Blogg

Ikkje kver dag eg har finskoa på , men av og til må dei til pers. Som i går då vi var i ein konfirmasjon i byen (Hauges.) På førehand låg svartedressen  , svart skjorte og lyst slips klare (gjort ship shape av Solfrid som vanlig), så det  var berre for undertegna å henta fram svarte finsko frå skapet så var denna gutten klare for den norske kyrkja med etterføljande matorgie. 

Eg treiv tak i dei svarte ecco skoa , ein personleg favoritt frå tidleg år 2000. Dei har bore meg igjøno konfirmasjonar, begravningar og til og med mitt eige brylupp. Alltid å stola på, ein liten shining så har eg gått skadelaus i alle dessa åra. Er ingen skofrik , men ecco er vel italiensk og det var vel dei Mink deVille song om på åttitalet ,så det  skulle borga for kvalitet .. Vel inne i Norheimskyrkja la eg merke til ein mengde svarte partiklar rundt skoa. Ka i all verda hadde eg trødd i no når eg ein sjeldan gong var i Vårherres hus?    Men på veg ut til parkeringsplassen minka det på skotøiet under meg og det var så vidt eg kom meg inn i bilen før dei italienske datt av. Ikkje pga bruk, men kanskje at dei var så haugamle ,så hadde tidas tann ordna med ein rotneprosess av solane på skoa. Dei smuldra rett og slett opp. Ikkje hadde eg skobyte med, men mine svarte strømper (utan resor, garantert svenske) klarte biffen og bar meg inn i lokalet der vi feira ein vakker konfirmant og kjøyrte i oss alt for mykje kaker..

Alt i alt ein artig og fin konf.  Eccoskoa har no gjort si siste plikt og er no stedt til kvile..Takk for følgje.

For lenge sia , i Portugal, var eg på tyrefekting. Familiar, barn og vaksne ,satt på tribunen og overvar seansen. Ute på sanden «kjempa» matadorane med tyrane ..ein litt ulik kamp, for det var jo alltid tyren som trakk det kortaste strået. I Portugal fekk ikkje tyren nådestøtet etter kampen, men veien gjekk nok til slakthuset for blodet fossa og skadane var store.. Matadorane fekk seg nok rifter og småsår ..men det vart nok lett ordna. I nabolandet Spania tar matadorane (toreadorane) livet av tyrane med meir eller mindre velretta kårdestøt. Og heile tida var det eit stort raudt tørkled som var matadoranes verktøy til å lokke, snu og vende og opphissa dyret, OLEE.

I nabolandet til Spania, Frankrike, bruker dei ein litt anna variant enn tyrefekting og dyr..Her bruker matadorane , i staden for raudt tørkle , bilder av ein naken og latterliggjort profet i sine «kamper» for ytringsfridom. Noken gonger går det gale i denne forma for «i ytringsfridomens namn», matadoren vert sjølv drepen . Heilt vanvittig sjølvsagt og tusenvis av menneske viser avsky i Paris sine gater.

PÅ søndag angrep to kvinner ein fransk algerisk barnefamilie og knivstakk to i følge , som knivstikkerane kalla «skitne arabere» . Desse «skitne» hadde jo sjølsagt ingenting med halshogginga av læraren å gjera ..dei var vel berre på feil plass til feil tid då dei fekk knivane i seg. Og om de hadde mista livet hadde vel heller ikkje franskmenna gått mann av huset  for å visa sympati..trur nå eg.  Så kampen for å visa bilder av ein naken profet og ytringsfridom , har sine offer både for  den eine og for den andre sida..Kampen for ytringsfridom er viktig , men må alltid målet helliger middelet? Eller er det det ypperste for å oppnå ytringsfridomen å visa ein latterliggjort profet.. ?  Tviler..

Eg var den glade ja skikkelig glade givar til organisasjonar i mange mange år. Sette ikkje eingong eit spørjetegn kor alle millionane (eller dei 200-300 kr frå meg) vart av i det store pengesluka. Eg var nett som indremisjonsdamene som Klæbo skreiv om på det glade 50-60og 70 talet. Dei som , i kvar ledige stund sat og strikka ullstrømper til Afrika . Strikka gjorde eg ikkje ..men eg ga i alle fall pengar  som eg håpte kunne hjelpa til med ein brønn her og der , eller kunne setta fattige damer igong med prosjekt som skulle redda verda , eller i alle fall landsbyane deira.

Raude krossen var jo aktuell i fleire år og vi såg for oss samfunnsnyttige ting som nye snøskuterar til neste påskevakt og enda nyttigare ting som å ta seg av dei eldre og i det heile vera ein spydspiss for eit rettferdigare og betre liv i kongeriket. Til desse tømde eg pungen år etter år heilt til eg forsto at dei gjekk på børs med dei innsamla middelane. Då var det jamt slutt for min del.. Ikkje ei krona meir frå meg.

Så også med den inneverande innsamlingsaksjonen.. Det er jo eit par år sia no at plastkvalen på Sotra fekk oss til å sperra augene opp og begynna å forstå problemet. Det vart satt igong strakstiltak og alle båteigerar som eg kjenner sto på å plukka plast lengs vår eigen kyst. Men etterkvert som myndighetene syntes å ha mista interessa og begynte nærmast å skattelegga dei som kom inn med lettbåtane halvfulle i plast. Store kontainere som før sto klare til for å  ta imot innsamla plast vart trekkte inn og folk fekk store problem med å verta kvitt all plasten dei kom med. Innsamlerar med tilhørighet i WWF såg vi heller ikkje snurten av…

Men så i år så sto altså WWF fram og forlanga truverdighet for at dei skal stå i bresjen for å samla inn plast på verdensbasis. Javel...men skal vi ikkje feie for eiga dør fyrst..eller betre rydde opp langs vår kyst først, før vi auser ut penger til baktunge organisasjonar som først å fremst skal smøre sine eigne hjul? Vi har ma ein organisasjon som heiter øvesatt til norsk: Vi er i same båt. Dei plukkar metodisk i kver vik og rundt nes..men dei MÅ BETALA for å bli kvitt plasten som dei kjeme inn med. Herregud kor er logikken til myndighetene.. dei spyr ut millionar til rikmannsklubben medan dei dekker opp det tapet med å ta inn avgift for innbrakt plast frå frivillige organisasjonar her til lands…

Så årets innsamlingsaksjon føyer seg fint inn i rekka som eit slags avlat for våre synder. Vi kjøper oss fri for all synd med å gje pengar til slike organisasjonar som skal frelse verda på den eine eller andre måten…hvis dei då ikkje gjere som Raude kross då..går på børs med de .

Småkraft A/S ..Når ein smaker på ordet så synes det nesten som  fred og fordragelighet . Eit koslig lite A/S ..rett borti svingen ..som nå nettopp har lagt ennå ein friske bekk i rør. Men det begynner å bli mange av de nå.. Dei fekk jo «grøne» sertivikat og skal jo vera det rette for miljøet vårt. Vannkrafta, dei store kraftanlegga ,vel og merke ,er vel ennå eigd av oss nordmenn.. Det merkes vel og på beskatninga ..som er på topp for desse store. Men dei små anlegga , småkraft, dei er , i alle fall mange av dei, eigd av utlenningar. Og desse blir jo heller ikkje skattelagde på same måten. Nett som med vindkrafta..der det etter dei norske styresmakter ønske er betre å   støtta opp om milliardærselskapa som salter ned statstøtta som dei tar i mot i skatteparadis på lugubre øygrupper. Betre pengene havner der seier Høgrebanden som styrer kongeriket no , , enn  at dei skal komma norske skattebetalere til gode. Alt for den frie flyt si skuld og for den velsigna kapitalismen.. At det blir laga sår i naturen som aldri vil gro..det lyt vi tåla seier bandeleierane i NVE og regjeringa. Konsekvensanalyser vert bestilte i forkant av naturraseringane og viss dei seier noke anna enn det bandeleierane vil..så vert det bestilt ein nye som er tilpassa ønske.

I desse dagar selde ein grunder her i Etne , eit lite kraftanlegg som han har byggd ut i Skånevik. Valdraanlegget  skal produsere 9 GWh som , etter NVE sitt utsagn skal produsera nok straum til 430 husstander. Grunderen treng kapital så han sel seg ut til Småkraft A/S . Til eit norsk selskap? Å neida det er så tysk som noke. Aquila Capital som er eigd av eit tysk fondsforvalterselskap. Og det er ikkje det einaste småkraftverket som herrefolket eig..det er mange..mange.

Men det drypp penger attende til grunneigerane som sitt på fallrettane då. Ingen veit kor mykje ..men det bør vel halde til eit par sydenturar i året..ja etter koronaen då. Det har også dryppt attende på ein kompis av meg som er næraste naboen til sjølve kraftstasjonen. Drypp med minus fortegn..for han har fått ein jamne dur med for høge desibel , rett inn i stova og soverommet sitt. Ein dur som er der heile tida..natt som dag. Og no blir det vel ennå verre viss han i fortvilelse vil klage.. Til eit tysk selskap med adressa på Caymanøyane? Eg misunne deg ikkje Lars og frue.. Eg har budd attmed kraftstasjonar sjølv ..i mange mange år.

 

Ein av våre nye landsmenn som begynte på vidaregåande i Åkra vart skamlurt av ein kjeltring som skulle selge ein bærbare pc. Ungdommen trudde han var rimelig trygg då kjeltringen hadde oppgitt både sitt eige bankkt nr og telefonnr og overførte 6000 som pcen skulle koste. Men ingen pc dukka opp . Lærerane til guten på vg skulen engasjerte seg og med innsamla dokumtasjon stilte de mannsterke opp på politikammert for å anmelde kjeltringen. Men politiet kunne ikkje ta saka pga manglande kapasitet som det vart sagt. Rart..for litt seinare i skuleåret troppa de mannsterke opp for å klippa mopedskilter til medelevane til den uheldige. Mopedene gjekk visstnok litt for fort pga av trimming. Klart de må slå ned på slikt..her var kapasiteten på plass.

Det er den også når vi leser på mandags morgen at politiet hadde hanka inn ein trøytte ungdom som hadde vore på nattlig besøk til sin kjære, natt til søndagkl0330 . Lett i kroppen , men med litt tunge høgrefot  hadde han kjøyrt i 15km /t over fartsgrensa, som var 60km..heilt forferdelige greier altså.

Kapasitet så det hold har også politikorpset når dei vert leigd inn som private vaktstyrkar til vindbaraonar og passar på at desse får rasera moderlandet i fred. Då står det gulstripa policebilar i kø på aude fjellvegar og yttert på den nakne ø.

Kapasitet og iver som dei kanskje ikkje skulle hatt er når dei skal hjelpa det norske helsevesen med pasientar av den meir psykotiske art. Då væpner dei seg og gløymer alt som dei har lært om korleis dei skal avvepna med forsiktighet og ro….då er det skarpe skudd som gjeld.

Dette er ting som tærer  i tiltrua til ein slik viktig etat. Dei har..som det norske arbeiderparti har i dag…..ein jobb å gjera.

Nyeste kommentarer

04.03 | 06:47

kjekt å følge deg her,fine motorsykler du har hatt..men "riskokern".. trenger mange hester for å få det dreiemomentet..i motsetning til andre mc med lyd

07.09 | 12:57

E det kniving mellom Skånviksbuen og Etnesbuen endå Thorleif.....

21.06 | 12:00

Thorleif! Godt skrevet. Måtte mange besøke bloggen din!

07.02 | 10:45

På skulen leste klassen om Laila og om Jompa på ski etter ulven. Nokre samiske ord fekk me også lera, men dei fleste er gløymde i dag.