Blogg

 

Ein båtur på 320nm i nyinnkjøpte snekke unnagjort på ca 32 timer , i nydelig haustvær , frå Sætre på Østlandt til Skånevik på Vestlandet, er berre flott, eller skal iallefall vera det.  Landet ligge der inne , så med ei hand på rattet kan ein ta inn det flotte synet av gamle vakre Norge som ligg om styrbord ..Set ein kursen litt tettare inn imot land, ser ein detaljar som strender , nes, blankskurte berg, skjær med skumsprøyt rundt, foræderiske grunner der sjøen drar seg til der bølgene vert krappere og djupare. Over dette, og lengre inne  ser ein flotte hytter , hus og  småe landsbyar , landformasjonane er ikkje høge og heldigvis kjemisk frie for uskjønne vindturbinar.  Her har ikkje utanlandsk kapital og korrupte poitikerar ennå ikkje fått fotfeste..ikkje ennå i alle fall.

Men alt har ein ende . Når ein tøffer ut frå Mandal etter dieselpåfyll og noken innkjøpte  bæreposer med mat , gler seg til å få sjå Lindesnes fyr i det fjerne noken sjømil lengre framme , så daler humøret ned imot null. Lenge før ein får sjå fyret så ser ein noken svære kolosser som veiver på Norges sørligeste nes. Ein grøsse på ryggen og  setter kursen inn i mot Spangereidkanalen for å komme unna dette jævlige synet. Ein går indre lei imot Farsund og  stålsette seg imot det som venter ein langs Lista. Her og nordover imot Tanager på Jærkysten er dei låge fjella imot kysten pepra med hundretall av vindturbinar. Det er eit trøstesløst syn og ein blir rett og slett sure og lei seg . Sønnen min som er med meg på turen ber meg gå ned i den mørke lugaren så eg slippe å sjå dette forferdelige synet. Han vekker meg ikkje ikkje før vi ha Kvitsøy på tvers og vindturbinane langt bak oss. Haugalandet reiser seg forut og er enn så lenge stort sett fri for desse turbinane, men dei er planlagt ..imot folk og ordførar sin vilje, i Tysvær.

I Haugesund vender vi ryggen til eit par av desse veivande fingrane som er sett opp med Sveitsisk (og norske skattepengar)kapital .

Med svinnande dagslys i mot stummande mørke,går vi med augene stivt festa  på kursstreken på plottaren ut imot Sletta og Bømlafjorden på veg oppover og på veg heim..Streken viser sikker veg mellom holmar og skjær som Bloksen. Bloksen som ennå ikkje har fått lykt på seg, iallefall ikkje ein som virker.   Her er det ikkje ikkje vindturbinar å sjå , men her må ein passe på å ikkje kollidera med eit 20tals lakseoppdrett .

Det er rart det der at det er vi Vestlenningar og Rogalenningar , Møringar og  Trønderar som må ha dette svineriet rett utafor dørstokken vår. Østlenningane og til dels Sørlenningane er fritatte for jævelskapet…ennå.

Vi kan i alle fall bli enige om er at  ein del ting som kan vera dødsviktig for noken kan samtidig vera  totalt uinteressant for andre. Som i beste debatt tid i Dagsnytt 18 der ei vakker mørke dame fortalte at ho kjennte seg utrygg når ho sette seg på ein spesiell benk i Botanisk hage . Grunnen var at benken rett og slett var donert og sett  opptil  til ære  for vitskapsmannen  Linne og som dermed sjølsagt bar hans  namn .

 Ein benk med rett namn sett  på rett plass ville eg tru. Men det meinte ikkje nemnde dame som hadde fått ein ivrig SVar frå bystyret i Oslo med seg som meiningsfelle. For Linne hadde visstnok eit tvilsamt menneskesyn som var reinspikka rasisme meinte paret. Ikkje det at eg kjenner Linne sitt arbeid og vesen godt, men eg trudde i alle fall at han var ein hardt arbeidane svenske som hadde gjort mykje for  å katalogisere planter etter mange mange års studier i faget.

Men no var også den gode svenske havna i det dårlige selskap som ma vår lokale heltar frå barndommen, Torbjørn Egner, Tordenskjold og dei engelske Churchill og Admiral Nelson.. Dermed måtte eg google han , men fann ingenting om at han hadde gjort så mykje fælt at at dama skulle kunne kjenna seg utrygg av når  ho sat  på benken som bar hans namn.

Derimot leste eg at han hadde tråkka litt på ømme prestetær på den tida, rundt 1750 for han hadde katogerisert menneske og aper i same klasse…utan at eg kjennte meg noke fornærma av den grunn.

No er vel vallistene til dei forskjellige partia så godt som ferdige. Ikkje at eg bryr meg så voldsomt…men tipper at for AP så er vel dei bemidla, dei med opptil fleire mastergrader, dei som har ei universitetsutdanning, kanskje ein broiler og to som satser på ein sikker framtid som vel 3-4 periodar på Stortinget gjev. Broilere som kjeme frå heimar der far eller mor har trødd i sikre AP fotspor heilt sia Gerhardsen.. Om dei ikkje har hatt arbeidsklær eller vernesko på..ever, spelar kaine rolle arbeiderpartiet er rause slik..Dei ser heilt vekk i frå slike småting. Mykje viktigare er det om du har orden på millionane du har i banken og fond, eller at du allereide har fartstid i gutteklubbane.. og sosiale antenner oppover. Og mangler du noke av dette så ordner det seg nok etter ein periode på Stortinget.. Aller helst bør du også ha antennene retta utaskjærs..ikkje imot England forståes, men imot Brussel. Og om du kjeme inn på Stortinget så må du tåle at partipisken viser at alle vegar, i alle fall dei nye fører inn imot Oslo. Du må vera beredt til å gløyma kor du kjeme i frå og dei feite valløfta som du la ut som agn for å komma inn . Og i Oslo AP sitt varme lune finnes det knappt ein arbeider lenger..berre typer av det menneskematriale som er ønska ovanfor. Her lever direktør ditten og direktør datten det gode liv som har syltynne grenser til korrupsjon og kameraderi. Her er det såklart ikkje plass til ei husmor frå Sortland, ein støperiarbeider frå Odda, ein nyslått nordmann frå Syria som malte heile båthust aleine på dugnadfor å få innpass eller ein sinna pensjonist frå Etne. Så klart ikkje. Slike typar finn dei kanskje plass for langt nede på listene. Og ikkje på sikre plassar…så klart.  Kanskje på tide å endra namnet Arbeiderpartiet til noke som står meir i stil med millionærane og dei som er på toppen i partiet. Arbeiderar er dei så visst ikkje.

I går sette eg meg godt til rette i min  gode raude skinnstol frå Ekornes..og sovna. Har alltid vore litt fan av sunnmøringen som lager behagelige møblement i bøtter og spann. Det vil sei heilt til han selde seg ut til Kina for ein milliard. Då veit vi ka som hender..for til slutt blir fabrikken på Sykkylven demontert og frakta austøve..Som kineserane td gjorde med Smelteverket i Odda.. Kver ovn,maskin og kver skrue var demontert og sendt halve verda rundt…Attende sto det gamle murvegger med grafitti og eit  samfunn i krangel.

Men  i denne freda ettermiddagen/ tidlig kveld sov eg godt og hadde ein fantastisk flott draum. Eg drøymde at seminarflyet il Tangen flaug seg vill i campagne tåka…Eg trur dei tilslutt havna i Nord Korea eller var det på ein flyplass lengst nord på Grønland?—Ikkje heilt sikker her..men det var i alle fall heilt umogelig å  komma vekk derifra.. Det ufriviljuge opphalde varte bortimot eit år. Tenk deg ein heile flylast med korrupte politikerar, museumsfolk og ein masse hangarounds og blodigler på toppen i det Norske samfunnet…som toppe dette kameraderiet.  Tenk deg heile denne gjengen sett ut av spel eit heilt år..ikkje rat at det var ein draum til  6 på skalaen.

Du kan skjønna at eg nesten fekk sjokk då eg vakna til Fredrik Solvang sin debatt på tven og der sto sjølvaste høgresleipingen himself Torbjørn Røe Isaksen og der var også Frp sin yngling og bløffmaker Dale,, Ap sin storfresar Støre… Uff a meg for ei kjipe uppvakning…

Tenk om ikkje Trond Giske , i fylla , ikkje hadde hatt den merkelige oppfatninga at han var Guds gåve til kvinna. Slik var det at når promillen pluss testoteronet vart sugd ned så vart den sunne fornufta sugd ut. Viss inntaket hadde vore litt mindre, så hadde han hatt mange fleire kvinnelege vener..som han ennå ikkja hadde «krenka» med lugubre tilbod på sms. Og viss han ikkje hadde «krenka» ho siste, (var det for 6 år sia?)  så hadde han i dag vore på toppen i Trøndelags Ap no og vore ein farlig konkurrent til Oslo mafian i partiet , og kanskje til og med blitt vald inn som statsminister.

Tenka seg til , at ein..1- stakkars sms, kunne velta så store mann. Alt det andre før 2017 hadde han vel fått syndenes tilgjeving for? Eller hadde han ikkje det? Vg filsnutte spøkte vel i bakgrunnen ennå, det kunne jo vera sant?  I Tr ønderAP kan du ikkje trø feil og rekna med tilgjeving. Det kunne freks Søviknesen i Frp og han raste inn som minister.. her er nok takhøgden større.

Trond Giske burde kanskje satse på ein nye karriere som dansebandmusiker . Her er det muligheter og eit litt anna kvinnelig publik som nok tåler ein litt vågal sms og to utan å bli krenka. Kanskje han til og med kunne gitt Rune Rudberg kamp om kem som har mest testotreon.  1001..1002..1003

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.