtidige pensjonar.

Om dei har øydelagt demokratiet og trødd på grunnlova vår, så må til og med ein djupt statlig sponsa politikar følga dei fysiske lover. Så når den tida kjem, så håper eg Vårherre er vaksen nok å visa dei tommelen ned.

Noken gonger om dagen hopper Ayla og Dolly, vovvane ,  opp i fanget for å bli klødd skikkelig og for at vi kan ha ein meir og mindre meiningsfylte samtale. Eg lese litt på face eller i avisa til de ..og vi diskutere litt. Dei logre litt og ser på meg med store svarte augo og er stort sett enige i det eg les .Men ikkje alttid er det like lett å få gehør..som i dag då eg skulle forklare de at politikerane i Etne ikkje ville være med å støtta vaktordinga i ein lokale smådyrsklinikk. Ei teneste som berre ville koste 40000 og som alle andre kommunar på Haugalandet er med på.

Augene til vovvane svartna då eg prøvde å forklara dei at ikkje var vørde såpass av kommunedirektøren vår og som kom med råd til ordførar og eit tafatt kommunestyre, at livet eller at alvorleg sjukdom kunne oppstå ,ikkje var verd lusne  40000 i året.  Hjalp ikkje å sei til vovvane at toppskiktet i kommunen hadde vist store handlekraf  til å spare..… Og eg måtte jo vera enige med Ayla og Dolly , at det var ein knøttliten sum samanlikna med ka kommune spissane tjente i året. Begge vovvane kmurra litt då eg fortalte at ein ordførar hadde ca millionen i året og at han med den flotte tittelen kommunedirektør hadde ennå meir…

På spørsmål frå dei, vikla eg meg inn i ei forklaring på ka ein som hadde så fine tittel og med så gode lønn gjorde på…

Eg prøvde meg på at han nok tjente så mykje penger pga av at han skulle spare penger for kommunen… Den beit verken Ayla eller Dolly på og dei knurra slik at eg forskrekka slapp de ned av fanget…

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.